Silikagel er ikkje farleg å smake på

Silikagel er ofte små posar med harde, faste kuler som ligg i lommer på klesplagg, i skoesker eller liknande produkt. Posane er ofte merkte silikagel / silica gel og/eller «Do not eat».

Silikagel er ikke giftig

Er silikagel farleg å ete?

​Det er ikkje farleg å ha smakt litt på silikagel. Silikagel blir brukt som tørkemiddel, og blir ikkje tatt opp i kroppen. 

Dersom du har fått i deg litt silikagel kan du drikke eller ete noko. Kulene hamnar då i magen, og blir med resten av mageinnhaldet ut av kroppen.

Andre typar tørkemiddel

Det finst også andre typar tørkemiddel i bruk, som ikkje er silikagel. Om du har problemstillingar som gjeld desse tørkemidla, tilrår vi at du tek kontakt med Giftinformasjonen (22 59 13 00).

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Silikagel er ikkje farleg å smake på. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 22. mars 2022 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/silikagel/

Sist oppdatert tysdag 22. mars 2022