Kva er normalt syn?
Alle skal kunne sjå TV og lese avis med riktige briller – uansett alder. Kan du ikkje dette lenger, er det noko gale med brilla eller synet ditt. Nokon er heldige og kan sjå på avstand eller nært utan briller.
Barn
Allereie frå ung alder blir synet ditt endra gradvis. Synet til barn blir meir robust og funksjonsdyktig via leik og uteaktivitetar. Dagslys er bra for auga dine. Fysisk aktive barn har ein god buffer for å kunne bruke auga til lesing eller digitale spel.
Voksen
Synet endrar seg gjennom livet ditt. Ofte skjer dette omtrent midt i livet. Dei fleste vil i 40-års alderen merke at lesing eller skjermbruk går dårlegare enn før. Mange får òg sine første lesebriller.
Eldre
Å få dårlegare syn er ein del av aldringsprosessen. Dette synstapet skjer gradvis. Du blir lettare blenda i mørket, kontrastane blir viska ut og fargane er ikkje like klare som før. Mange merkar dette når dei køyrer bil, kanskje spesielt i tunnel, i mørket og i regnver.
Få hjelp dersom synet ditt endrar seg
Opplever du raske og uventa endringar på synet skal du oppsøke hjelp. Gå til fastlegen din, optikar eller oppsøk legevakta.

Ta vare på synet ditt
Her finn du nyttige råd for å ta vare på synet ditt. Generelt er det å ha normalt god helse bra for synet og augehelsa di.
Illustrasjon: Getty Images
Teikn på redusert syn
Er du usikker på om du eller nokon du kjenner ser dårleg? Nokre teikn på redusert syn kan vere at personen
- ikkje kjenner deg igjen når du kjem uventa på besøk.
- har problem med å lese avisa og sjå biletet på TV, eller at dette er slitsamt eller gir hovudverk.
- må ha hjelp for å finne igjen gjenstandar som er miste.
- har problem med å følge tida fordi det er vanskeleg å sjå på klokka.
- treng hjelp til å finne fram eller er usikker på ukjende stadar (utan at dette kjem av vanskar for å bevege seg).
- klagar over dårlegare syn.
Årsaker til svaksyntheit
Med alder skjer det ei naturleg og generell svekking av synet vårt. Jo eldre du er, jo høgare risiko er det for at synet blir dårlegare. Det er viktig å skilje mellom endringar som er normale for alder, og synsproblem som har andre årsaker.
Dei normale aldringsforandringane i auget fører vanlegvis ikkje til dramatiske endringar i evna til å sjå. Slike endringar kjem gjerne gradvis.
Godt tilpassa briller og kontaktlinser, og enkel tilrettelegging med omsyn til lys og kontrastar, vil vanlegvis hjelpe deg med desse problema.
Augesjukdomar og tilstandar
Dei fleste augesjukdomane kjem sakte og gir ingen smerter eller tydelege symptom i starten. Du merkar dei ikkje før det har gått litt tid. Nokre augesjukdomar er òg arvelege.
Det er først og fremst aldersrelaterte sjukdomar i auget som skapar dei alvorlegaste funksjonsvanskane. Sjansane for å få ein augesjukdom er om lag 6 til 8 gongar større blant eldre over 65 år enn i resten av befolkninga. Dei fleste som blir binde eller får sterkt redusert syn er eldre, spesielt aldersgruppa 70 til 75 år eller eldre. Alvorleg synshemning kan derfor i stor grad seiast å vere eit aldersproblem.
Ta ansvar for synet ditt
4-års kontrollen er den siste obligatoriske helsekontrollen der synet ditt blir undersøkt hos ein lege. Syn blir ofte gradvis svekt, og det kan ta tid før eit synstap blir oppdaga. Om du sjølv eller folk rundt deg mistenker at du ser dårleg, bør du kontakte fastlegen din eller ein optikar.
Du kan starte allereie i dag og gjere gode ting for synet ditt uavhengig av kor gammal du er. Det som er bra for generell helse er òg bra for synet. Å trene og bruke kroppen frå ung alder og vidare gjennom livet er bra for augehelsa. Du vil spesielt hauste gevinst av dette som godt vaksen.
Det er når du blir 70 til 75 år at dei naturlege synsendringane verkeleg set inn. Mange skal leve mange år etter dette, og ønsker eit aktivt liv. Ta i eit tak som ung for å sjå godt når du blir gammal.