Om Dokument

Her kan du sjå dokumenta dine som er lagra på Helsenorge. Dokumenta kan til dømes vere skjema, journaldokument som du har kopiert frå pasientjournalen din eller innsynsrapportar du har bestilt frå eit helseregister.

Dokument som automatisk blir lagra i tenesta

Skjema

Her finn du ein kopi av skjema som du har sendt inn via Helsenorge. Om du har starta utfylling av eit skjema finn du eit utkast av skjemaet her slik at du kan halde fram med utfyllinga seinare.

Innsynsrapport

Har du bedd om innsyn i opplysningar som er registrerte om deg eller kven som har fått tilgang til opplysningane, finn du innsynsrapporten her.

Pasientreiser

Her finn du tidlegare vedtak for pasientreiser.

Dokument du kan samle og lagre i tenesta sjølv

Journaldokument

Du kan velje å lagre dokument frå journalen din. Det kan til dømes vere epikriser, journalnotat eller prøvesvar.

Behandlingsplan

Har du fått ein behandlingsplan frå ein av behandlarane dine kan du lagre ein kopi av han her.

Oppdatering av dokument

Dokument som du lagrar her blir ikkje automatisk oppdatert viss helsepersonell oppdaterer det i systema sine. Hugs derfor på at det kan finnast meir oppdaterte versjonar av dokumenta andre stadar, til dømes hos legen din eller den som behandlar deg.

Tilgang til og sletting av dokument

Tilgang til dokument

Du må vere logga inn for å finne fram og sjå dokumenta du har lagra her. Det er berre du eller dei du har gitt fullmakt til som har tilgang. På kvart enkelt dokument kan du velje om det skal vere synleg for dei med fullmakt.

Slette dokument

Du kan slette dokumenta du har lagra her om du ønsker det. Det er berre kopien du har lagra på Helsenorge som blir sletta, behandlaren din kan framleis ha lagra ein versjon av dokumentet hos seg.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om Dokument. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 20. desember 2024 [henta fredag 13. juni 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/dokumenter/om-dokument/

Sist oppdatert fredag 20. desember 2024