Framsida

Når du loggar inn på tenesta Småbarnsliv, får du opp namnet på barnet ditt og perioden barnet ditt er i. Perioden er alderstrinnet til barnet ditt.

Du kan enkelt gå tilbake til tidlegare periodar eller periodar framover ved å klippe på knappane "førre periode" og "neste periode".

Under kvar periode finn du informasjon, tilpassa alderen til barnet. Tenesta har informasjon om barn mellom 0 og 2 år. Informasjonen er laget og kvalitetssikra i samarbeid med Helsedirektoratet.

Her finn du all informasjonen du får i tenesta Småbarnsliv.

Slik ser framsida på tenesta Småbarnsliv ut:

Illustrasjon av ein vaksen som matar eit lite barn. Teksten viser at barnet er 6–12 månadar. Under ligg ein meny med tema som utvikling, mat, søvn, tryggleik, sjukdom, vaksinar og kvar du kan få hjelp.

Registrere høgda og vekta til barnet

I tenesta kan du òg registrere høgda og vekta til barnet sjølv, til dømes etter kontroll på helsestasjonen. Helsepersonell gjer ei heilskapsvurdering av måleresultata over tid, i samanheng med blant anna andre målingar, allmenntilstanden og sjukehistoria til barnet.

Det er normalt at barn veks i ulikt tempo, men veksten bør vanlegvis følge ei stabil kurve. Om du er bekymra bør du prate med helsestasjonen om dette.

Slik ser høgdekurva ut i tenesta Småbarnsliv:

Høgdediagram som viser den målte høgda til barnet frå fødsel til rundt 9 månadar. Punkta går frå cirka 48 cm ved fødsel til rundt 70–95 cm ved siste måling. Bakgrunnen viser dei nasjonale høgdereferansane. Under diagrammet kan du filtrere målingar, sjå alle høgdemålingar og lese om høgdediagram.

Slik ser vektkurva ut i tenesta Småbarnsliv:

Vektkurve som viser den målte vekta til barnet frå fødsel til rundt 9 månadar. Punkta ligg mellom 3 og 5 kilo. Bakgrunnen viser dei nasjonale vekstkurvene. Under diagrammet kan du filtrere målingar, sjå alle vektmålingar og lese om vekstkurver.

Sist oppdatert tysdag 18. november 2025