Samtykke til Pasientreiser

Om du reiser til eller frå offentleg godkjend behandling, kan du ha rett til å få støtte til reiseutgiftene dine.  

For å søke digitalt må du samtykke til at Pasientreiser hentar inn opplysningar om at du har vore til behandling.  Samtykket finn du lengst bak i kvar søknad, og gjeld for kvar enkelt søknad. Søkar du igjen, må du gi samtykke på nytt.  

Det gjeld òg viss du skal bestille ei reise som Pasientreiser organiserer. Du må samtykke før du sender bestillinga til Pasientreiser, og samtykket gjeld for kvar enkelt bestilling du sender inn. 

Når du sender inn ein digital søknad eller bestiller ein organisert reise, samtykker du til at Pasientreiser hentar inn opplysningar om at du har møtt til behandling, frå Databasen for Kontroll og Utbetaling av Helserefusjon (KUHR) og Norsk Pasientregister (NPR). 

Kvifor samtykke?

Pasientreiser gjer oppslag i registera for å bekrefte at du har vore til behandling den dagen du søker om støtte til reiseutgifter for. Dermed slepp du å legge ved ei bekrefting frå behandlaren din.  

Pasientreiser hentar ikkje inn informasjon om andre datoar enn datoane du oppgir at du var til behandling. 

Kan eg trekke tilbake samtykket?

Samtykket til Pasientreiser gjeld for kvar enkelt søknad eller bestilling du sender, og kan ikkje trekkast tilbake digitalt. Samtykket gjeld ikkje for framtidige søknadar eller bestillingar.

Kan eg søke om reisestøtte eller bestille reise sjølv om eg ikkje samtykker?

Om du ikkje samtykker, kan du ikkje søke digitalt om reisestøtte. Då må du sende søknad på papirskjema

Du kan heller ikkje bestille ei organisert reise digitalt utan samtykke. Då må du ringe 05515 for å bestille pasientreiser.

Sjølv om du ikkje samtykker til at Pasientreiser hentar opplysningar om at du har vore til behandling frå registera når du søker om reisestøtte, kan Pasientreiser likevel hente opplysningar om du har vore til behandling. Då kan Pasientreiser ta kontakt med behandlaren din.

Kva bruker Pasientreiser opplysningane til?

Pasientreiser undersøker om opplysningane du har gitt er korrekte.

Om du ikkje har vore til behandling, sjølv om du har oppgitt at du har det, kan Pasientreiser krevje pengane du har fått utbetalt tilbake.

Om du bestiller ei pasientreise utan å ha vore til behandling, kan Pasientreiser krevje at du betalar tilbake drosjeutgiftene. 

Opplysningar som kan bli henta inn utan samtykke  

Pasientreiser behandlar søknaden eller bestillinga di heilt eller delvis automatisk. 

Nødvendige opplysningar kan bli henta inn utan at du treng å samtykke til det. Døme på dette er namn, reisemåte, tidspunkt for reisa og om du har spesielle transportbehov.  

Ei fullstendig liste over kva opplysningar det gjeld finnar du i sjuketransportregisterforskrifta (lovdata.no). Opplysningar som kan bli henta inn utan samtykke blir oppgitte av verksemder, behandlarar og tenesteytarar du har fått behandling hos.

Kontakt Pasientreiser

05515

Kontakt oss ved spørsmål om utfylling av reiserekningsskjema, dekning av reiseutgifter eller bestilling av pasientreisa di.

pasientreiser.no

Er du helsepersonell eller transportør? Gå til pasientreiser.no

Innhaldet er levert av Pasientreiser HF

Pasientreiser HF. Samtykke for Pasientreisers tilgang til opplysningar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 4. desember 2025 [henta torsdag 4. desember 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/pasientreiser/om/pasientreiser-samtykke/

Sist oppdatert torsdag 4. desember 2025