Avfeittingsmiddel

Avfeittingsmiddel kan gje irritasjon eller etseskade på auge og hud. Skyl med rennande vatn, og kontakt Giftinformasjonen.

Bil blir vasket med høytryksspyler

Avfeittingsmiddel kan gje etseskadar på hud, auge og slimhinner.

Avfeittingsmiddel til ulik bruk  

Avfeittingsmiddel kan brukast til ulike føremål, til dømes til bil og sykkel.   

Avfeittingsmiddel kan vere:  

  • syrebaserte  
  • alkaliske  
  • oljebaserte  
  • tensidbaserte  

Kva symptom kan uhell med avfeittingsmiddel gje?  

Det er stor variasjon i samansetninga til avfeittingsprodukt. Symptom vil derfor variere. Profesjonelle produkt kan vere meir problematiske.  

Det kan vere fare for irritasjon eller etseskade på hud, i auge og ved svelging.  Nokre typar kan òg gje forgifting.  

Start skyljing av auge og hud. For meir informasjon kan du kontakte Giftinformasjonen.

Ved uhell med avfeittingsmiddel 

  • Ved svelging skal du skylje munnen og gje litt drikke (1–2 dl). Ring Giftinformasjonen straks. Ved alvorlege symptom skal du ringje 113.  
  • Ved søl på hud bør du skylje huda grundig og kontakte Giftinformasjonen for vidare råd.  
  • Ved søl i auge er det viktig at du startar skyljing straks. Ring Giftinformasjonen for råd om skyljetid, medan du held fram med å skylje.  

Ha namn på produkt og produsent klart, om mogleg. 

Kontakt Giftinformasjonen hvis uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnåpen telefon.

Ved alvorlige symptomer ring:

113

For helsepersonell

Anbefalinger for behandling av akutte forgiftninger, utarbeidet av Giftinformasjonen.

Innholdet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Avfeittingsmiddel . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 23. april 2024 [hentet lørdag 20. juli 2024]. Tilgjengelig fra: https://www.helsenorge.no/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/avfettingsmidler/

Sist oppdatert tirsdag 23. april 2024