Slik blir helseopplysningar om deg delte

Helseopplysningar blir delte digitalt i helsevesenet og blir tilgjengeleg for autorisert helsepersonell når dei har behov for relevant informasjon om helsa di. Blir du til dømes lagd inn på eit sjukehus, kan helsepersonell raskt slå opp i fagsystemet deira og finne dei viktigaste helseopplysningane om deg. Dette kan gi deg rett behandling raskare om du blir akutt sjuk.  

Alle fastbuande i Noreg har nasjonale helseopplysningar. Dette gjeld òg barn, og flyktningar når dei får D-nummer.  

Når du får helsehjelp, blir opplysningar om helsa di og behandling registrert i pasientjournalen din på den staden du får behandling. Dokument i pasientjournalen på sjukehus kan delast med andre. Det vil seie om du seinare blir behandla på ein annan stad, kan dokument i pasientjournalen vere tilgjengelege for behandlar. Det er kvart enkelt sjukehus som bestemmer kva dokument som kan delast.

Delt via Kjernejournal og Reseptformidlar

Helseopplysningane om deg blir delte via Kjernejournal og Reseptformidlar. Kjernejournal er eit nasjonalt  helsesystem som deler informasjon med fagsystema til helsepersonell. Reseptformidlar er ein nasjonal database for reseptar som blir brukte av helsepersonell og apotek. 

Helsedirektoratet er dataansvarleg for Kjernejournal og Reseptformidlar. Det betyr at dei er ansvarlege for å behandle informasjon om deg på ein måte som varetar personvernet ditt. Om du lurar på kva som blir lagra om deg utover det du ser i tenesta, kan du kontakte Helsedirektoratet. 

Sjå helseopplysningane om deg

Du må vere innlogga for å sjå helseopplysningane om deg. Det er viktig at du kontrollerer at dei registrerte opplysningane er korrekte, og melder frå om eventuelle feil. Du kan sjølv gjennomføre eigne registreringar. Korrekte opplysningar er viktig om du blir akutt sjuk.

Logg inn og sjå helseopplysningane om deg

Kven har tilgang til å sjå helseopplysningane? 

Det er berre autorisert helsepersonell som treng relevant informasjon som har tilgang til å opne helseopplysningane om deg når du er til behandling. Helsepersonell som til dømes jobbar på sjukehus, fastlegekontor, legevakt eller i kommunale pleie- og omsorgstenester kan velje å opne helseopplysningar når dei følger opp behandlinga di.

Logg over bruk 

Du kan sjølv sjekke kven som har sett helseopplysningane om deg. Loggen gir deg innsyn i dato, namn, hending, type opplysningar og bakgrunnen for at helseopplysningane blei opna. Det vil ta éi veke frå nokon har opna helseopplysningane om deg til du kan sjå kven som har sett desse opplysningane. 

Mistanke om snoking 

Om du mistenker at nokon har sett helseopplysningane om deg utan relevant grunn, må du kontakte behandlingsstaden (sjukehuset eller legekontoret) eller kommunen der vedkomande jobbar. Er du ikkje er nøgd med forklaringa du får frå behandlingsstaden, kan du klage til Statsforvaltaren. 

Når legen skriv ein resept til deg, blir dette registrert i loggen. Legen ser på helseopplysningane om deg for å sjekke om du har hatt reaksjonar på tidlegare legemiddel eller for å sjå om annan viktig informasjon er relevant for dei legemidla du skal ta.

Slik kan du kontrollere tilgangen til helseopplysningane

Du kan sjølv avgrense tilgangen for helsepersonell til å sjå helseopplysningane om deg. Du kan òg reservere deg mot å ha Kjernejournal. For deg som er vald ut til utprøving av behandlingsplan eller digitalt helsekort for gravide så kan du gi eller trekke samtykke til utprøvinga. 

Innstillingar for å avgrense tilgang

Du kan velje kva opplysningar du ønsker å avgrense tilgangen til. Ver merksam på at helsepersonell både kan ha tilgang til reseptane dine via Kjernejournal og via Reseptformidlar. Om du ønsker å avgrense helsepersonell sin tilgang til reseptar, må du både sette innstillinga for reseptar delte via Kjernejournal og for reseptar delte via Reseptformidlar.

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om helseopplysningar som blir delte. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 7. mai 2025 [henta måndag 15. desember 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/tjeneste-helseopplysninger-som-deles/om-helseopplysninger-som-deles/

Sist oppdatert onsdag 7. mai 2025