Tennisolboge og golfolboge

Tennisolboge og golfolboge er nemningar for smerter på utsida eller innsida av olbogen. Smertene oppstår gjerne som følgje av overbelasting av senefesta i olbogen. Dette kjem som oftast av fleire, einsformige rørsler utan nok kvile. Plagene er borte hos over 90 prosent i løpet av 1 år utan spesiell behandling.

Kva er tennisolboge og golfolboge?

Ved tennisolboge sit smertene på utsida av olbogen (lateral epikondylalgi). Ved golfolboge er smertene på innsida av olbogen (medial epikondylalgi). Smertene kjennest typisk når du bruker og belastar underarmen og handa. Då kan du òg få nedsett styrke og funksjon i armen.   

Både tennis- og golfolboge kan gjere vondt og føre til utfordringar i kvardagen.

Symptom på tennisolboge og golfolboge

Symptom på tennis- og golfolboge kan vere:  

  • smerter når du bruker armen, og etter bruk   
  • verkande smertar på yttersida av olbogen (tennisolboge)  
  • verkande smertar på innsida av olbogen (golfolboge)  
  • brennande kjensle, svie, prikking eller stikkande smerter  
  • smerter som stråler ned i underarmen 
  • smerter når du vrir underarm og hand 
  • at olbogen kan kjennast stiv både når du bøyer og strekkjer han  

Smertene kan kome og gå. Kor vondt det gjer, vil avhenge av korleis du bruker armen. Du kan òg ha vondt nokre timar etter arbeid.  

Nokre gonger blir smertene meir konstante og kan påverke funksjonen din.  

Årsaker til tennisolboge og golfolboge

Tennis- og golfolboge kjem nesten alltid av gjentakande og einsidig belasting utan nok kvile. Yrkesgrupper som bruker armane mykje, er spesielt utsette, som til dømes handverkarar. Kontorarbeidarar med repeterande, einsidig arbeid er òg ei risikogruppe.  

Smertene kan kome frå senefesta på sida av olbogen (epikondylane) og litt ned i sena.  Det er òg vanleg at smertene kjem frå musklane i øvste tredel av underarmen. Ofte er både musklar og sener påverka samtidig.   

Det er berre ved akutte smertetilstandar at det er ein betennelse i olbogen.  Langvarige smerter kjem ikkje av ein betennelse.  Derfor kallar vi langvarige smerter i olbogen «olbogesmerter», i staden for betennelse i olbogen.  

Normal variert fritidsaktivitet er aldri årsak til tennis- eller golfolboge. Du blir heller ikkje verre av å drive med variert fritidsaktivitet dersom du har fått tennis- eller golfolboge. 

Risikofaktorar for tennisolboge og golfolboge

Du har auka risiko for å utvikle tennis- og golfolboge om du:  

  • bruker same arbeidsreiskap i same rørslebane over tid. Dette kan vere tastatur og mus, frisørsaks eller handverktøy  
  • arbeider ved samleband eller produksjonslinje med høge krav til effektivitet  
  • har lite høve til å ta korte pausar i løpet av arbeidsdagen

Behandling av tennis- og golfolboge

Når du først får tennis- og golfolboge, bør du endre korleis du bruker armen, og sørgje for at han får nok kvile. Dette kan vere tilstrekkeleg som behandling. Du kan òg ta betennelsesdempande medisinar fire til fem dagar i denne fasen, eller ise ned området 5 minutt 3 gonger dagleg nokre dagar.   

Om du har langvarige smerter i olbogen, bør du unngå bruk av betennelsesdempande medisinar. Desse kan hindre at du blir betre, og halde smerta ved lag.   

Naturleg betring med tida  

Dersom du har høve til å redusere belastninga og tilpasse arbeidsoppgåvene dine, er det sannsynleg at plagene går over av seg sjølv. Over 90 prosent blir tilnærma smertefrie med normal funksjon etter eitt år utan noka behandling. Så det er viktig at du er tolmodig og tilpassar belastinga.  

Trening som behandling  

Dersom smertene varer i fleire veker, har nokre nytte av eit gjennomføre eit treningsopplegg. Øvingar kan betre plagene, men hjelper ikkje for alle. Eit program der du bruker heile overkroppen, er fint. Det er ikkje sterke haldepunkt for at nokon spesielle øvingar hjelper betre enn andre.  

Anna behandling  

Ei mjuk olbogestøtte eller eit band rundt øvre del av underarmen (epikondylband) fordeler belastinga i området og kan hjelpe litt. Andre behandlingar kan òg hjelpe kortvarig, men ikkje betre enn inga behandling. Om du har mykje vondt i musklane, kan varme, tøying og massasje lindre litt.  

Det er svært sjeldan at ukomplisert tennis- og golfolboge blir behandla med bruk av kirurgi.  

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Tennisolboge og golfolboge . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 16. april 2024 [henta søndag 14. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/tennisalbue-og-golfalbue/

Sist oppdatert tysdag 16. april 2024