Om forsking og screening

Dersom du har fått tilbod om deltaking i nasjonale screeningprogram eller å vere med i ein eller fleire befolkningsstudiar eller kliniske studiar, kan du sjå informasjon om dei ved å logge inn på Helsenorge.

Forsking

Det blir forska både på effektar, biverknader og tryggleik ved ulike behandlingsmetodar, førekomst, nye tilfelle og kva som fører til ulike plager og sjukdomar.

Kva resultata har å seie for deg, må ein sjå i samanheng med helsetilstanden din, sjukdomshistorikk, bruk av legemiddel og levevanar. Det er viktig at du diskuterer eventuelle prøveresultat med fastlegen dersom du har fått innsyn i resultata dine og lurer på kva dei tyder.

Nasjonale screeningprogram

Screening er systematisk undersøking av antatt friske menneske for å oppdage sjukdom eller forstadium før symptom viser seg.

Les om kreftscreeningprogramma i Noreg på kreftregisteret.no

Tryggleik og personvern

Informasjonen som blir gitt til forskarar, skal i utgangspunktet ikkje vere identifiserande. Det betyr at namn, fødselsdato og personnummer er sletta, slik at opplysningane dine ikkje kan knytast til deg som person.

I visse tilfelle kan forskarane få tilgang til dei personlege opplysningane dine dersom dette er nødvendig for forskinga. Dei som behandlar opplysningane, har teieplikt, og opplysningar som kan koplast til identifiserbare personar, er strengt regulerte.

Utanforståande, til dømes arbeidsgjevarar, politi, forskingsselskap og liknande får aldri tilgang til forskingsresultat som kan knytast til deg som person.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om forsking og screening. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 26. april 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forskning-og-screening/om/

Sist oppdatert tysdag 26. april 2022