Når kan du be om ny vurdering?
- Du har fått avslag på tilvisinga di, med beskjed om at du ikkje har rett til helsehjelp frå spesialisthelsetenesta.
- Du er ueinig i fristen du har fått for seinaste oppstart av helsehjelpa.
- Du er ueinig i diagnosen eller kor alvorleg sjukdomen er.
- Du er ueinig i det føreslåtte behandlingsopplegget.
Du treng ikkje grunngi ønsket om ei ny vurdering. Du kan berre be om ny vurdering éin gong for same tilstand.
Korleis be om ny vurdering?
Om du ønsker ei ny vurdering kan du ta det opp med legen som sende tilvisinga. Legen vurderer om det er grunnlag for å be om ei ny vurdering eller ikkje. Viss legen meiner du bør få ei ny vurdering, sender legen ei ny tilvising til spesialisthelsetenesta. Du kan velje kvar legen skal sende tilvisinga. Ei fornya vurdering må sendast til ein behandlingsstad som har rett til å vurdere tilvisingar.
Viss fastlegen meiner du ikkje har fagleg grunnlag for å be om ei ny vurdering, kan du ikkje krevje å få det. Men fastlegen må gi ei grundig grunngiving. Om du er ueinig med fastlegen kan du klage til Statsforvaltaren.
Korleis blir den nye vurderinga gjord?
Spesialisthelsetenesta vurderer den nye tilvisinga på sjølvstendig grunnlag, og etter same kriterium som dei vurderer alle andre tilvisingar. Svarfristen på 10 arbeidsdagar gjeld ikkje for ny vurdering.
Legen som gjer den nye vurderinga
- skal avgjere om du har behov for og krav på helsehjelp frå spesialisthelsetenesta eller ikkje
- skal eventuelt/i så fall sette ein fristdato for når helsehjelpa seinast skal starte
Legen som gjer den nye vurderinga må òg vurdere om tilvisinga og saka sine dokument gir nok informasjon for å ta ei avgjersle, eller om du må kome inn til nye undersøkingar. Du har ikkje krav på nye undersøkingar med mindre det er nødvendig for at du skal få forsvarleg hjelp.
Ny vurdering er noko anna enn ei klage, og den nye vurderinga er ikkje nødvendigvis betre enn den opphavlege. Du kan, i samråd med tilvisande lege, sjølv velje kva for ei av vurderingane som skal gjelde. Her er det viktig å hugse at behandlingsforløpet som blir skissert av behandlingsstaden du vel, ikkje er bindande for ein annan behandlingsstad.
Kan du klage?
Du kan bare be om ny vurdering én gang for samme tilstand. Hvis du får avslag på henvisningen på nytt, kan du klage til Statsforvalteren (statsforvalteren.no). Statsforvalteren kan overprøve alle sider av saken.
Du kan også klage hvis du mener at
- retten til fornyet vurdering ikke er innfridd
- den nye vurderingen er gjennomført på en uforsvarlig måte
- du er uenig i fristen for oppstart av helsehjelpen, diagnosen eller behandlingsopplegget du har fått

Rett til å klage
Du har rett til å klage hvis du mener at du ikke har fått oppfylt dine rettigheter, eller at du ikke har mottatt de helsetjenestene du har krav på.
Illustrasjon: Eugenio Marongiu / Johnér Bildbyrå AB