Sjøgrens syndrom
Sjøgrens syndrom er ein revmatisk sjukdom med kronisk betennelse som først og fremst rammar vev som produserer sekret (væske).
Kva er Sjøgrens syndrom?
Sjøgrens syndrom er ein revmatisk sjukdom med kronisk betennelse som først og fremst rammar vev som produserer sekret (væske). Slike vev finst i spyttkjertlar, tårekjertlar, bronkiar og tarm. Resultatet av betennelsen er sett ned produksjon av væske og at slimhinnene blir derfor blir tørre.
Det finst to former av Sjøgrens syndrom:
- Primært Sjøgrens syndrom. Då har du ikkje andre revmatiske sjukdomar.
- Sekundært Sjøgrens syndrom. Då har du i tillegg til dømes leddgikt (revmatoid artritt) eller ein bindevevssjukdom (systemisk lupus eller andre).
Ein norsk studie tyder på at primært Sjøgrens syndrom førekjem hos cirka 0,05 prosent av befolkninga. Det vil seie at cirka 2500 i Noreg har syndromet.
Meir enn 90 prosent av dei som har Sjøgrens syndrom er kvinner, og dei fleste er over 45 år når dei blir sjuke. Barn får sjeldan Sjøgrens syndrom.
Symptom på Sjøgrens syndrom
Dei mest typiske plagene ved Sjøgrens syndrom er
- tørrheit i munn, auge, nase, svelg, hud og i underliv
- auka tåreflod i staden for tørr heit i starten av sjukdomen hos nokon
- nedsett tåreproduksjon (hos nokon er dette meir ei kjensle av rusk, sand eller irritasjon i auga, enn tørrheit)
- spyttkjertlar kan hos nokre hovne opp og vere smertefulle i periodar
Mange med Sjøgrens syndrom er plaga av trøyttleik og smerter i ledd. Betennelse i ledda er sjeldan. Desse plagene har oftast ei samansett årsak, der Sjøgrens syndrom kan vere ein del av årsaka.
Barn med Sjøgrens sjukdom er sjeldnare plaga med tørrheit. Ofte er det hovne spyttkjertlar, sliteining og utslag i blodprøver som gjer at diagnosen er mistenkt.
Årsaker til Sjøgrens syndrom
Ved Sjøgrens syndrom oppstår det betennelsen i kjertlane. Dette kjem av ein feil i reguleringa av immunforsvaret.
Immunforsvaret går til angrep på eige vev, noko som kallast “autoimmun betennelse”.
Utgreiing og diagnose
Diagnosen blir stilt på bakgrunn av ein kombinasjon av symptom og funn ved undersøkingar. I utgreiinga vil ein måle nedsett tåre‐ og spyttproduksjon, og ta blodprøver der ein blant anna ser etter spesifikke antistoff som kallast SSA-antistoff.
Nokre få pasientar har ikkje SSA-antistoff. Desse får diagnosen på bakgrunn av funn av autoimmun betennelse i vevsprøve av spyttkjertelvev. Undersøkingane blir gjorde på sjukehus, og i nokre tilfelle kan spyttmåling bli gjord hos tannlege.
Behandling ved Sjøgrens syndrom
Hovudbehandlinga mot Sjøgrens syndrom er å lindre plagene med tørrheit.
Om du får autoimmun betennelse i indre organ er det vanleg å gi behandling med medisinar som dempar immunforsvaret. Desse medisinane kan dessverre ikkje førebygge skaden som skjer i kjertelvev ved Sjøgrens syndrom.
Prognose
Skaden av kjertelvev er varig, og kan gi plagsam tørrheit. Det er svært sjeldan ein får redusert funksjon av andre organ.
Det er vanlegvis ikkje behov for regelmessige kontrollar på sjukehus eller fastlege ved Sjøgrens syndrom, med mindre det er teikn til svært overaktivt immunforsvar.
Norsk revmatikerforbund (Norwegian Rheumatism Association)
22 54 76 00Tuesday kl. 10:00 - 15:00
Wednesday kl. 10:00 - 15:00
Thursday kl. 10:00 - 15:00
Calls are answered by people with a rheumatic disease, who can give you advice and guidance.
Gøransson, LG, et al. The point prevalence of clinically relevant primary Sjögren's syndrome in two Norwegian counties. Rheumatol. 2011 Jan;40(3):221-4. Tilgjengelig fra: https://www.tandfonline.com/doi/pdf/10.3109/03009742.2010.536164
Solans-Laqué, R, et al. Risk, predictors, and clinical characteristics of lymphoma development in primary Sjögren's syndrome. Semin Arthritis Rheum. 2011. Dec;41(3) 415-23. Tilgjengelig fra: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/21665245
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Medisinsk og helsefaglig redaksjon Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten
Sist oppdatert 8. May 2026