Silikagel er ikkje farleg å smake på
Silikagel er ofte små posar med harde, faste kuler som ligg i lommer på klesplagg, i skoesker eller liknande produkt. Posane er ofte merkte silikagel / silica gel og/eller «Do not eat».

Illustrasjon: Giftinformasjonen
- Er silikagel farleg å ete?
- Andre typar tørkemiddel
Er silikagel farleg å ete?
Det er ikkje farleg å ha smakt litt på silikagel. Silikagel blir brukt som tørkemiddel, og blir ikkje tatt opp i kroppen.
Dersom du har fått i deg litt silikagel kan du drikke eller ete noko. Kulene hamnar då i magen, og blir med resten av mageinnhaldet ut av kroppen.
Andre typar tørkemiddel
Det finst også andre typar tørkemiddel i bruk, som ikkje er silikagel. Om du har problemstillingar som gjeld desse tørkemidla, tilrår vi at du tek kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00).