Graviditet og alkohol

Du bør alltid unngå alkohol som gravid og gjerne medan du prøver å bli det. Ingen veit kor mykje alkohol som skal til før det oppstår skade hos det enkelte barnet.

Dersom du lèt vere å drikke alkohol alt når du planlegg å bli gravid, gjev du barnet gode vekst- og utviklingsutsikter heilt frå starten av. Det er ikkje mogleg å gje ei trygg nedre grense for alkoholinntak utan fare for skade hos fosteret, det vil vere individuelle forskjellar. Det finst heller ikkje noko tidspunkt i graviditeten der det er trygt for barnet at du drikk alkohol.  

Alkohol kan redusere sjansen for å bli gravid og auke risikoen for spontanabort

Sjansane for å bli gravid aukar dersom du ikkje drikk alkohol, fordi alkoholen reduserer fruktbarheita. Bruk av alkohol i svangerskapet kan også gje auka risiko for spontanabort.

Dersom du er gravid og har drukke alkohol

På den første svangerskapskontrollen din vil alkohol vere eit tema de snakkar om. Dersom du er bekymra fordi du drakk alkohol i tidleg i svangerskapet eller før du visste at du var gravid, bør du snakke med jordmor eller lege. Ikkje gå med bekymringa for deg sjølv, du er ikkje åleine om å vere i ein slik situasjon.

Di mindre du har drukke, di mindre er risikoen for at utviklinga til fosteret blir påverka. Det viktigaste du kan gjere, er å la vere å drikke alkohol i resten av svangerskapet.

Dette kan skje med barnet

Fosteret får all næringa si frå deg. Dersom du som gravid drikk alkohol, blir det raskt soge opp i blodet og går ufortynna over til fosteret via morkaka. Etter nokre få minutt har fosteret like høg promille som deg.

Ingen veit kor mykje alkohol som skal til før det oppstår skade hos det enkelte barnet. Alle organ hos fosteret kan bli påverka, og utviklinga kan bli forstyrra. Dei første tolv vekene er ein viktig fase når barnet sine organ blir danna. Hjernen er særleg utsett for skadar fordi han utviklar seg gjennom heile svangerskapet. Alkohol er det rusmiddelet ein heilt sikkert veit kan gje barnet alvorlege skadar. Desse skadane kan vare livet ut.

Alkoholbruk aukar risikoen for:

  • spontanabort
  • at barnet blir fødd for tidleg
  • at barnet blir mindre i vekt, lengd og hovudomkrins som følgje av dårleg fostervekst
  • lågare intelligens hos barnet
  • lærevanskar og svakare evne til problemløysing
  • åtferds- og sosiale problem
  • problem med å hugse
  • rastløyse og hyperaktivitet
  • vanskar med å forstå konsekvensar av handlingane sine
  • misdanningar

Risikoen for skadar aukar dersom du drikk mykje og ofte.

Føtalt alkohol spektrum forstyrring (FASD)

Du aukar også sjansen for føtalt alkohol spektrum forstyrring (FASD), som er ei samlenemning for ulike skadar som skriv seg frå mor sitt alkoholbruk i svangerskapet.

Skadane omfattar:

  • fysiske skadar
  • problem med sosial funksjon
  • åtferdsmessige problem
  • lærevanskar

Føtalt alkoholsyndrom

Store mengder alkohol i graviditeten kan føre til at barnet får diagnosen føtalt alkoholsyndrom (FAS).

Barn med FAS er kjenneteikna av:

  • dårleg vekst
  • skadar på sentralnervesystemet
  • glatt leppefure
  • smal overleppe
  • korte augespalter

Hjelp til å slutte å drikke

Dersom du framleis drikk alkohol eller dersom du har problem med å slutte, kan du kontakte lege eller jordmor for å få hjelp så snart som mogleg. Dei kan tilvise deg vidare til rådgjeving og oppfølging som vil hjelpe deg å vere fråhaldande gjennom resten av svangerskapet.

Dersom du har ei veninne eller kjenner nokon som drikk alkohol under graviditeten, bør du oppmuntre henne til å søkje hjelp. Bruker mor alkohol eller andre rusmiddel, kan ho få tett oppfølging for å beskytte barnet mot skadar.

Få støtte frå partnar og vener

Det kan vere vanskeleg å la vere å drikke alkohol dersom alle rundt deg drikk. Det er lettare ​å stumpe røyken dersom partnaren din ikkje røykjer. Det same gjeld alkohol. Partnaren er ofte den viktigaste støttespelaren for den gravide. Tenk over og snakk om alkoholvanane dykkar alt når de planlegg å få barn.

Det vil motivere dersom de først og fremst tenkjer på utviklinga og framtida til barnet. Syt for å ha gode alkoholfrie alternativ tilgjengelege, og finn ut korleis de ønskjer å ha det hyggeleg saman utan alkohol.

Alkoholfrie alternativ

Dersom mengda rein alkohol er den same, er det ikkje nokon forskjell på vin, øl, sider, rusbrus eller sprit. Alkoholen har same verknad på fosteret uansett kva type drikke det dreier seg om.

Det finst mange gode alkoholfrie alternativ i tillegg til eplemost, alkoholfri vin eller øl. Finn dine favorittar for deg og barnet ditt! Hugs at dei fleste drinkar også kan lagast utan alkohol.

Den beste starten i svangerskapet får du ved å spise sunt, holde deg i form og unngå alkohol.

Amming og alkohol

Du bør unngå alkohol i dei første seks vekene etter fødselen, alkoholinntaket i månadene etterpå. Sjå fleire råd om amming og alkohol her.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Levevaner hos gravide. Tidlig samtale og rådgiving. Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen, Helsedirektoratet 2018. 

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Graviditet og alkohol . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 6. januar 2023 [henta torsdag 25. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/gravid/gravid-og-alkohol/

Sist oppdatert fredag 6. januar 2023