Fullmakt ved kontakt med Helfo

Du kan gje andre fullmakt til å kontakte Helfo på vegne av deg, eller du kan få tilsvarande fullmakt frå andre. Du eller den som skal gje fullmakt, må fylle ut eit papirskjema som kan sendast inn til Helfo via digitalt skjema.

1

Fullmakt gjeld all kontakt med Helfo

Dersom du kontaktar Helfo på vegne av andre, treng du fullmakt.

Dette gjeld når du skal

  • søke om Europeisk helsetrygdkort
  • finne og bytte fastlege
  • sjekke frikort og eigendelar
  • kontakte Helfo med spørsmål om refusjon av helseutgifter i og utanfor Norge
  • sende inn søknad til Helfo på vegne av andre

Foreldre/føresette må òg ha fullmakt frå barn over 16 år. Dette er fordi den helserettslege myndigheitsalderen er 16 år.  

NB: Du kan dessverre ikkje nytte fullmakts-handteringa på Helsenorge for dei tenestene Helfo har ansvaret for.

2

Slik går du fram for å ordne fullmakt

Den som skal gi fullmakt, må fylle ut og skrive under på dette skjemaet: 

Helseopplysningar er sensitiv informasjon som ikkje skal sendast med e-post. Vi ber deg derfor om å sende fullmakta til Helfo som vedlegg i digitalt skjema (Altinn). Du finn lenke til digitalt skjema under steg 4.

Dersom du ikkje kan bruke Altinn, kan du sende fullmakt og kopi av legitimasjon i posten til denne adressa:

Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg

Den som gir fullmakt må legge ved ein kopi av gyldig legitimasjon med signatur, for eksempel førarkort, nasjonalt ID-kort eller pass.

3

Du må skanne eller ta bilete av skjema og legitimasjon før du sender inn i Altinn

Sørg for å skanne eller ta bilete av skjema og legitimasjon, slik at det er klart til å lastast opp i digitalt skjema i Altinn.  

4

No kan du laste opp skjema med fullmakt i Altinn

Når du har fylt ut fullmaktskjemaet og skannet eller tatt bilde av legitimasjon, kan du logge inn på Helfo sitt digitale skjema (Altinn) for å laste opp fullmakt og kopi av legitimasjon.  

I Altinn-skjemaet skal du først velje «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» frå rullegardin-menyen under «Hva gjelder innsendingen?».

Deretter vel du «Fullmakt/vergefullmakt» i rullegardin-menyen under «Tilleggsopplysninger».

Her lastar du opp både fullmakta og legitimasjon.

Både den som gir fullmakt (fullmaktsgiver) og den som får fullmakt (fullmektig) kan sendes inn via Altinn.

 

5

Kor lang tid tar det før fullmaktsskjemaet er registrert?

Du får inga stadfesting (bekreftelse) på at Helfo har fått fullmaktsskjemaet.  

Det kan ta to dagar før fullmaktsskjemaet er registret hos Helfo.  

Dersom du sender skjemaet med vanleg postgang, tar det inntil ei veke før fullmakta er registrert hos Helfo. 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Fullmakt ved kontakt med Helfo. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 7. juli 2022 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fullmakt/om/fullmakt-ved-kontakt-med-helfo/

Sist oppdatert torsdag 7. juli 2022