Medisiner kan påverke mor og barn
Det er viktig å vere forsiktig og ikkje bruke medisinar utan god grunn i graviditet.
Nokon medisinar kan overførast frå mors blod til fosteret gjennom morkaka, og kan derfor vere skadelege for barnet medan det er i mors mage eller etter fødsel. Nokon medisinar kan påverke utviklinga til fosteret på ein uheldig måte. Fosteret utviklar dei fleste organa tidleg i svangerskapet, frå tredje til 11. veke etter befruktning. Det svarer til 5. til 13. veke etter første dag i siste menstruasjon. Risikoen for misdanningar er derfor størst ved bruk av medisinar i denne perioden.
Medisinar som verkar på hjernen, som medisinar mot depresjon eller sterke smerter, kan gi barnet abstinensplager viss mor har brukt dei i siste del av svangerskapet. Medisinar kan også påverke den gravide uheldig, ved til dømes å setje i gang eller hemme rier.
Hugs at det også kan vere risiko ved bruk av reseptfrie medisinar, naturmedisinar og kosttilskot. Informasjon om bruk av medisinar under graviditet finn du i pakningsvedlegget. Snakk med legen eller jordmora di om kva medisinar du kan bruke gjennom svangerskapet .
Veie nytte mot risiko
Mange helseplager, som høg feber, epilepsianfall, alvorleg astma og infeksjonar, aukar risikoen for komplikasjonar i svangerskapet. At mor er så frisk som mogleg, er bra for fosteret.
Nokre gravide har alvorleg sjukdom som det er nødvendig å bruke medisinar for også i svangerskapet. Om du har fått medisinen din på resept frå legen, er det viktig at du ikkje endrar dosen eller sluttar med den utan å avtale dette med legen din først. Nokre sjukdommar hos gravide kan vera ein større risiko for mor eller barn enn medisinen. Desse sjukdommane bør derfor behandlast.
Det er også viktig at gravide får god behandling ved milde og vanlege helseplager.
Om du planlegg å bli gravid eller allereie er gravid, snakk med legen din for å diskutere kva medisinar du kan bruke gjennom svangerskapet.
Medisiner som er spesielt aktuelle for gravide
Nedenfor er ein kort oversikt over dei vanelegaste medisinane gravide kan ha behov for å bruke i korte periodar av svangerskapet. En meir detaljert beskrivelse av dei ulike medisintypane er tilgjengeleg på tryggmammamedisin.no.
Smertestillande
Ved smerter i graviditeten er førstevalet smertestillande tablettar med verkestoffet paracetamol (Paracet, Pinex, Panodil og Paracetamol). Til liks med mange andre legemiddel, bør paracetamol brukast i kortast mogleg tid og i lågaste verksame dose. Du bør snakke med lege viss paracetamol ikkje er nok, eller dersom det trengst i meir enn 5 dagar. Bruk av paracetamol i graviditet er grundig studert. Det er sterk støtte i forskinga for at kortvarig bruk av paracetamol i svangerskap ikkje er årsak til utviklingsforstyrringar hos fosteret Sjå meir informasjon om dette frå Folkehelseinstituttet. I befolkningsstudiar har ein sett at langvarig bruk av paracetamol blant gravide kan gi auke risiko for fosterskadar.
Gravide bør under heile graviditeten unngå smertestillande og betennelsesdempande medisinar som blir kalla NSAIDS, med mindre det er avtalt med lege. Døme på NSAIDS er ibuprofen, diklofenak og naproksen. Dette gjeld spesielt i tredje trimester, fordi desse kan vere skadelege for både mor og foster. Sjølv nokre få dosar kan gi uheldige effektar. Om du har brukt medisinar frå denne legemiddelgruppa i tredje trimester, bør du raskt ta kontakt med lege.
Snakk med lege om du har langvarige smerter og ofte har behov for smertestillande. Ein del smertetilstandar hos gravide kan behandlast på annan måte enn med legemiddel.
Nesespray
Gravide kan bruke reseptfri nasespray mot nasetettleik ved forkjøling på same måte som ikkje-gravide. Dette gjeld nasedropar/nasespray mot tett nase med verkestoffa xylometazolin (Dexyl, Otrivin, Zymelin og Xylometazolinhydroklorid) og oksymetazolin (Rhinox).
Gravide som har tett nase av andre årsaker enn forkjøling bør heller bruke saltvasspray. Unngå nasesprayar med mentol fordi det er lite undersøkt om dette kan vere skadeleg i graviditeten.
Medisiner mot halsbrann
Gravide som plagast av halsbrann kan i første omgang prøve behandling med alginsyre (Gaviscon) eller syrenøytraliserande medisinar (Novaluzid, Titralac). Om ikkje dette hjelper, kan verkestoffet famotidin brukast (til dømes Pepcid). Bruk av porotonpumpehemmere (til dømes Losec, Nexium, Somax eller Lanzo) kan vere aktuelle, men då bør lege kontaktast først.
Allergimedisiner
Gravide kan bruke dei fleste reseptfrie medisinar. Alle augnedropar og nasedropar mot allergi kan trygt brukast. Det same gjeld allergitablettar med verkestoffa cetirizin (til dømes Zyrtec eller Cetimax), loratadin og desloratadin (til dømes Aerius). Ved bruk av reseptpliktige medisinar eller behov for langvarig behandling, bør du snakke med lege.
Medisiner mot forstoppelse
Treig mage og forstopping er ei vanleg plage for gravide. I første omgang blir tilrådd at du følgjer kost- og livsstilsråd. Sørg for dagleg mosjon, drikk rikeleg med vatn og et fiberrik mat som grove kornprodukt, frukt og grønt. Dersom dette ikkje gir tilstrekkeleg effekt, kan du prøve loppefrø (Vi-Siblin), laktulose (som Laktulose, Levolac eller Duphalac) eller makrogol (til dømes Movicol eller Moxalole).
Viss heller ikkje dette hjelper, kan du prøve tarmstimulerande middel. Døme:
- Bisakodyl, til dømes Dulcolax eller Toilax
- Sennaglykosid, til dømes Pursennid
- Natriumpikosulfat, til dømes Laxoberal
Desse legemidla kan brukast i inntil éi veke. Ved hard avføring i endetarmen, kan miniklyster (som til dømes Microlax) også prøvast. Ta kontakt med lege om du er svært plaga av forstopping og desse råda ikkje har tilstrekkeleg effekt.
Råd fra Trygg mammamedisin
På tryggmammamedisin.no finn du meir detaljerte råd om bruk av medisinar ved graviditet og amming. Dette er en gratis, offentlig tjeneste med informasjon utarbeidet av leger og farmasøyter.
Du kan sende inn spørsmålet ditt via nettsida tryggmammamedisin.no. Der kan du også finne informasjon om bruk av medisinar mot nokre vanlege plager under graviditet og amming.
Av og til svarer Trygg mammamedisin at det er i orden å bruke ein medisin, sjølv om pakningsvedlegget frårår bruk under graviditet. Dette kjem av at legar og fagfolka ved Trygg mammamedisin gir individuelle råd på bakgrunn av tilgjengeleg vitskapleg informasjon.
