Overvaking av barn i mors mage

Fødselen er krevande for både mor og barn. Jordmor eller lege vil følge med på barnets tilstand gjennom heile fødselen.

Gravid kvinne ligger i en sykehusseng med elastiske bånd med elektroder rundt magen, mens en sykepleier leser av resultatene på en CTG-maskin (cardiotokografi) som måler barnets hjerteslag.

Fødselen er viktig for å førebu barnet på livet utanfor livmora. Trykket og presset mot barnet frå riene og under passasjen gjennom fødselskanalen, er viktig for det som skjer med barnet i overgangen frå livet i magen til livet utanfor.

Under svangerskapet

​Fosterbevegelsar og spark

Etter svangerskapsveke 18 vil dei fleste gravide kjenne fosterbevegelsar og spark dagleg. Du vil etter kvart lære deg barnets rytme og aktivitetsmønster.

Nokon foster/barn er meir aktive delar av dagen. Andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, når mor er i aktivitet eller nett har ete . Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet beveger seg eller sparkar minst 10 gonger dagleg.

Etter kvart som magen veks blir det mindre plass til bevegelse i livmora. Du vil da kjenne barnets aktivitet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet. Du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet.

Ver merksam

Er du usikker på om barnet sparkar eller beveger seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, så kan du prøve å framkalle aktivitet. Gjer noko som du veit pleier å vekkje barnet; sett på musikk, drikk ein søt og kald drikke eller lignande. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra.

Får du ikkje ønska respons frå barnet, bør du kontakte jordmor, lege eller fødeavdelinga for å få ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.

Fosterovervaking under fødselen

Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen.

Graden av fosterovervaking under fødselen blir vurdert ut i frå:

  • korleis svangerskapet ditt har vore
  • om du og barnet ditt er friske
  • om alt ligg til rette for ein normal fødsel
  • om det er faktorar hos deg eller barnet som krev meir overvaking

Fosterlyd

I samband med fødsel omtaler jordmor og lege barnets hjartefrekvens eller puls som fosterlyden. Fosterlyden blir angitt i frekvens og regelmessigheit. Normalt vil fosterlyden variere mellom 110 – 150 slag per minutt.

Fosterlyd, saman med informasjon om fostervatn (når det er gått) og viktig informasjon om korleis barnets tilstand er og korleis barnet taklar fødselen.

Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på barnets tilstand gjennom fødselen.

Jordmor vil lytte på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen, når barnet passerer den trongaste delen av fødselskanalen, lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er den mest anstrengande for barnet.

Doppler-apparat

Doppler er eit elektronisk apparat som blir brukt til å lytte på barnets hjartefrekvens/fosterlyd. Doppler blir brukt på same måte som eit jordmorstetoskop. Forskjellen er at Doppler er eit elektronisk apparat med høgtalar som gjer at fosterlyden kan høyrast av alle i rommet.

Om jordmor eller lege er usikker eller finn teikn på at barnet ikkje har det optimalt, vil barnet bli overvaka over tid, eventuelt kontinuerleg gjennom heile fødselen.

Lege holder et Doppler-apparat inntil magen på en gravid kvinne og lytter til fosterlyden.

CTG (cardiotokografi)

CTG er ein elektronisk overvaking av barnets hjarteslag. Ved hjelp av denne overvakinga kan vi kartleggje barnets hjarteslag og kor ofte riane kjem. Dette gir eit godt bilde av korleis barnet har det, og kva for ressursar det har til å takle fødselen.

Ved CTG-overvaking blir to elektrodar/transducere plassert på magen din og festa med elastiske band. Den eine registrerer hjartefrekvensen til barnet, den andre registrerer riane. Både hjartefrekvens og riane som blir registrert, visast på eit display på CTG-apparatet. Registreringa kan skrivast ut.

Barnets spark eller bevegelsar kan også registrerast. Det blir gjort anten av apparatet eller ved at du trykker på ein knapp kvar gong du kjenner aktivitet hos barnet.

Om barnet viser teikn på stress, eller har få ressurser til å takle fødselen, vil barnet bli overvaka kontinuerleg. Eksempler på dette er fødsel etter svangerskap med komplikasjonar og sjukdom hos mor eller hos barn.. Overvakninga vil sjøvsagt bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

For å få ein meir nøyaktig og sikker overvaking vil det då vere aktuelt å feste ein elektrode direkte på barnet. Jordmor eller lege vil då under ein vaginalundersøking feste elektroden i huda på barnets hovud. Barnet vil kjenne dette som eit stikk.

Gravid kvinne blir undersøkt med CTG - carditokografi, og har elastisk bånd med elektrode festet rundt magen.

STAN – fosterovervaking

Metoden STAN er utvikla for å oppdage barn som blir utsett for ein eventuell surstoffmangel i hjartemuskelen under fødselen. Denne metoden gir meir informasjon om tilstanden til barnet enn CTG aleine. STAN er ein metode for fosterovervakning som brukast ved risikofødsler til termin.

STAN blir brukt under aktiv fødsel for å analysere barnets EKG (elektrokardiogram/hjartekardiogram), i tillegg til CTG. EKG er ein metode for å vurdere hjartefunksjonen. Det blir brukt blant anna for å sjå om det er mangel på surstoff i hjartemuskulaturen.

CTG er registrering av fosterets hjartefrekvens og dets variasjonar, mens STAN-analysen inneheld informasjon om den delen av fosterets EKG som forandrar seg under surstoffmangel. Denne delen av EKG heter ST, og derfor heiter denne overvakinga STAN (ST-ANalyse).

Når det er aktuelt å overvake med STAN, blir det festa ein elektrode i huda på barnets hovud ( sete ved seteleie) etter at fosterhinna er brote. Ein plasterlignande elektrode vil også bli festa på låret ditt. For å registrere rier må du ha eit belte over magen. Alt blir tilkobla til eit STAN-apparat. Registreringa blir analysert av jordmor og lege.

Laktatmåling

På noen sykehus brukes også laktatmåling som ledd i fosterovervåkningen. Da tar fødselslegen en liten blodprøve fra hodehuden til barnet under fødselen. Dette blir gjort for å få mer informasjon om fosterets tilstand under fødselen.

Jordmorstetoskop

Jordmorstetoskop er eit holt trerøyr som blir plassert på magen din, rett over området der hjarteslaga til barnet kan høyrast best. Ved hjelp av jordmorstetoskop kan jordmor eller lege lytte på barnets hjartefrekvens/puls.

Jordmor lytter til gravid mage med et jordmorstetoskop.

Når barnet er fødd

Jordmor eller lege vil fortløpande informere deg om tilstanden til barnet. Når barnet er fødd blir det tatt blodprøve frå navlesnora. Denne blodprøva blir analysert fordi ho kan gje indikasjon på om barnet har vore utsett for surstoffmangel i fødselsforløpet.

Nyfødt med plaster på hælen

Nyfødtscreening og undersøkelser av nyfødte

Alle foreldre får tilbud om helseundersøkelser av sitt nyfødte barn.

Illustrasjon: Irina Schmidt / Mostphotos

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Alfirevic Z, Devane D, Gyte GM, Cuthbert A. Continuous cardiotocography (CTG) as a form of electronic fetal monitoring (EFM) for fetal assessment during labour [Internett]. Cochrane Database Syst Rev. 2017 Feb 3;2(2):CD006066. doi: 10.1002/14651858.CD006066.pub3. PMID: 28157275; PMCID: PMC6464257 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28157275

Amer-Wåhlin I, Ugwumadu A, Yli BM, Kwee A, Timonen S, Cole V, Ayres-de-Campos D, et al.; Study Group of Intrapartum Fetal Monitoring (European Association of Perinatal Medicine). Fetal electrocardiography ST-segment analysis for intrapartum monitoring: a critical appraisal of conflicting evidence and a way forward [Internett]. Am J Obstet Gynecol. 2019 Dec;221(6):577-601.e11. doi: 10.1016/j.ajog.2019.04.003. Epub 2019 Apr 10. PMID: 30980794 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/30980794

Bohren MA, Hofmeyr GJ, Sakala C, Fukuzawa RK, Cuthbert A. Continuous support for women during childbirth [Internett]. Cochrane Database Syst Rev. 2017 Jul 6;7(7):CD003766. doi: 10.1002/14651858.CD003766.pub6. PMID: 28681500; PMCID: PMC6483123 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28681500

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Overvaking av barn i mors mage. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 16. februar 2023 [henta søndag 15. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fodsel/fodselsovervaking/

Sist oppdatert torsdag 16. februar 2023