Ei kalenderpakning med p-piller som ligg oppå ei kalender-side.

Eit eingongsinntak på opptil éi kalenderpakning med p-piller er vanlegvis lite farleg.

Symptom etter inntak av for mange p-piller

Barn og vaksne som får i seg opptil éi kalenderpakning med p-piller, det vil seie 21 eller 28 tablettar, får vanlegvis ingen eller berre lette symptom.

Moglege symptom er:

  • kvalme
  • brekningar
  • smerter i magen
  • hovudverk

Tiltak etter inntak av for mange p-piller

  • Eit eingongsinntak på opptil éi kalenderpakning krev vanlegvis inga behandling.
  • Ved kraftige eller langvarige symptom, kontakt lege for vudering.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. P-piller. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 1. september 2026 [henta torsdag 3. september 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/legemiddelforgiftninger/p-piller/

Sist oppdatert 1. september 2026

Fann du det du lette etter?