Akutt nyreskade (akutt nyresvikt)

Akutt nyreskade fører til at nyrene sluttar å fungere som normalt, og det kan gi alvorlege helseskader. Det er viktig med rask behandling.

Kva er akutt nyreskade?

Den viktigaste oppgåva til nyrene er å filtrere vekk avfallsstoff frå blodet. Dette forhindrar at blodet blir giftig.

Akutt nyreskade var tidlegare kjent som "akutt nyresvikt". Namnet blei forandra fordi nyrene sjeldan svikta heilt, men i staden fungerte dårlegare enn før. Redusert nyrefunksjon kan variere frå ein liten reduksjon til fullstendig svikt.

Ordet "skade" i dette tilfellet tyder ikkje at nyrene har blitt fysisk skadde, men at nyrene av ulike årsaker ikkje fungerar optimalt.

Symptom på akutt nyreskade

Dei viktigaste symptoma er:

  • tissar mykje sjeldnare enn vanleg
  • kvalme og oppkast
  • ekstrem tørste
  • svimmelheit
  • kjensle av å vere kortpusta når du legg deg ned
  • anfall av kjensle av å vere kortpusta i tillegg til hoste om natta
  • høg puls

Kontakt lege dersom du har nokon av desse symptoma. Har du pustevanskar eller veldig rask puls, bør du tilkalle hjelp straks.

Kvalme og oppkast åleine er ofte ikkje alvorlege symptom. Men i kombinasjon med nokon av dei andre symptoma kan det vere teikn på akutt nyreskade, og du bør kontakte lege straks. Ta med urinprøve.

Risikofaktorar og førebygging

Akutt nyreskade er mest vanleg hos personar over 65 år. Andre risikofaktorar er:

Utgreiing og diagnose

Hos legen blir blodet og urinen testa for å sjekke om du har akutt nyreskade. Du kan òg trenge andre testar, for eksempel ei lågdose CT-undersøking av urinvegane for å sjekke om nyrene er hovne, eller om det er ei fysisk blokkering i éi av eller begge nyrene.

Behandling av akutt nyreskade

Akutt nyreskade kan ha fleire årsaker, og behandlinga du får, avheng av den konkrete årsaka.

Dersom du er sterkt dehydrert, minskar blodvolumet. Dette forårsakar lågt blodtrykk, og du må få tilført væske intravenøst for å gjenopprette væskebalansen. Enkelte treng stimulerande legemiddel i tillegg.

Det er òg mogleg å vere overhydrert, ein tilstand som kan behandlast med vassdrivande legemiddel.

I enkelte tilfelle er det angrep frå kroppen sitt eige immunsystem som forårsakar akutt nyreskade. Du får då immunhemmande behandling. Du kan òg trenge kortisonpreparat for å redusere hevelsen i nyrene.

Nokon treng antibiotika for å behandle nyrebekkenbetennelse dersom infeksjon er årsaka.

Legen passar òg nøye på syre-basebalansen og kaliumbalansen i blodet.

Slutte med eller redusere legemiddelinntak

Akutt nyreskade oppstår ofte som ein komplikasjon til ein annan medisinsk tilstand. Dersom du bruker legemiddel for å behandle ein annan sjukdom, bør legen vurdere kor mykje du bør ta av desse legemidla til nyrene fungerer normalt. Nokon må kanskje slutte med legemiddel mellombels til nyrefunksjonen har tatt seg opp igjen.

Behandling for blokkering av urinvegar eller blære

Akutt nyreskade kan kome av noko som blokkerer urinstraumen frå ei nyre til blæra, eller ved blæreutlaupet. Det kan for eksempel vere ein svulst, nyrestein, koagulert blod eller arrvev.

Dersom legen mistenkjer at du har ei blokkering i ei nyre, må du få sett inn eit røyr (stent eller kateter) for å skape urinpassasje. Stenten eller kateteret blir vanlegvis sett inn gjennom urinrøyret, men enkelte gonger må ein avlaste nyra ved å leggje inn eit tynt røyr gjennom huda i flanken. Dersom det blir funne ei blokkering, treng du ein operasjon eller ein annan prosedyre for å fjerne blokkeringa.

Dialyse

For nokon kan det bli nødvendig med dialyse. Du kan trenge denne behandlinga dersom nyrefunksjonen har falle til eit veldig lågt nivå. Under dialysen må du vere kopla til maskina ved hjelp av ein slange i ei av blodårene.

Ved dialyse blir blodet filtrert for å finne den rette balansen mellom væske, salt og næringsstoff. Dialyse på dette tidspunktet inneber ikkje at du må få dialyse regelmessig. Mange treng det berre denne eine gongen.

Prognosen ved akutt nyresjukdom varierer i stor grad etter kva som var årsaka til nyresjukdomen.

Mange får gjenoppretta det meste av eller heile nyrefunksjonen etter behandlinga og treng inga vidare oppfølging. Men ikkje alle klarer å gjenopprette full nyrefunksjon. Ved kronisk nyresjukdom vurderer legen alvorsgraden og behandlar tilstanden deretter. Enkelte menneske døyr av akutt nyreskade, men risikoen er større hos dei med ein alvorleg underliggjande sjukdom som forårsaka nyreproblema.

Akutt nyreskade (akutt nyresvikt) Helsebiblioteket, 2023

Acute kidney injury (PDF) Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Akutt nyreskade (akutt nyresvikt). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, March 28, 2023 [retrieved Friday, April 19, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/nyrer-og-urinveier/akutt-nyreskade/

Last updated Tuesday, March 28, 2023