Viss plagene utviklar seg til å bli problem, bør du ta det opp med jordmor eller fastlege på svangerskapskontrollane.
Kvalme og oppkast
Kvalme i graviditeten er for mange verst tidleg på dagen og blir derfor kalla morgonkvalme. Hos nokon kan kvalmen vere der til alle tider av døgnet. Den nøyaktige årsaka til svangerskapskvalme er ikkje kartlagd, men har blitt knytt til ein auke i svangerskapshormonet hCG.
Kvalmen startar gjerne frå veke 6 og varer til veke 12–13. Nokre få gravide er framleis kvalme etter 20 vekers graviditet. Kvalmen er sjeldan farleg for deg eller barnet. Sjølv om du kastar opp to eller tre gonger dagleg, beheld du vanlegvis noko mat i kroppen.
Kvalme kan føre til at ein drikk mindre enn tilrådd. Forsøk å halde oppe vanleg inntak av væske sjølv om du er kvalm.
Om du ikkje greier å få i deg eller halde på noko mat eller drikka, og kjenner deg svimmel og slapp, bør du kontakte lege. Det kan vere at du treng behandling med medisinar og i enkelte tilfelle sjukehusinnlegging.
Alvorleg svangerskapskvalme (hyperemesis)
Alvorleg svangerskapskvalme gir ein så ekstrem kvalme og så store plager at du treng helsehjelp.
Tips til kva du kan prøve om du er kvalm
- Spis lite og ofte, til dømes annankvar time.
- Spis tørre kjeks eller rista brød.
- Spis litt med ein gong du vaknar, og bruk god tid på å stå opp frå senga.
- Unngå mektig og sterkt krydra mat.
- Drikk vanleg mengd væske, men unngå kaffi.
- Sett deg ned etter at du har ete.
- Beveg deg sakte og unngå brå rørsler.
- Rør litt på deg kvar dag og få litt mosjon og frisk luft.
- Enkelte gravide opplever at akupunktur hjelper mot svangerskapskvalme.
- Akupressur-armband kan kjøpast på apotek – det er ufarleg å bruke, men det er usikkert om det har nokon effekt.
Trøyttleik, søvnproblem og svimmelheit
Trøyttleik
Det er normalt å vere trøytt dei første tre månadene (første trimester). Det blir vanlegvis betre i andre trimester. Om du held fram med å vera mykje trøytt, bør du kvile så ofte som mogleg og få avlasting frå arbeidsoppgåver heime og på arbeidsplassen. Blodprosenten bør undersøkast for å utelukka at trøyttleiken kjem av jernmangel.
Søvnproblem og sovestilling
Det er vanleg å sove litt dårlegare når du er gravid. Det kan komme av både kroppslege forandringar og mange tankar om fødselen og det nye barnet som skal komme.
I siste del av svangerskapet er det fleire småplager som kan gi dårlegare søvn. Sov gjerne med ei pute mellom beina når du søv på sida, det kan vera godt for bekkenet.
Om du slit med søvnen, er det beste tipset å akseptere situasjonen og godta at dette er normalt når du er gravid. Det kan vere slitsamt, men det er ikkje farleg.
Livmora blir tyngre og kan pressa på blodårar som er viktige for blodtilførselen til barnet. Derfor bør du alltid etter veke 28 i svangerskapet, legge deg å sove på sida. Det er ikkje farleg om du snur deg til andre stillingar i søvnen. Vaknar du på ryggen, er det kroppen din som gir deg signal om at du bør legge deg over på sida igjen.
Søvn og søvnproblem
Søvn er viktig for både fysisk og psykisk helse. Kor mykje søvn me treng er individuelt, men dei fleste vaksne har behov for sju til åtte timar per natt. Søvnproblem er ei av dei vanlegaste helseplagene i befolkninga.
Svimmelheit
I ein normal graviditet blir blodtrykket gjerne litt lågare delar av den tida du er gravid. Dette kan gjere deg svimmel, særleg om du reiser deg raskt opp frå liggande eller sittande stilling. Andre vanlege årsaker til svimmelheit kan vere at du har drukke lite, eller at du har utvikla jernmangel – anemi. Nokon blir også svimle når dei ligg på ryggen i siste del av graviditeten.
Gode råd er å ta omsyn til det lågare blodtrykket ved å reise deg sakte, drikke nok væske, og unngå ryggleige dersom dette gjer deg svimmel. Om du mistenker anemi, kan dette undersøkast ved å ta ei blodprøve hos jordmor eller fastlege.
Underliv
Urinvegsinfeksjon
Om du får ein brennande eller sviende smerte når du tissar, kan det hende du har urinveisinfeksjon, eller blærekatarr som det også blir kalla. Urinvegsinfeksjon kan gå over av seg sjølv etter nokre dagar. Når du er gravid blir det tilrådd at urinvegsinfeksjon blir behandla med antibiotika på grunn av auka fare for komplikasjonar.
Du bør derfor kontakte lege om du mistenker urinvegsinfeksjon, og levere ei urinprøve til undersøking. Urinprøva kan vise om det er teikn til urinvegsinfeksjon. Prøva kan også vise kva bakterie som er årsak til infeksjonen.
Av og til blir gruppe B streptokokkinfeksjon påvist, og du vil då også tilrådast antibiotikabehandling under fødsel. Om du er gravid og stadig vekk får urinvegsinfeksjonar, kan fastlegen din tilvisa deg til ein spesialist.
Hyppige urinvegsinfeksjon kan også vere eit teikn på gruppe B streptokokkinfeksjon.
Inkontinens
Over halvparten av gravide plages med urininkontinens eller ufrivillig vasslating (tissing/urinering). Dei vanlegaste formene for urininkontinens er:
- Stressinkontinens: ufrivillig lekkasje av urin når du anstreng deg fysisk
- Urge-inkontinens: ufrivillig lekkasje av urin assosiert med sterk trong til å tisse
Inkontinens er i seg sjølv ikkje farleg, men det kan føre til ei rekke fysiske og sosiale plager som kan gå ut over livskvaliteten.
Trening av bekkenbunnsmuskulaturen hjelper for å førebygge inkontinens, både før og etter fødsel. Studiar viser at dette er meir effektivt enn ingen behandling og at effekten blir oppretthalden over tid.
Utflod og underlivssopp
Auka utflod frå skjeden er normalt i svangerskapet. Om du også har kløe, sårheit, ubehageleg lukt eller smerte ved vasslating, kan dette komme av ein infeksjon. Då bør du kontakta lege for å få det undersøkt.
Candida-infeksjon, også kalla underlivssopp, oppstår oftare hos gravide. I svangerskapet kan dette behandlast med stikkpiller i skjeden og ein krem som blir smurd i skjeden og på kjønnsleppene. Dette kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Det er lurt å snakke med jordmor eller lege før behandling, for å vere sikker på at plagene kjem av soppinfeksjon. Kapslar som skal takast gjennom munnen skal du ikkje ta utan å snakke med lege
Soppinfeksjon i underlivet (candida-infeksjon)
Halsbrann
Halsbrann kjennest som ei ubehageleg, brennande kjensle som vanlegvis startar i brystet og bevegar seg opp mot halsen. Du kan også få ein sur smak i munnen, og nokon får dårleg ande eller tørrhoste. Magen inneheld syre for å fordøye maten du et. Når syre kjem opp i matrøyret, som fraktar mat frå munnen og ned i magen, får du halsbrann.
Her er nokre tips mot halsbrann:
- Nokon opplever at skumma mjølk eller mandlar dempar symptoma.
- Regelmessige måltid kan også hjelpe.
- Noko mat og drikke som sterkt krydra mat og kaffi kan forverre problemet.
- Du bør heller ikkje legge deg ned like etter at du har ete, men vente ei stund.
Du kan prøve deg fram og sjå kva som er best for deg. Det finst også reseptfrie medisinar mot for mykje syre i magesekken. Du kan rådføre deg med jordmor, lege eller apotek.
Kjenslemessige forandringar
Mange er meir kjenslevare enn elles når dei er gravide. Humørsvingingar er vanlege. Desse svingingane kjem av ein kombinasjon av hormonforandringar og kroppslege endringar.
Trøyttleik, søvnmangel og andre plager kan forsterka dette. Trening, nok søvn, regelmessige måltid og tid med partnar eller gode venner, kan hjelpe deg på tøffe dagar. Humørsvingingar er mest vanleg i første og siste del av svangerskapet.
Fordøying
Forstopping
Treg mage og forstopping er noko mange gravide opplever. Plagene kan tre inn tidleg i graviditeten og komme av hormonell påverknad.
Tips som kan førebygge treg mage:
- Det kan hjelpe å vere i fysisk aktivitet og drikke tilstrekkeleg med væske.
- Spis fiberrike matvarer som grove kornprodukt, grønsaker og frukt.
- 1 matskei blautlagte linfrø dagleg, og/eller blautlagte svisker, kan ha god effekt.
- Drikk gjerne syrna mjølkeprodukt i staden for vanleg mjølk.
- Hugs å drikke rikeleg om du et mykje fiber. Om ikkje kan effekten vere at du blir meir forstoppa.
Jordmor eller lege kan gi deg fleire råd.
Hemoroidar
Hemoroidar er utvidingar av blodårane i endetarmsopninga og kjem av hormonelle forandringar i svangerskapet. Hemoroidane kan vere både på innsida eller utsida av lukkemuskelen.
Om du får lyst, raudt blod på toalettpapiret når du tørkar deg etter avføring, kan du ha hemoroidar. Dei er ufarlege, og forsvinn ofte av seg sjølve. Om dei er plagsame, finst det behandling som hjelper.
Du kan minske problemet om du tilpassar kosten som ved forstopping, samtidig som du aukar den fysiske aktiviteten. Pass på å få i deg mykje drikke. Det finst reseptfrie kremar som kan lindra plagene. Rådfør deg gjerne med jordmor, lege eller apotek.
Ein sjeldan gong må kirurgisk behandling vurderast.
Trening når du er gravid og etter fødselen
Gravide som er fysisk aktive og trenar, opplever enklare svangerskap og fødsel. Etter fødselen kan du trene så raskt som du føler for det.
Bekkenløsning og ryggsmerter
Ryggsmerter og smertefulle bekkenleddsmerter plagar mange gravide. Forsking viser at tilrettelagt behandlingsopplegg med øvingar hos fysioterapeut kan vere til hjelp. Øvingar i vatn, akupunktur og massasje kan også vurderast for å lindre smertene.
Andre råd er å kvile i sideleie med ei pute mellom knea, bevege seg innanfor smertegrensa og bruke sko med god støtte. For å lindre eller førebygge rygg- og bekkensmerter kan du vere i fysisk aktivitet og gjera øvingar som styrker rygg og mage.
Hud og kropp
Væskeopphoping og vatn i kroppen (ødem)
Ødem er væskeopphoping i vevet som ser ut som hevelsar. Det er vanlegast at gravide får ødem i beina, men du kan også bli hoven i ansikt og hender. Ødem kjem vanlegvis av hormonelle endringar i svangerskapet, og lette hevelsar er normalt. Desse hevelsane forsvinn ei tid etter fødselen.
Pass på å halde deg fysisk aktiv og unngå å stå stille lenge av gongen. Bruk gjerne støttestrømper og sko som ikkje klemmer. Prøv gjerne å kvile med beina høgt når du sit.
Av og til kan hevelsar i handleddet føre til karpaltunnelsyndrom. Det kan gi smerter, prikking og nedsett kjensle i fingrane, men går vanlegvis heilt over etter fødselen.
Store hevelsar som oppstår over kort tid kan vera eit teikn på svangerskapsforgifting. Då bør du kontakte lege eller jordmor.
Hevelse i berre den eine foten, i kombinasjon med raudheit og smertar, kan vere eit symptom på blodpropp i leggen (djup venetrombose). Sjølv om djup venetrombose oppstår svært sjeldan, er det ein alvorleg tilstand og du bør snarast kontakte lege.
Åreknutar
Åreknutar er utposingar av venar i beina som blir synlege når dei bular mot hudoverflata. I svangerskapet trykkjer livmora på blodårane (venane) som fører blodet frå beina og opp til hjartet. Dette medfører auka trykk i blodårane i beina.
Stigande verdiar av hormonet progesteron gjer også at blodårane i beina gir etter. Dette aukar risikoen for å utvikla åreknutar. Nokon utviklar også åreknutar i underlivet.
Åreknutar kan vere plagsamt, men er ikkje skadeleg. Kompresjonsstrømpar kan lindre symptoma, men vil ikkje forhindre at åreknutar oppstår.
Å sitte med beina heva i periodar, og ligge med ei pute under rumpa (for åreknutar i underlivet) er tiltak som kan hjelpe. Regelmessig fysisk aktivitet betrar blodsirkulasjonen og minskar risikoen.
Krampar i leggene
Leggkrampar heng saman med graviditeten og er vanlegvis forbigåande. Erfaring viser at massasje, uttøying og rørsle kan lindre pågåande leggkramper. Det er ikkje påvist at tilskot med vitamin eller mineral hjelper mot leggkramper.
Strekkmerke
Det finst lite kunnskap om sikre eller effektive metodar for å hindre at strekkmerke oppstår hos nokre gravide. Kremar som påstår å fjerne strekkmerke i huda kan ikkje dokumentera at dei verkar.