Dette er Helsekontaktar på Helsenorge

Helsekontaktar er noverande eller tidlegare kontaktpersonar i kommunen eller på sjukehus. Listene består både av kontaktar du sjølv har registrert og kontaktar du har fått. Helsekontaktar kan vere både enkeltpersonar og tenester, til dømes heimetenesta. 

Ein helsekontakt kan til dømes vere 

  • fastlege
  • helsesjukepleiar og Helsestasjon for ungdom
  • jordmortenesta
  • heimetenesta
  • fysio- og manuellterapaut
  • forløpskoordinator kreft
  • sjukepleiar eller lege ved sjukehus
  • avtalespesialistar

Aktive og tidlegare helsekontaktar

Aktive helsekontaktar er dei du har ein noverande kontakt med, som til dømes fastlegen din. Om du byter fastlege vil den nye visast under aktive helsekontaktar, og den gamle blir automatisk flytta til tidlegare helsekontaktar. 

Registrere eigne helsekontaktar

Du kan sjølv registrere andre helsekontaktar, om du ønsker at helsepersonell skal vite om desse. 

Forløpskoordinator kreft

Du kan sende meldingar til forløpskoordinatoren din for informasjon og spørsmål om forløpet ditt. Du får svar på meldingar så snart som mogleg. Om det hastar, bør du ta kontakt per telefon i ordinær arbeidstid. 
 

Sjukehus og avtalespesialistar

Nokre sjukehus kan gi deg tilgang til å sende og få meldingar frå til dømes sjukepleiar eller lege, dersom det er føremålstenleg for behandlinga di. Mange avtalespesialistar har også tatt i bruk tenesta og kan gi deg tilgang.  

Helsekontaktar hos Studentsamskipnaden i Oslo (SiO)  

Om du er student og har helsekontaktar hos Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), vil du sjå desse i oversikta over helsekontaktane dine når du har logga inn på Helsenorge.

Sende og få meldingar

Du kan sende meldingar til dei aktive helsekontaktane dine om dei har opna for digital kommunikasjon via Helsenorge.  

Du får svar på meldinga di så snart som mogleg. 

Har du fått varsel om ny melding?

Når ein av helsekontaktane dine har sendt deg ei melding, vil du få varsel om dette på e-post, sms eller i Helsenorge-appen (pushvarsel). Du finn meldinga i innboksen din på Helsenorge.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Kvardagar kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om Helsekontaktar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 2. juli 2025 [henta måndag 13. oktober 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/tjeneste-helsekontakter/om-helsekontakter/

Sist oppdatert onsdag 2. juli 2025