Samtykke til å bruke tenestene på Helsenorge
For å ta i bruk dei Helsenorge-tenestene som krever innlogging, må du først gi ditt samtykke til at Helsenorge kan:
- innhente helseopplysningar om deg frå eksterne register og andre kjelder
- samanstille og behandle denne informasjonen, og lage lister basert på dei, som kan visast til deg i tenestene
- lagre opplysningane så lenge det er nødvendig for at du skal kunne bruke tenestene
- la eksterne aktørar ta kontakt med deg
Samtykket kan endrast eller trekkast tilbake når som helst.
Opplysningar som blir lagra om deg, blir berre lagra så lenge det er nødvendig for å bruke tenestene. Dersom du trekker samtykket ditt, blir alle opplysningar om deg sletta, med unntak om informasjon om samtykke og reservasjonar.
Dersom du samtykker, hentar Helsenorge inn opplysningar om deg frå folkeregisteret, kontakt- og reservasjonsregisteret og fastlegeregisteret.
Du kan velje mellom desse tre alternativa:
- Basis: Dette er det minste du må samtykke til for å bruke innlogga tenester på Helsenorge. Dette samtykket gir deg innsyn i dine eigne opplysningar, med unntak av pasientjournalen din. Dette samtykket gir deg også tilgang til tenester som involverer slikt innsyn.
- Basis+: Dette er det same som Basis, men du får i tillegg tilgang til tenestene som involverer innsyn i pasientjournalen din.
- Full tilgang: Dette gir deg tilgang til alle tenestene på Helsenorge.