Kva er helseangst?

Helseangst er ei angstliding der hovudsymptomet er ei vedvarande frykt for å vere eller bli alvorleg sjuk. Mange opplever betring når dei får hjelp. Tidleg behandling gir ofte betre resultat.

Symptom på helseangst

Vanlege teikn på helseangst er at du stadig er bekymra for at du er alvorleg sjuk. Mange brukar mykje tid på å kjenne etter symptom, oppsøke lege eller leite etter informasjon på nettet. Ofte blir ein lett skremt av kroppslege sanseinntrykk.

Vanlege symptom på helseangst:

  • Du bekymrar deg mykje for å ha eller få ein alvorleg sjukdom.  
  • Du tolkar normale kroppslege reaksjonar som teikn på sjukdom.  
  • Du overvaker kroppen din og leitar etter symptom.  
  • Uro og angst (til dømes hjartebank, sveitte, svimmelheit), som du igjen tolkar som sjukdomsteikn.  
  • Du har katastrofetankar og ser for deg det verste som kan skje.  
  • Du søker hyppig forsikring frå legar, pårørande eller internett – eller unngår helsetenester heilt.  
  • Du brukar mykje tid på å lese om sjukdomar eller sjekke symptom.  
  • Du let helsefokuset styre kvardagen din og det går utover livskvaliteten.  

Frykta kan gå ut over søvn, arbeid/skule, sosialt liv og livskvalitet. Sjølv når du får beskjed om at du ikkje er sjuk, gir det som regel berre ei kortvarig ro.

Årsaker til helseangst

Mange med helseangst har òg andre psykiske lidingar, som angstlidingar og depressive lidingar.

Nokre risikofaktorar aukar sjansen for å utvikle helseangst:

  • Om nokon i familien har helseangst.
  • Om du i oppveksten har nære pårørande med mykje fokus på helse og sjukdom.
  • Tidlegare sjukdom hos ein sjølv eller nære personar.
  • Ny livssituasjon, til dømes å bli forelder.

     

Psykiske lidelser

Psykiske lidelser kan ramme de fleste. Det er mulig å få hjelp hvis du har det vanskelig.

Illustrasjon: Sandnes1970/ Mostphotos.

Når bør du oppsøke helsehjelp?

Ta kontakt med fastlegen om du er redd for at du er sjuk, og dersom denne frykta går ut over kvardagen din.

Behandling av helseangst

Diagnosen blir vanlegvis stilt av fastlegen, psykiater eller psykolog. Saman vurderer de dine tankar, kjensler og åtferd. Du kan bli tilboden ei medisinsk undersøking for å utelukke fysisk sjukdom.

Kognitiv åtferdsterapi (CBT) har for mange god effekt. Behandlinga hjelper deg med å forstå samanhengen mellom tankar, kjensler og kroppslege reaksjonar. På denne måten kan negative tankemønster endrast. Nokon kan òg ha nytte av medisinar, særleg ved andre psykiske plager i tillegg. Informasjon om tilstanden, å få forståing for eigne reaksjonar og lære seg å handtere tilstanden kan vere nyttig.

Sjølvhjelp ved helseangst

Du kan gjere mykje sjølv for å redusere helseangsten. Det kan hjelpe å øve på korleis kroppen din reagerer på ulike situasjonar, utan at du tolkar reaksjonane som teikn på sjukdom.

Prøv òg å utsette eller avgrense behovet for å sjekke symptom eller søke helseinformasjon. Regelmessig fysisk aktivitet og avspenningsøvingar kan redusere uro og gi betre oversikt over eigne reaksjonar.

Do you need someone to talk to?

There are several helplines, chat services and support groups where you can share your thoughts and feelings anonymously, and get support, advice and guidance.

For children and young people:

Here you will find several helplines, chat services and support groups that can help when you are struggling (ung.no).

Angsttelefonen

21 95 21 00

Angstforeningens telefon- og chattetjeneste er for alle som sliter med angst, samt for pårørende. Angsttelefonen tilbyr støtte, veiledning og et lyttende øre. Alle som besvarer telefonen og chatten har kjent på angst selv.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Helseangst. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, September 30, 2025 [henta Sunday, October 26, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/psykiske-lidelser/angst/helseangst/

Sist oppdatert Tuesday, September 30, 2025