Betaling ved behandling hos ortoptist

Helfo kan dekkje delar av utgiftene dine til undersøking og behandling hos ortoptist.

Kvinne får sjekket øynene sine hos ortoptist.

Diagnosar hos ortoptist

Ortoptisten undersøker, diagnostiserer og behandlar skjeling, dobbeltsyn og samsynsproblem. Ortoptister arbeider med pasienter i alle aldre. (Kilde: Store medisinske leksikon)

For at du skal ha rett til stønad frå folketrygden til behandlinga, må ortoptisten ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking og behandling startar. Ortoptisten har plikt til å informere deg som pasient dersom han/ho ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile regninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6. 

Tilvising til ortoptist

For at du skal få dekt delar av utgiftene, må du ha tilvising frå ein lege som er spesialist i augesjukdomar.

Tilvisinga (henvisningen) gjeld så lenge behandlingsbehovet er til stades. Du må ha ny tilvising ved ny diagnose eller om det kjem nye viktige opplysningar.

Betaling hos ortoptist

Ortoptistane avgjer sjølv prisen på tenestene dei tilbyr. Stønaden vil derfor berre dekkje ein del av det du har betalt.

Helfo gir stønad etter fastsette takster, og stønaden frå Helfo trekkes automatisk frå på rekninga du får fra ortoptisten. Du som pasient skal derfor ikkje søkje Helfo om refusjon for behandling. 

 
Støtte til behandling hos ortoptist Sats per behandling
Vaksne og barn over 12 år 269 kroner
Barn under 12 år 469 kroner

Utgifter til ortoptist tel ikkje med i frikortordninga. 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Betaling ved behandling hos ortoptist. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 4. juli 2024 [henta tysdag 23. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/stonad-til-behandling-hos-ortoptist/

Sist oppdatert torsdag 4. juli 2024