Utprøving av tenesta Prøvesvar

Tenesta Prøvesvar blir prøvd ut i løpet av 2025. Om du har tatt ei prøve eller undersøking hos nokon som er med i utprøvinga, kan du sjå prøvesvaret ditt på Helsenorge.

Som regel vil det gå litt tid frå du tek prøva eller undersøkinga til du ser resultatet. Kor lang tid det tek, kjem mellom anna an på prøva eller undersøkinga og resultatet av denne. 

Hugs at du blir kontakta dersom det er behov for å gå gjennom prøvesvaret.

Les meir om utprøving av tenesta Prøvesvar

Prøvesvar frå sjukehus 

Sjukehus i Helse Vest viser svar på prøver og undersøkingar innan patologi (vevs- og celleprøver) og beskrivingar av radiologiundersøkingar (til dømes røntgen, MR, CT og PET).

Prøver som er bestilte utanfor sjukehuset, blir ikkje viste på Helsenorge. Det gjeld til dømes prøver som er bestilte av fastlegen, heimetenesta eller andre legekontor. Dette gjeld òg sjølv om prøva er tatt på sjukehuset.

Svar på koronatest

Du kan ikkje lenger sjå prøvesvara dine for koronavirus på Helsenorge. Har du spørsmål om ei koronaprøve du har tatt, kan du kontakte legen din.

Les meir om prøvesvartjenestene