Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Føremålet med BPA er å gje personar med stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

iillustrasjonefoto

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på. BPA er retta mot personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse. Personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA. Meir informasjon finst i pasient- og brukarrettslova § 2-1 d.

Kven kan få BPA?

For å ha rett til å få BPA må du vere under 67 år, ha behov for bistand ut over 2 år og meir enn 32 timer per veke. Du kan også ha rett til BPA dersom hjelpebehovet ditt er mellom 25 og 32 timar per veke og kommunen din ikkje kan dokumentere at BPA vil vere dyrare enn andre tenestetilbod. 

Dersom du har fått bistanden organisert som BPA før du fylte 67 år, gjeld retten også etter at du har fylt 67 år.

Dersom du har foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne kan du ha rett til å få avlastingstiltak organisert som BPA.

Det er kommunen som vurderer bistandsbehovet. Kommunen skal i samarbeid med pasienten vurdere om det skal vere tilbod om tenester i form av BPA.

Det er brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leier arbeidet assistentane utfører. Ved BPA er det eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarleg teken hand om.

Praktisk bistand og opplæring

Praktisk bistand omfatter hjelp til dagliglivets praktiske gjøremål i husholdningen, og personlig stell. Hjelpen kan gis både i og utenfor hjemmet.

Korleis får ein BPA?

Informasjon om søknadsprosessen finn du på nettsidene til kommunen din, eller ved å vende deg til kommunen. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng meir informasjon eller rettleiing.

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gje deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak) anten du får innvilga BPA eller ikkje. Vedtaket skal vere grunngjeve, og innehalde informasjon om klagerett og klagefrist.

Du kan klage på vedtaket

Dersom du meiner at kommunen ikkje gjev deg den hjelpa du har behov for, kan du klage.

Du sender klagen din til kommunen. Kommunen tek mot klagen din og skal vurdere saka på nytt. Dersom kommunen ikkje endrar avgjerda si, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren gjer så endeleg vedtak om kva hjelp du skal få tilbod om frå kommunen.

Det finst pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan sjølv ta kontakt med pasient- og brukarombodet om du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som pasient, brukar eller pårørande eller hjelp med å utforme ein klage.

Helse- og omsorgsdepartementet - lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Justis- og beredskapsdepartementet - behandlingsmåten i forvaltningssaker

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 18. februar 2022 [henta torsdag 12. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/hjelpetilbud-i-kommunene/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa/

Sist oppdatert fredag 18. februar 2022