Karpaltunnelsyndrom

Karpaltunnelsyndrom er kjenneteikna av nummenheit eller smerter i handleddet og i tre fingrar. Det finst behandlingar som kan hjelpe, og som forhindrar at det oppstår kronisk skade.

Person sitter foran en laptop og masserer den ene hånden som gir smerter.

Karpaltunnelen er ein smal kanal mellom knoklane inne i handleddet. Nerven som ligg i denne kanalen, kan komme i klem og gi nummenheit, svakheit og smerter i mellom anna tommel, peikefinger og langfinger. Dette kallar vi karpaltunnelsyndrom eller canalis carpi-syndrom.

Symptombilete

Karpaltunnelsyndrom kan gi desse symptoma:

  • smerter
  • prikking eller nummenheit frå handleddet og ut i tommel, peikefinger og langfinger
  • smerter og strammingar i muskulaturen i heile armen
  • svekt pinsettgrep
  • lett for å glippe ting du held i handa

Smertene kan bli verre når du repeterer ei rørsle mange gonger, eller når du held handa i éi spesiell stilling. Å riste på handa kan hjelpe.

Karpaltunnelsyndrom kan ramme begge hendene, og den handa du bruker mest, blir ofte ramma hardast.

Risikofaktorar

Noen medisinske tilstandar, som for eksempel revmatoid artritt (leddgikt) kan føre til karpaltunnelsyndrom.

Andre risikofaktorar for å utvikle karpaltunnelsyndrom:

  • Kjønn. Sjukdomen rammar oftare kvinner.
  • Graviditet. Nokon kvinner får karpaltunnelsyndrom i svangerskapet, men blir ofte heilt friske etter fødselen.
  • Alder. Sjukdomsrisikoen aukar etter fylte 30 år.
  • Overvekt.
  • Arbeid. Risikoen aukar dersom du har ein jobb som inneber mykje bøying og vriding av handleddet, eller bruk av vibrerande verktøy.

Utgreiing og diagnose

Legen kjem til å spørje deg om symptoma og undersøkje handleddet og handa di for å kunne diagnostisere karpaltunnelsyndrom.

Du må truleg ta ein test (elektromyografi) som måler den elektriske aktiviteten til nervar og musklar. Ved hjelp av denne undersøkinga kan legen stadfeste om du har karpaltunnelsyndrom, og i så fall kor alvorleg det er.

Det er viktig å få behandling for karpaltunnelsyndrom så tidleg som mogleg for å unngå at det oppstår varig skade.

Skinnebehandling

Forsking viser at 7 av 10 personar opplever betring når dei bruker ei skinne om natta (handleddsortose). Skinna hindrar at du bøyer handleddet.
Det er ingen undersøkingar som har vist at bruk av skinne heile døgnet fungerer betre enn å berre bruke ho om natta. Vanlegvis kan du slutte med skinna etter to månader, men du kan ha ho på lenger ved behov.

Legemiddel

Dersom det ikkje hjelper å bruke skinne om natta, kan ein kortisoninjeksjon i handleddet truleg redusere smertene i handa og handleddet i løpet av nokre veker. Verknaden varer ofte i nokre månader. Forsking viser at 7 av 10 personar opplever betring i opptil seks månader. Det er ein liten risiko for at nåla kan skade sener eller nervar i handleddet.

Det finst symptomlindrande legemiddel du kan bruke i tillegg til skinne og kortisoninjeksjon. Betennelsesdempande legemiddel, for eksempel ibuprofen og naproxen, kan hjelpe mot betennelse og smerter. Vassdrivande legemiddel som du tek i nokre veker, kan hjelpe mot hevelsar i handleddet forårsaka av væskeopphoping.

Kirurgi

Kirurgi kan redusere presset på nervane i handleddet. Omtrent 9 av 10 personar som gjennomgår kirurgi, er betre eitt år seinare. Du er vaken under inngrepet og får lokalbedøving før inngrepet.

Det finst to typar operasjonar. Kirurgen kan operere gjennom eit snitt på cirka fem centimeter ved handleddet. Ved kikholskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt og bruker eit lite kamera. Begge operasjonane gir like godt resultat, men med kikholskirurgi kan du kanskje gå tilbake i arbeid noko tidlegare.

Vanlegvis kan du reise heim same dag som du blir operert.

Moglege komplikasjonar av inngrepet kan vere nerveskade, nummenheit, svakheit i handa og smerter i arret. Komplikasjonane er vanlegvis ikkje alvorlege og forsvinn etter ei stund.

Du blir ikkje raskare betre av å bruke skinne etter operasjonen. Det kan tvert imot føre til meir smerter.

Mange med karpaltunnelsyndrom opplever at symptoma sakte blir verre, ofte over fleire år.

Du bør derimot ikkje oversjå karpaltunnelsyndrom. I enkelte tilfelle kan tilstanden gi alvorlege nerveskader, og symptoma kan bli vanskelegare å leggje merke til.

Dersom du har symptom som nummenheit, prikking, smerter eller svakheit i handa eller i handleddet, bør du oppsøkje lege. Dei fleste blir bra med behandling.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted kan du sjå at ventetidene kan variere.

Karpaltunnelsyndrom. Helsebiblioteket.no, 2021.

Carpal tunnel syndrome (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2023.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Karpaltunnelsyndrom. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, August 23, 2021 [retrieved Saturday, April 20, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/muskel-og-skjelett/karpaltunnelsyndrom/

Last updated Monday, August 23, 2021