Unngå svindel – logg deg inn
Vi vil aldri be deg om kredittkortinformasjon, sikkerhetskoder eller kontonummer via SMS eller e-post. For å være trygg, logg deg alltid inn via helsenorge.no eller Helsenorge-appen.
Med enkle grep kan du som nettbrukar sjølv hindre at uvedkommande får tak i passord og personopplysningar.
Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Klikk aldri på lenker til helsenorge.no som du tek imot i ein e-post eller SMS. Skriv alltid adressa til helsenorge.no direkte inn i nettlesaren. Du kan også bruke ein snarveg du har oppretta sjølv.
Kontroller at du er på ID-porten hos DIFI når du loggar på helsenorge.no.
Les meir om pålogging i helsenorge.no.
Ver forsiktig når du brukar andre datamaskiner eller mobile einingar som ikkje er dine. Ikkje bruk offentlege datamaskiner eller einingar på internettkaféar når du skal sjå på helseopplysningane dine.
Redaksjonen i Helsenorge vil frå tid til anna legge ut lenker på eiga Facebook-side, men også andre kan legge ut lenker på denne sida. Kontroller difor at lenkene går til rett side før du følger dei.
Helsenorge er ikkje aktiv på andre sosiale medium enn Facebook. Kontroller difor at lenker frå andre sosiale medium er rette før du følger dei.
Sørg for at opplysningane dine er passordbeskytta. Dersom du lagrar helseopplysningar frå Helsenorge lokalt på eininga di (til dømes journaldokument frå tenesta Pasientjournal), må du sørge for at desse opplysningane er passordbeskytta. Den enklaste måten er å passordbeskytte sjølve eininga der opplysningane er lagra, anten det er PC-en, nettbrettet eller mobiltelefonen.
Logg alltid av helsenorge.no når du er ferdig. Når du loggar av kan ingen finne spor etter opplysningane dine. Slik kan du hindre at uvedkommande misbrukar personopplysningane dine. Dersom du ikkje loggar av, men berre lukkar nettlesaren, kan det ta litt tid før informasjonskapslane (cookies) i nettlesaren blir sletta. Då er det mogleg at andre som brukar maskina etter deg får tilgang til opplysningane dine. Du kan også forsikre deg om at informasjonskapslane blir sletta når nettlesaren er lukka, ved å endre på innstillingane i nettlesaren din. Vi tilrår at du frå tid til anna kontrollerer at desse innstillingane ikkje er endra.
På nettvett.no finn du informasjon, råd og rettleiing for sikrare bruk av internett
Vi vil aldri be deg om kredittkortinformasjon, sikkerhetskoder eller kontonummer via SMS eller e-post. For å være trygg, logg deg alltid inn via helsenorge.no eller Helsenorge-appen.
Personopplysningar er vurderingar eller opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson, for eksempel namn, adresse, telefonnummer, bilnummer, fingeravtrykk, bilete og fødselsnummer.
Opplysningar om åtferdsmønsteret ditt er også personopplysningar, for eksempel kva du handlar, kvar du handlar det, kva du ser på TV og kva du søker etter på nettet.
Sensitive personopplysningar er opplysningar som identifiserer for eksempel politisk ståstad, etnisk bakgrunn, religiøs eller filosofisk overtyding, rulleblad, medlemskap i foreiningar, eller seksuelle forhold. Helsetilstanden og -historikken din blir også rekna som sensitive personopplysningar
Du kan lese meir om personvernprinsippa hos Datatilsynet
Elektronisk ID blir brukt til å bekrefte at du er personen du gir deg ut for å vere, og er nødvendig for at du skal få utført tenester frå stat og kommune på nett. Det finst fleire forskjellige former for elektronisk ID, med forskjellige tryggleiksnivå:
BankID gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om BankID
For å sperre BankID, må du kontakte banken din.
Buypass gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Buypass-ID
Du kan sperre Buypass-ID-en på Buypass.no
Commfides gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Commfides
Du kan sperre Commfides-ID-en ved å ringe sperretelefonen på (+47) 21 55 62 80, eller sende ein e-post til sperring@commfides.com. Fyll deretter ut e-posten som skildra på commfides.com og du vil bli kontakta for verifisering av sperringa. Du kan også sperre Commfides-ID-en ved å møte opp i Commfides sine lokale på Lysaker i Oslo.
MinID gir tilgang til offentlege tenester på mellomhøgt tryggleiksnivå (nivå 3). Meir informasjon om MinID
Du kan ikkje bruke MinID til å logge på helsenorge.no. Det er fordi MinID er ein elektronisk ID som ikkje har høgt nok tryggleiksnivå. Norske styresmakter har vurdert at ein treng elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå for å få tilgang til tenester som inneheld helseopplysningar.
Måndag–fredag kl. 08:00–15:30
Innhaldet er levert av Norsk helsenett
Sist oppdatert måndag 12. april 2021