Bechterevs sjukdom - Ankyloserande spondylitt

Ankyloserande spondylitt påverkar hovudsakleg ryggraden, noko som gir stivheit og smerter. Nye behandlingar kan gi både betre funksjon og prognose.

Kva er ankyloserande spondylitt?

Ankyloserande spondylitt er ein tilstand som forårsakar betennelse i ryggraden. Dette kan føre til smerter, stivheit, trøyttheit og senebetennelsar. Nokre av ryggvirvlane kan hos enkelte gro saman og gi endå meir stivheit og problem med å røre på seg. Ledd i hofter og kne kan òg bli påverka.

Ankyloserande spondylitt er ein arveleg tilstand. Dette tyder at det er forårsaka av gena du arvar frå foreldra dine. Sjukdomen bryt vanlegvis ut i tenåra, men kan oppstå både før og etter.

Sjukdomen er to til tre gonger så vanleg hos menn som hos kvinner. Tilstanden kan hos enkelte menneske betre seg over tid, mens hos andre blir han verre.

Symptom på ankyloserande spondylitt

Ankyloserande spondylitt blir ofte ikkje diagnostisert før det har gått fleire år. Dette er delvis fordi ryggsmerter er vanlege, og det kan vere vanskeleg for legar å skilje éin type ryggproblem frå ein annan.

Symptom på ankyloserande spondylitt:

  • Nattlege plager frå ryggen
  • Smerter som vekkjer deg tidleg om morgonen
  • Morgonstivheit i ryggen som gjerne varer i meir enn 30 minutt
  • Smerter som vekslar mellom éin rumpeball og ein annan, slik at du kan ha smerter på den eine sida éin dag og på den andre sida ein annan dag

Andre tilstandar/helseproblem som tyder på at ryggsmerter kan komme av ankyloserande spondylitt:

  • Smerter i senane, for eksempel i akillessenen
  • Psoriasis
  • Regnbogehinnebetennelse (iridocyclitt/uveitt), som forårsakar raudheit i auget
  • Inflammatorisk tarmsjukdom, som ulcerøs kolitt eller chrohns sjukdom
  • Kjensle av å vere kortpusta, som kjem av stivheit i brystkassen
  • Utmatting
  • Forstyrra søvn

Legen diagnostiserer tilstanden ut frå symptom og undersøkinga. Ryggraden blir undersøkt med omsyn til stivheit og manglande fleksibilitet i brystkassen.

Viss legen mistenkjer tilstanden, rekvirerer han eller ho eit røntgenbilete av bekkenet og nedre rygg, CT eller MR. Dersom skanninga og symptoma tyder på at du har ankyloserende spondylitt, bør legen tilvise deg til ein revmatolog.

Behandling av ankyloserande spondylitt

Tilstanden påverkar alle forskjellig, og behandlinga bør tilpassast behova dine.

Fysioterapi

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å halde rørsleevne og styrke ved lag. Du blir tilvist til ein fysioterapeut, som utarbeider eit eige øvingsprogram tilpassa deg. Dette kan vere tøyiingsøvingar og styrketrening som du gjer saman med ei gruppe eller åleine heime.

Uansett kva program du bruker, er det viktig å gjere øvingane dine regelmessig for å få best mogleg resultat.

Sjølvhjelpsgrupper

Mange blir med i sjølvhjelpsgrupper for personar med same sjukdom. I gruppa kan du få hjelp med øvingar, lære meir om tilstanden og dele erfaringar.

Til dømes tilbyr Norsk revmatikerforbund informasjon, støtte og gruppemøte via lokale avdelingar.

Slutt å røykje

Ankyloserande spondylitt kan forverre seg raskare hos personar som røykjer. Viss du røykjer, kan du få råd og hjelp til å slutte av legen din. 

Legemidler

Legemiddel kalla betennelsesdempande middel kan bidra til å lindre smerter og stivheit. Legen kjem truleg til å tilrå deg å starte med desse. Eksempel er ibuprofen og naproksen.

Som alle legemiddel kan betennelsesdempande middel ha biverknader, som for eksempel halsbrann. Du kan diskutere med legen kven av desse legemidla som er best for deg. Du bør aldri ta meir medisin enn legen tilrår.

Viss legemidla ikkje lindrar symptoma, kan legen føreslå at du tek ein type legemiddel kalla tumor nekrosefaktor-alfa-hemmar (TNF-alfa-hemmar). Legemidla kan førebyggje leddskade og stivheit. Kirurgisk behandling med ledderstatning av hofta (hofteprotese) har falle betydeleg etter at behandlinga med TNF-alfa-hemmar blei innført i denne pasientgruppa.

TNF-alfa-hemmar kan gi større risiko for infeksjonar. Snakk med legen om moglege biverknader og kva moglege problem du skal vere merksam på.

Det finst andre legemiddel som òg kan vere nyttige, blant anna injeksjonar med kortisonmiddel når andre ledd enn ryggraden er påverka. Desse stoffa er sterkt betennelsesdempande. 

Kortisoninjeksjonar kan fungere godt, men legen vil halde auge med kor ofte du får dei, sidan hyppig bruk kan gi biverknader på sikt.

Eit anna alternativ er såkalla DMARDs. DMARDs står for «disease modifying antirheumatic drugs», som er ei samlenemning på sjukdomsmodifiserande legemiddel som blir brukte i behandlinga av kroniske revmatiske leddbetennelsar. 

DMARDs har ført til at mange med potensielt øydeleggjande revmatiske sjukdomar no kan leve eit tilnærma normalt liv.

Ankyloserande spondylitt hos barn

Barn med ankyloserande spondylitt har nytte av fysioterapi. Dei kan òg bli behandla med nokon av dei same legemidla som vaksne.

Du bør snakke med legen til barnet om dei behandlingsalternativa som finst.

Prognose

Hos enkelte blir ankyloserande spondylitt verre over tid, mens hos andre blir tilstanden verande uforandra, eller han betrar seg. Best prognose har dei som følgjer behandlinga og er så aktive som mogleg, og som får regelmessig fysioterapi. Ankyloserande spondylitt påverkar vanlegvis ikkje kor lenge folk lever.

Du må gå til regelmessige kontrollar for å vurdere nivået av smerte, stivheit og utmatting, og om andre ledd enn ryggraden er påverka. Dette kan hjelpe legen med å justere legemidla, slik at du får rett dose.

Dersom du får eit raudt auge, bør du kontakte lege straks. Dette kan vere ein tilstand kalla regnbogehinnebetennelse (uveitt/iridocyclitt), som er vanleg hos personar med ankyloserende spondylitt. Tilstanden må behandlast så snart som mogleg for å sikre at det ikkje påverkar synet.

Bruker du høge dosar betennelsesdempande over lengre tid, må du ta regelmessige blodprøvar for å kontrollere at legemidla ikkje skadar levra eller nyrene.

Norsk revmatikerforbund (Norwegian Rheumatism Association)

22 54 76 00

Tuesday from 10:00 to 15:00

Wednesday from 10:00 to 15:00

Thursday from 10:00 to 15:00

Calls are answered by people with a rheumatic disease, who can give you advice and guidance.

Bechterevs sykdom - Ankyloserende spondylitt. Helsebiblioteket, 2023.

Ankylosing spondylitis: what is it? (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2022.

Ankylosing spondylitis: what treatments work? (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2022.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Bechterevs sjukdom - Ankyloserande spondylitt. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, August 8, 2023 [retrieved Friday, April 19, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/muskel-og-skjelett/bechterevs-sykdom-ankyloserende-spondylitt/

Last updated Tuesday, August 8, 2023