Diaré hos vaksne

Diaré går som oftast over av seg sjølv etter nokre dagar, men medisinar kan brukast i enkelte tilfelle. Er du svært sjuk, bør du kontakte lege.

Denne informasjonen omhandlar diaré som kjem av ein bakterie- eller virusinfeksjon.

Kva er diaré?

Kjenneteiknet på diaré er laus, ofte vasstynn, og hyppig avføring.

Diaré som er forårsaka av ein bakterie- eller virusinfeksjon, blir på fagspråket kalla enteritt eller gastroenteritt. Mikrobane kan komme frå infisert vatn, mat eller via ein annan person med diaré.

Smitte frå person til person skjer for eksempel ved at du tar på noko som den sjuke også har tatt på, før du tar deg til munnen. Då blir mikroskopiske delar av avføringa til den sjuke overført. Dette blir på fagspråket kalla fekal-oral smitte, som betyr «avføring til munn»-smitte. Du kan hindre at du overfører smitte til andre, ved å vaske hendene godt når du har diaré.

Ein annan vanleg smitteveg er forureina mat eller drikke.

Folk får ofte diaré på reiser i utlandet. Derfor kan det vere føremålstenleg å ta med diarémedisinar til enkelte reisemål.

Symptom på diaré

Laus, ofte vasstynn, og hyppig avføring er det vanlegaste symptomet. Kor ofte ein får det, er dels avhengig av inntak av mat og drikke. Oppkast og magesmerter er vanleg, og det same er tørste. Urinen kan bli svært konsentrert og såleis mørk fordi væsketapet gjer deg uttørka (dehydrert).

Væsketap og uttørking er det farlegaste ved diaré. Det kan gjere deg sliten, søvnig og i verste fall gi medvitstap og død. Diaré er farlegare for små barn, sjuke og eldre menneske.

Du bør kontakte lege dersom:

  • Diareen er så kraftig at du ikkje greier å få i deg nok mat og drikke.
  • Du har feber og dårleg allmenntilstand.
  • Du har blod i avføringa.
  • Diareen ikkje gir seg i løpet av ei veke.
  • Du er helsearbeidar eller kokk.
  • Du er nyleg utskriven frå sjukehus.

Det hastar å få tak i lege dersom du er så dårleg at du ikkje får i deg mat eller drikke.

Dersom du arbeider i helsevesenet eller som kokk, blir du ofte sjukmeld lengre enn om du har eit anna yrke. Kor lenge du må vere borte, er avhengig av kven og kva du jobbar med, kva slags infeksjon du har, og om det trengs kontrollprøvar for å stadfeste at du er smittefri. Snakk med fastlegen din om dette.

Førebyggjande tiltak

Handvask, spesielt etter at du har vore på toalettet og før du skal ete eller drikke, er svært viktig. Dersom du reiser til eksotiske stader med enkle sanitærforhold, bør du unngå å drikke eller ete:

  • isterningar eller springvatn
  • salatar og rå mat
  • kalde dressingar og sausar
  • buffémat og mat frå gateseljarar

Behandling av diaré

Det viktigaste er å få i seg nok væske. Drikk lite om gongen og ofte. Reint vatn saman med litt sukker og salt fungerer bra. Nokon drikk Farris med saft eller eplemost. På apoteket kan du kjøpe sukker- og salttilsetjingar som du blandar i vatnet. Dei er laga for å erstatte saltstoffa som du mistar med avføringa.

Koffeinhaldig og svært søt drikke bør du unngå, fordi det kan forverre diareen.

Du bør òg prøve å ete små måltid med for eksempel kjeks eller brød, sjølv om du må på do etterpå. Dersom du ikkje får i deg noko næring, blir du fort svak.

Medisinar

Diaré kjem ofte av virus, og det er sjeldan ein blir behandla med antibiotika. Antibiotika er legemiddel som drep bakteriar. Sjølv diarésjukdom som er forårsaka av bakteriar, går ofte over av seg sjølv utan behandling med antibiotika.

Overforbruk av antibiotika kan føre til at bakteriane blir resistente, det vil seie motstandsdyktige, mot legemidla og såleis farlegare. I tillegg kan antibiotika gi unødvendige biverknader.

Dersom diareen ikkje går over etter ei veke og du har dårleg allmenntilstand eller feber, kan ein ta ei prøve av avføringa. Det er òg aktuelt å undersøkje avføringa dersom du jobbar med sjuke menneske eller mat. Dersom det blir påvist bakteriar, kan ein vurdere behandling med antibiotika. Er du svært sjuk, kan du bli innlagd på sjukehus.

Det finst medisinar som dempar aktiviteten i tarmen, utan å gjere noko med årsaka. Forsking viser at legemiddelet loperamid kan avkorte diarésjukdommen noko. Legemiddelet får du kjøpt reseptfritt på apoteket. Legemiddelet bør berre brukast ved sterk diaré, for eksempel før nødvendig heimreise med fly, og skal ikkje brukast av personar under 12 år eller ved blod eller slim i avføringa. Loperamid kan gi biverknader som at du blir forstoppa, trøytt, får tørr munn og blir svimmel.

Prognose

Diaré er vanlegvis ikkje farleg. Dei fleste blir friske av seg sjølve utan komplikasjonar, men sjukehusinnlegging kan vere aktuelt for nokon.

Det viktigaste ved diaré er å få i seg nok væske med litt salt og sukker, særleg for eldre og sjuke.

Ein brukar vanlegvis ikkje antibiotika mot diaré.

Aktivitetshåndboken (PDF)

Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.

Diaré hos voksne. Helsebiblioteket.no, 2022.
Diarrhoea in adults (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Diaré hos vaksne. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, August 4, 2022 [retrieved Tuesday, April 16, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/mage-og-tarm/diare/

Last updated Thursday, August 4, 2022