Pumpeflaske med bodylotion på et baderom

Kremar og bodylotion er lite farleg å smake på ved uhell.

Ulike hudkremar 

Hudkremar består stort sett av feittstoff og andre fyllstoff. Desse feittstoffa er lite problematisk å smake på.  

Kremar som har spesielle eigenskapar som kulde- eller varmekremar, kan ha tilleggsstoff som kan gi forgifting. Kontakt Giftinformasjonen dersom kremen er av ein slik type. 

Symptom etter inntak av hudkrem 

Sjølv om det er ete i små mengder, kan pr​​odukta gi milde og forbigåande mage- eller tarmsymptom som 

  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Dette er lite farleg og symptoma er forbigåande. Desse uhella kan sjåast an heime. 

Førstehjelp etter inntak av hudkrem

  • Gi litt drikke for å skylje bort krem og fjerne vond smak.
  • Kontakt lege ved kraftige eller langvarige mage/tarmsymptom. 

Symptom ved søl av hudkrem i auget 

Vanleg hudkrem kan gi augeirritasjon dersom det kjem inn på auget. 

  • svie og lett tåreflod 
  • raudne på auget 

Førstehjelp etter uhell med hudkrem på auget

  • Skyl auget med lunkent vatn i nokre minutt. 
  • Ved kraftige eller langvarige symptom, kontakt lege for vurdering. 

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Hudkrem, bodylotion og handkrem . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 18. januar 2024 [henta mandag 11. mai 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/hudkrem-bodylotion-handkrem/

Sist oppdatert 18. januar 2024

Fann du det du lette etter?