Fastlegesituasjonen

Fastlegesituasjonen

Det er kommunen som har ansvar for at du får fastlegetenester. Nokre kommunar i Noreg har ikkje nok fastlegar.

Liste utan fastlege

Om du står på ei liste utan fastlege, er du likevel tilknytt eit legekontor. Dette vil ofte vere legekontoret der du tidlegare hadde fastlegen din.

Ver tidleg ute

Det kan det vere lurt å prate med legekontoret i god tid om du til dømes treng å få fornya reseptane dine.

Eit fastlegebyte er gyldig frå første dagen i månaden etter at bytet er utført.

Samtykke

Tenesta "Bytte fastlege" krev samtykke til tilgangsnivå Basis eller høgare

To ordinære fastlegebyte

​Du har rett til å byte fastlege inntil to gongar per kalenderår.

I tillegg til dei to ordinære byta, kan du byte om du melder flytting til folkeregisteret, eller om du mistar fastlegen din fordi hen sluttar eller reduserer lista si.

Du kan velje fastlege i ein annan kommune enn der du bur.

Personar som har flytt innanfor Noreg, og meldt flyttinga til folkeregisteret, kan få tilbake tidlegare fastlege om dei flyttar tilbake til opphavleg kommune innan tre år. Denne moglegheita gjeld i 6 månadar frå registrert flytting i folkeregisteret.

Når du sjølv gjer eit fastlegebyte på Helsenorge, får du ei kvittering på bytet. Kvitteringa blir lagra i innboksen på Helsenorge.

Du kan stå på venteliste

Dersom du loggar deg inn i tenesta Byte fastlege på Helsenorge, kan du byte fastlege både for deg sjølv og eigne barn som du har omsorga for og som er under 16 år.

Bur du ikkje på same adresse som barna dine?

Du kan òg sette deg sjølv og barna dine på venteliste. Det er berre mogleg å stå på éi venteliste av gongen.

Når fastlegen får ledig plass, trer bytet automatisk i kraft frå første dag i komande månad. Helfo sender ut brev om dette til dei som har stått på venteliste.

Kor lenge må eg stå på venteliste?

Av og til går det fort å få plass hos den fastlegen du står på venteliste til, andre gongar kan det ta lengre tid. Din plass i køen kan du sjekke ved å logge deg inn på Helsenorge eller gå inn i Helsenorge-appen og velje tenesta "Byte fastlege". 

Ein fastleges pasientliste blir først opna når det har blitt 10 ledige plassar. Når lista blir opna, er det innbyggarar busette i kommunen og som ikkje står på fastlegeliste, som blir prioritert. Deretter blir innbyggarar som står på ventelista tatt inn. Er det framleis ledige plassar igjen, vil lista framleis vere open fram til lista er fylt opp. 

Om du ikkje ønsker å stå på venteliste lenger, må du sjølv fjerne deg frå ventelista. Dette må du òg gjere om du byte til ein annan fastlege.

Ettersending av pasientjournal ved fastlegebyte

Når du byter fastlege, må du sjølv sørge for at journalen din blir overført til den nye legen. Du kan kontakte den gamle fastlegen din/fastlegekontor og gi informasjon om den nye legen.

Pasientjournal hos fastlegen

Pasientjournalen din er dei fortløpande notata til legen i samband med behandlinga og oppfølginga di. Informasjon frå sjukehus, spesialistar og andre helseinstitusjonar, som svar på røntgenbilete eller andre prøver, blir samla i journalen.

Det er berre du, og helsepersonell som er involvert i behandlinga, som har innsyn i journalen.

Fullmakt eller verjefullmakt ved fastlegebyte

​Kontaktar du Helfo på vegner av nokre andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved Helfo-førespurnadar.

Les meir om korleis du kan ordne verjefullmakt ved Helfo-førespurnadar.

Rettleiing Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Om å byte fastlege. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 12. august 2025 [henta torsdag 18. september 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/bytte-fastlege/om/

Sist oppdatert tysdag 12. august 2025