Sviktande høyrsle stiller større krav både til deg som høyrer dårleg og til samtalepartnaren.    

  • Den som høyrer dårleg, kan bruke mykje krefter på å konsentrere seg og forstå kva som blir sagt. 
  • Samtalepartnaren kan bli utrygg på kva som blir oppfatta om det blir mange gjentakingar.  

Når mange er samla, flyt samtalane ofte på kross og tvers. Jo fleire som er saman, desto høgare blir gjerne lydnivået. For deg med nedsett høyrsle kan dette gjere mange sosiale situasjonar krevjande.    

Det er viktig å ha kunnskap om korleis du kan bidra til å gjere kommunikasjonen lettare. 

Bruk høyreapparat og hjelpemiddel

Det kan vere krevjande å etablere gode rutinar for bruk av høyreapparat og hjelpemiddel. Hugs at dersom du har øvd lenge på å høyre dårleg, må du òg øve på å ta imot lyd igjen. Det er øving som gjer meister. 

Ver ein god venn om du kjenner nokon som strevar med å komme i gang med høyreapparat og hjelpemiddel. Spør om de kan øve saman når det berre er de to. Om du merkar at noko er vanskeleg, kan det vere lurt at de saman skriv ned kva som er utfordrande. På den måten kan audiografen lettare rettleie deg og gjere gode endringar.  

Dersom du skal snakke til ei forsamling der du har tilgang til mikrofon, skal du bruke mikrofonen utan å spørje forsamlinga.  

Tips til deg som bruker høreapparat

Her får du tips som kan gjøre hverdagen enklere når du bruker høreapparat.

Gode lytteforhold

Klang og støy kan gjere det vanskelegare å høyre. Gode lytteforhold er viktig for alle, men spesielt viktig for den som har nedsett høyrsle. Prøv å dempe andre lydkjelder eller stenge ute støy frå utsida.    

Du kan endre innreiinga slik at eit rom blir rolegare. Gardiner eller persienner bidreg til å redusere etterklang og dempe lyd. Det same gjeld lydabsorberande materiale på veggane, til dømes akustikkplater eller veggteppe. Duk og brikker på harde bordflater, kan redusere støy fra dekketøy og bestikk. 

På dagsenter og eldreforeiningar er det spesielt viktig å sørge for gode lokale utan unødvendig klang eller støy. 

Bruk synet som støtte når du høyrer dårleg

Når du har nedsett høyrsle, vil synet kunne hjelpe deg til å høyre betre.    

Vi forstår ord lettare når vi også ser ansiktsuttrykk og gestar. For å lese mimikk og munnrørsler er det viktig med godt lys i rommet, og at lyset er retta mot den som snakkar.

Stå nærare den du snakkar med

Gå nærare den du vil prate med. Det gjer lyden betre og det blir enklare å sjå ansiktet. 

Ver open om at du har nedsett høyrsle

Det er ofte enklare å finne gode løysingar om du snakkar ope om kva du treng for å fungere.     

Skal du på legevakta eller andre stader der namnet ditt blir ropt opp, bør du gi beskjed ved registrering om at du har nedsett høyrsle og treng beskjed på ein annan måte. 

Skal du bu på hotell, bør du seie frå i resepsjonen dersom du er uroa for ikkje å vakne av brannalarmen. 

Bruk skrift som støtte i kommunikasjonen

Det kan vere nødvendig å støtte ein samtale med skrift. Skriv ned viktige meldingar. Send tekstmelding med påminning om tid og stad for avtale.   

Kunstig intelligens er stadig i utvikling. Test ut transkriberings-appar på telefonen, nettbrettet eller PC-en for å tekste samtalar. Dei krev rolege omgivnader og er ikkje alltid gode på dialektar eller høgt tempo, men kan likevel vere enklare enn å skrive på lappar. 

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Slik kan du leve betre med nedsett høyrsle. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 2. juli 2026 [henta søndag 26. juli 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/horsel/leve-godt-nedsatt-horsel/

Sist oppdatert 2. juli 2026

Fann du det du lette etter?