I svangerskapet bør du unngå enkelte matvarer som kan innehalde mikroorganismar, framandstoff eller miljøgifter som kan vere skadelege for fosteret.
Dei aller viktigaste råda for å unngå smittestoff via mat er å sørgja for god hygiene ved handtering av mat, og dessutan å eta mat som er gjennomsteikt eller kokt og blir serverte rykande varme.
Det beste rådet for å unngå for mykje framandstoff eller miljøgifter frå maten er å ete variert og hovudsakleg plantebasert.
Fisk, sushi og annan sjømat
Fisk og sjømat inneheld fleire viktige næringsstoff. Helsedirektoratet gir kostråd om fisk og annan sjømat. Fisk og sjømat kan likevel også innehalde mikroorganismar eller framandstoff som kan vere skadelege for fosteret. Derfor blir det gitt nokre spesielle råd for gravide.
- Unngå rakfisk når du er gravid, på grunn av skadelege bakteriar.
- Du kan ete gravet og røykt fisk, men slik fisk bør etast godt innanfor haldbardato.
- Du kan ete sushi når du er gravid, så sant han er laga av fersk fisk, men unngå fiskeslaga på lista under.
Fisk og sjømat du bør unngå på grunn av framandstoff/miljøgifter:
- selkjøtt
- blåkveite over tre kilo
- ferskvassfisk av typen: all gjedde, åbor over 25 cm, aure over ein kilo, røye over ein kilo
- all ferskvassfisk frå sjølvfangst
- eksotisk fisk som: hai, sverdfisk, skatar og fersk tunfisk. Tunfisk på boks er trygt
- fiskelever og produkt med fiskelever, som til dømes rognleverpostei
- brunmat i krabbe, fordøyingskjertelen i kamskjel og nyra i o-skjell
Kjøtt og spekemat
Det blir tilrådd alle å avgrense inntaket av raudt kjøtt, og særleg foredla kjøttprodukt (som pølse- og farseprodukt). Helsedirektoratet gir kostråd om kjøtt og kjøttprodukt.
Et berre kjøtt som er gjennomkokt eller gjennomsteikt. Kjøttet skal ikkje vere rosa og kjøttkrafta skal vere klar.
Unngå rått kjøtt som
- spekemat/spekepølse
- gravet kjøtt
- biff tartar
- roastbiff
Oppskore vakuumpakka kjøttpålegg bør etast godt innanfor haldbardato.
Viltkjøtt
Vilt skoten med blyhaldig ammunisjon kan innehalde restar av bly. Om du er gravid eller planlegg å bli gravid, bør du unngå viltkjøtt der det er risiko for blyrestar frå jaktammunisjonen.
Ost og andre meieriprodukt
Ost og meieriprodukt kan innehalde listeriabakteriar. I nokre ostar trivst listeriabakterien og kan vekse, medan i andre ostar trivst han ikkje. Listeriabakteriar kan føre til alvorleg sjukdom og i verste fall død hos personar med underliggjande sjukdommar og nyfødde. For gravide kan bakterien medføre abort. Sjansane for å bli smitta av listeriabakterien er svært låge, men fordi følgjene av smitte kan vere svært alvorlege, bør du vere varsam med nokre ostar og andre mjølkeprodukt når du er gravid.
Du bør unngå upasteurisert (rå) mjølk og produkt laga av slik mjølk. Pasteurisering betyr at produktet er varmebehandla, slik at skadelege bakteriar er drepne. Osteprodusentane i Noreg og EU er pålagde å merka ostar laga av upasteurisert mjølk.
Alle ostar som er varmebehandla, til dømes på pizza, i varme sausar og så vidare er trygge når dei er varmebehandla til over 70 grader. Listeriabakterien blir drepen ved varmebehandling.
Ostar og andre mjølkeprodukt du bør unngå:
- mjuke ostar og muggost som brie, camembert, gorgonzola, chèvre og roquefort. Dette gjeld både for ostar av upasteurisert og pasteurisert mjølk
- halvfaste ostar av upasteurisert mjølk
- kittost som Vacherol, Taleggio, Munster, Saint Albray, Livarot, Pont-l’Evêque, Le Vieux Pané . Dette gjeld både for ostar av upasteurisert og pasteurisert mjølk
- ferskostar og andre mjuke ostar av upasteurisert mjølk
- upasteurisert (rå) mjølk og produkt laga av slik mjølk som ikkje er varmebehandla. Upasteurisert mjølk og produkt av slik mjølk bør varmebehandlast
Ostar som er trygge å ete:
- fast ost av pasteurisert eller upasteurisert mjølk, som parmesan, grana padano, gruyère og emmentalar
- halvfaste ostar av pasteurisert mjølk som gaudaost og sveitserost, inkludert til dømes Norvegia og Jarlsberg (alle vanlege gulostar)
- smelteost, som baconost og skinkeost
- smørjeostar av pasteurisert mjølk, som er nyopna
- konservert fetaost og tilsvarande salatostar av pasteurisert mjølk, til dømes på glas i olje, og som er nyopna
- brunost og prim
Alkohol, koffeinhaldige drikker, urtete, lakris og ingefær
Alkohol
Alle rusmiddel du får i deg når du er gravid, går over til barnet via morkaka. Om du drikk alkohol når du er gravid, vil barnet få den same promillen som deg.
Organa til barnet er umodne og under utvikling, og alkohol kan hemme og skada danning av celler og organ. Hjernen er særleg sårbar fordi han utviklar seg gjennom heile svangerskapet.
Det er ikkje kjent nokon nedre grense for mengda alkohol som kan vere skadeleg for fosteret. Inga mengde er altså trygg, og det blir tilrådd totalfråhald frå alkohol gjennom heile svangerskapet.
Koffeinhaldige drikker
Koffein kan påverka barnet når du er gravid. Koffein kan auka risikoen for spontanabort og risikoen for veksthemming av fosteret. Du bør derfor vere varsam med kaffi, te og andre drikker som inneheld koffein, som cola og energidrikk.
Drikk maksimum éin til to koppar kaffi eller tre til fire koppar svart te per dag. Maksimal tilrådd mengde under graviditeten er 200 mg dagleg. Verdas helseorganisasjon seier at inntak over 300 mg per dag er knytt til auka risiko for abort og låg fødselsvekt.
Koffeininnhald i ulike typar kaffidrikker er (per dl drikke):
- koke- og filterkaffi: 50-60 mg
- pulverkaffi: 40 mg
- espresso: 120 mg
- te: 26 mg
- Coca Cola: 13 mg
- energidrikk: 12-32 mg (avhengig av produkt)
Sjekk koffeininnhaldet i det du drikk ved å lese på flaska/emballasjen dersom du er usikker. Koffeininnhaldet kan variere mellom ulike typar drikkevarer.
Urtete
Urtetear, rooiboste, kamillete, lynghonningte, grøn te og ammetear kan innehalde plantegifter (pyrrolizidinalkaloider) som kan ha helseskadelege effektar. Barnet i magen og barnet som blir amma er særleg sårbare, og gravide og ammande bør derfor vere ekstra forsiktige.
For å redusere mogleg helserisiko, blir det tilrådd å avgrense inntaket av denne typen tear og variera mellom ulike produkt. Det finst ikkje ei nedre grense for når mogleg helserisiko oppstår. Det tryggaste er derfor å unngå denne typen tear mest mogleg og heller velja nypete eller te av reine fruktuttrekk.
Lakris og ingefær
Gravide bør ikkje ete mykje lakris på grunn av fare for skadelege effektar av glycyrrhizinsyre på fosteret under graviditeten. Glycyrrhizinsyre er eit hormonforstyrrande stoff som finst i lakrisplanten. Det er stor uvisse om kor mykje lakris som kan etast før det blir helseskadeleg for fosteret. Det er derfor ikkje mogleg å fastsetja eit nivå for kor mykje lakris gravide trygt kan ete.
Gravide og kvinner som planlegg å bli gravide bør unngå ingefærshots og kosttilskot med ingefær. Bakgrunnen er dyreforsøk som viser at store mengder ingefær kan gi auka risiko for abort.
Plukking av fugleegg, sjømat og reinkjøtt fra forureina område
Måkeegg har eit høgt innhald av miljøgifter og bør unngåast av gravide. Egg frå andre ville fuglar er ikkje undersøkte, men egg frå andre typar fiskeetande fugl har mest sannsynleg også høgt nivå av miljøgifter (til dømes ærfuglegg).
Mattilsynet tilrår å avgrense eller ikkje ete fisk og annan sjømat fra visse forureina område (Mattilsynet.no)
På grunn av forureining etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 kan reinsdyrkjøtt frå enkelte område i Noreg framleis innehalde noko radioaktivitet. Gravide bør unngå høgt inntak av slikt kjøtt.
Toxoplasma og listeria
Parasitten toxoplasma og bakterien listeria kan gi infeksjonar (høvesvis toxoplasmose og listeriose) som i verste fall fører til abort eller skader på fosteret.
Toxoplasma (T. gondii) er ein parasitt som kan overførast via kattar og katteavføring. Du kan bli smitta ved å klappa kattar eller gjennom mat og drikke som har vore i kontakt med katteavføring, som uvaska frukt eller grønsaker. Du kan også bli smitta ved å ete rått kjøtt frå dyr som er smitta med toxoplasma.
Listeria (L. monocytogenes) er ein bakterie som finst naturleg i vatn, jord og råvarer og som kan smitte gjennom matvarer som blir etne utan oppvarming og matvarer som blir oppbevarte lenge i kjøleskapet, som
- skiva kjøtt- og fiskepålegg på slutten av (eller etter) haldbartida
- røykjelaks
- upasteurisert mjølk (sjå avsnittet Ost og andre meieriprodukt)
- mjuke og halvfaste ostar av upasteurisert mjølk eller rå mjølk (sjå avsnittet Ost og andre meieriprodukt)
- muggostar
- spekemat
Toksoplasmose i svangerskapet
Toksoplasmose er ein infeksjon som kan overførast frå kattar til menneske. Infeksjonen er vanlegvis ufarleg for menneske, men fosteret kan ta skade dersom gravide blir smitta.
Kostråd på reise utanlands
Mange land har ein høgare førekomst av skadelege bakteriar og parasittar enn vi har i Noreg. Det er derfor klokt av deg som gravid å vere ekstra varsam med mat i utlandet. Du bør vere endå meir nøye på hygiene i utlandet enn i Noreg.
- Unngå spesielt rått kjøtt og rå fisk.
- Vask eller skrell rå grønsaker, frukt og bær.
- Ha råda i bakhovudet også når du er på restaurant.
- Snakk gjerne med helsepersonell før du reiser.