Alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis)

Alvorleg svangerskapskvalme rammar berre eit fåtal gravide. Det gjev så intens kvalme og så store plager at du treng helsehjelp.

Kva er alvorleg svangerskapskvalme?

I motsetning til vanleg svangerskapskvalme kan alvorleg svangerskapskvalme føre til ernæringssvikt eller sjukdom hos mor eller foster. 1–3 prosent av gravide utviklar alvorleg svangerskapskvalme (Hyperemesis gravidarum, ofte kalla hyperemesis eller HG). Denne tilstanden er ei hyppig årsak til sjukehusinnlegging tidleg i svangerskapet. 

Alvorleg svangerskapskvalme kan definerast som vedvarande kvalme og oppkast som startar før 22. svangerskapsveke. 

Konsekvensar for mor 

Alvorleg svangerskapskvalme kan gjere det vanskeleg å halde på mat og drikke utan å kaste opp. Dette kan igjen føre til 

  • væsketap (dehydrering) 
  • endringar i væske- og saltinnhald i kroppen (elektrolyttforstyrringar) 
  • ernæringssvikt med vekttap og vitaminmangel 

Alvorleg svangerskapskvalme gjev ofte svært redusert livskvalitet, og påverkar både arbeidsevne og kapasitet til å delta i kvardagslege gjeremål og familieliv. 

Ein sjeldan, men alvorleg komplikasjon er hjerneskade hos mor grunna vitamin B1 (tiamin)-mangel. 

Konsekvensar for fosteret 

Fleire studiar har vist at barnet kan ha auka risiko for å bli fødd før 37. svangerskapsveke eller med låg fødselsvekt, det vil seie under 2500 gram ved termin. 

Risikoen for låg fødselsvekt aukar dersom du ikkje får korrigert væske- og næringsinntaket. Det er derfor svært viktig at gravide med alvorleg svangerskapskvalme får behandling, og følgjer behandlingsopplegget og dei råda lege eller jordmor gjev. 

Symptom på alvorleg svangerskapskvalme

Symptom på alvorleg svangerskapskvalme er: 

  • vedvarande, intens kvalme 
  • brekningar og oppkast 
  • vekt- og væsketap (dehydrering) 
  • svekt ålmenntilstand 

Ta kontakt med lege eller jordmor dersom du har desse symptoma. Diagnosen blir berre sett når andre årsaker til symptoma er utelukka, til dømes urinvegsinfeksjon, mage-tarminfeksjon eller bukspyttkjertelbetennelse. 

Utgreiing og diagnose

Svangerskapskvalme kan graderast ved hjelp av eit spørjeskjema som på norsk blir kalla SUKK (SvangerskapsUtløyst Kvalme Kvantifisering). På engelsk heiter skjemaet PUQE. 

Skjemaet inneheld tre spørsmål: 

  • Kor mange timar per døgn er du kvalm? 
  • Kor mange gonger har du brekt deg? 
  • Kor mange gonger har du kasta opp? 

Legen går gjennom SUKK-skjemaet saman med deg, og graderer deretter svangerskapskvalmen som lett, moderat eller alvorleg. Du blir også undersøkt for å sjå om det er andre sjukdomar eller faktorar som kan vere årsak til kvalmen. 

Erfaring viser at høg SUKK-skår heng saman med redusert livskvalitet og næringsinntak. Etter behandlinga stig SUKK-skår og livskvalitet til verdiar liknande dei som gravide kvinner utan alvorleg svangerskapskvalme har. 

Andre undersøkingar 

Vekta di vil bli målt og vektutviklinga følgt opp. Det blir også teke urin- og blodprøvar blant anna for å kontrollere salt-, elektrolytt- og ernæringsstatus. Ultralydundersøking blir utført for å stadfeste svangerskapslengd og trivsel hos fosteret.

Behandling

Kvinner med mild og moderat svangerskapskvalme kan ofte behandlast heime med symptomlindrande tiltak. Kvalmestillande medisinar, kosthaldsrettleiing, vitamintilskot og ro gjer at dei fleste greier å få i seg nok væske og næring. 

Dersom du har alvorleg svangerskapskvalme, og symptomlindrande tiltak og kvalmestillande medikament ikkje gjev tydeleg betring av kvalmen og næringsinntaket, må du ofte leggjast inn på sjukehus. 

På sjukehuset vil du få 

  • kvalmestillande behandling 
  • tilførsel av væske og elektrolyttar intravenøst 
  • næringstilførsel gjennom ein sonde – ein tynn slange som blir lagd ned i magesekken 

Erfaring og studiar viser at sonde er den beste måten å få tilført næring og nødvendige vitamin på, dersom du ikkje klarer å ete eller drikke sjølv. 

Under sjukehusopphaldet blir ålmenntilstanden, vekt, urin- og blodprøvar kontrollerte regelmessig. Når ålmenntilstanden er betra, kan du skrivast ut – med avtale om vidare kontroll og korleis behandlinga skal følgjast opp heime. Nokre blir skrivne ut frå sjukehuset med sonde og held fram med sondeernæring heime. 

Dei fleste blir kontrollerte vidare hos fastlege eller jordmor. Nokre vil trenge ei ny intravenøs behandling, som kan gjerast utan at du blir lagd inn på sjukehuset. (poliklinisk). Om tilstanden din forverrar seg igjen med kvalme eller oppkast som gjev vektnedgang, kan det bli nødvendig at du blir lagd inn på nytt.

Sjølvhjelp og råd

Ro og høve til å kvile er viktig i behandlinga. Dette kan vere krevjande å få til om det til dømes er fleire barn i familien. Hjelp og psykologisk støtte frå partnar, familie og vener er avgjerande for at behandlinga skal gje effekt. 

Angst, uro, ustabil partnar eller vanskeleg heimesituasjon kan forverre tilstanden. Det kan vere vanskeleg for pårørande å skjøne kor sjuk du faktisk kjenner deg og er med alvorleg svangerskapskvalme. Samtale med lege, jordmor eller anna kompetent helsepersonell kan vere til god hjelp for mange. 

Sterke lukter kan framprovosere kvalme. Matlaging, blomstrar, sterk parfyme og andre sterke dufter bør derfor haldast unna gravide med alvorleg svangerskapskvalme. 

Generelt gjeld dei same råda for sjølvhjelp som ved vanleg svangerskapskvalme.

Risikofaktorar og førebygging

I Noreg førekjem alvorleg svangerskapskvalme i ein til tre prosent av alle svangerskap. Alvorleg svangerskapskvalme er vanlegast blant kvinner frå Søraust-Asia og Afrika sør for Sahara. 

Risikofaktorar for alvorleg svangerskapskvalme 

Fleire forhold er knytte til auka risiko for alvorleg svangerskapskvalme: 

  • Dersom du har hatt alvorleg svangerskapskvalme ved tidlegare svangerskap, vil risikoen auke frå 0,7 til 15 prosent i neste svangerskap. Det vil seie at om lag 15 av 100 kvinner som har hatt tilstanden tidlegare, vil få han på nytt. 
  • Dersom mor di hadde alvorleg svangerskapskvalme i eitt eller fleire av svangerskapa sine, er risikoen for at du får sjukdomen tredobla. 
  • Dersom du er fødd i Søraust-Asia eller i Afrika. 
  • Dersom du ber eit jentefoster eller fleirlingar (tvillingar/trillingar). 
  • Dersom du har høgare eller lågare kroppsmasseindeks enn normalt, eller du er svært ung. 

Alder over 30 år er ein beskyttande faktor.

Årsaker

Årsaka til alvorleg svangerskapskvalme er ikkje kjend, og ser ut til vere samansett. I dag meiner ein at alvorleg svangerskapskvalme er eit resultat av både hormonelle, genetiske og sosiale faktorar. 

Hormon 

Fleire studiar har vist at forhøgja nivå av graviditetshormonet hCG (humant chorion-gonadotropin) har ein samanheng med utvikling av alvorleg svangerskapskvalme. Dette kan ein sjå i samanheng med at gravide med jentefoster eller tvillingar (fleirling-svangerskap) både har høgare nivå av hCG og høgare risiko for alvorleg svangerskapskvalme. 

Fleire studiar har også peika på samanhengen mellom alvorleg svangerskapskvalme og forhøgja nivå av østrogen. Østrogen hemmar tømminga av magesyre frå magesekken, og dette kan auke sannsynet for kvalme. 

Protein som påverkar kvalmesenteret 

Det nyaste funnet innan årsaksfaktorar er at kvinner med hyperemesis har høgare nivå av proteinet GDF-15 enn friske gravide. Dette proteinet påverkar kvalmesenteret i hjernen. Ved genetisk endra produksjon eller auka følsemd for dette proteinet, kan risikoen for alvorleg svangerskapskvalme førast vidare frå generasjon til generasjon (vere arveleg).

Psykologiske årsaksforklaringar 

Tidlegare vart alvorleg svangerskapskvalme sett på som ein psykisk sjukdom, og grunngjeve med fødselsangst eller psykisk motstand mot fosteret eller barnefaren. Dette er det ikkje haldepunkt for. No reknar ein psykiske symptom meir som ein følgjetilstand fordi det er svært belastande å lide av hyperemesis i svangerskapet. 

Mattilsynet

Råd om trygg mat og drikke under svangerskapet, og informasjon om amming.

Trygg mammamedisin

Få råd frå fagfolk om trygg medisinbruk ved graviditet og amming. Tenesta er gratis. 

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

​Askling J, Erlandsson G, Kaijser M, Akre O, Ekbom A. Sickness in pregnancy and sex of child. Lancet 1999; 354:2053. 

Bailit, JL. Hyperemesis gravidarum: epidemiologic findings from a large cohort. Am J Obstet Gynecol 2005:193; 811-4. 

Fejzo MS, Poursharif B, Korst LM et al. Symptoms and pregnancy outcomes associated with extreme weight loss among women with hyperemesis gravidarum. Journal of Womens Health, vol.18, nr.12, 2009:1981-1987. 

Depue R.H., Bernstein L., Ross R.K., Judd H.L., Henderson B.E. Hyperemesis gravidarum in relation to estradiol levels, pregnancy outcome, and other maternal factors: a seroepidemiology study. Am J Obstet Gynecol 1987;156:1137–1141. 

Eliakim et al. Hyperemesis gravidarum: a current review. Am. J Perinat Vol.17, nr.4.2000;207-218. 

Fell et al. Risk Factors for Hyperemesis Gravidarum. Am Coll Obstet Gynecol 2006; 107 (februar). 

Frigo P., Lang C., Reisenberger K., Kolbl H. and Hirschl A.M. Hyperemesis gravidarum associated with Helicobacter pylori seropositivity. Obstet Gynecol 1998; 91,615–617. 

Melero-Montes M., Hershel J. Hyperemesis gravidarum and the sex of the offspring. Epidemiology 2000; 12:123-124. 

Poursharif B., Korst L.M., Fejzo M.S., Macgibbon K.W., Romero R., Goodwin T.M. The psychosocial burden of hyperemesis gravidarum. J Perinatol 2008;28:176-181. 

Poursharif B., Korst L.M., Macgibbon K.W., Fejzo M.S., Romero R., Goodwin T.M. Elective pregnancy termination in a large cohort of women with hyperemesis gravidarum. Contraception 2007;76:451-455. 

Sørensen H.T., Thulstrup A.M., Mortensen J.T. Hyperemesis gravidarum and sex of child. Lancet 2000; 355, 407. 

Trogstad L.I., Stoltenberg C., Magnus P., Skjaerven R., Irgens L.M. Recurret risk in hyperemesis gravidarum. BJOG 2005; 112:1641-45. 

Veenendaal M., van Abeelen A., Painter R., van der Post J., Roseboom T. Consequences of hyperemesis gravidarum for offspring: a systemic review and meta-analysis. BJOG 2011;118:1302-1313. 

Verberg et al. Hyperemesis gravidarum, a literature review. Human reproduction update 2005. doi:10.1093/humupd/dmi021. 

Vikanes Å., Grjibovski A., Vangen S., Magnus P.. Variations in prevalence of hyperemesis gravidarum by country of birth: a study of 900,074 births in Norway, 1967-2005. Scand J Public Health 2008;36:135-142. 

Vikanes Å., Skjærven R., Grjibovski A.M. et al. Recurrence of hyperemesis gravidarum across generations: population based cohort study BMJ 2010;340:c2050. 

Vikanes Å., Grjibovski A.M., Vangen S., Magnus P. Length of residence and risk of developing hyperemesis gravidarum among firstgeneration immigrants to Norway. Eur J Public Health 2008, 1-6. 

Vikanes Å., Grjibovski A.M., Vangen S. et al. Maternal Body Composition, Smoking, and Hyperemesis Gravidarum Ann Epidemiol 2010;20:592–598. 

Zara G., Codemo V., Palmieri A. et al. Neurological complications in hyperemesis gravidarum. Neurol Sci (2012).

Innhaldet er levert av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 15. desember 2022 [henta torsdag 30. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/svangerskap/alvorlig-svangerskapskvalme/

Sist oppdatert torsdag 15. desember 2022