Nettryggleik

Med enkle grep kan du som nettbrukar sjølv hindre at uvedkommande får tak i passord og personopplysningar.

Med enkle grep kan du som nettbruker selv hindre at uvedkommende får tak i passord og personopplysninger.

Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB

​​​Råd om tryggleik når du brukar tenestene på helsenorge.no

Ver varsam med lenker du tar imot frå andre

Klikk aldri på lenker til helsenorge.no som du tek imot i ein e-post eller SMS. Skriv alltid adressa til helsenorge.no direkte inn i nettlesaren. Du kan også bruke ein snarveg du har oppretta sjølv.

Kontroller at du er på ID-porten hos DIFI når du loggar på helsenorge.no.
Les meir om pålogging i helsenorge.no.

Ver forsiktig når du brukar andre datamaskiner eller mobile einingar som ikkje er dine. Ikkje bruk offentlege datamaskiner eller einingar på internettkaféar når du skal sjå på helseopplysningane dine.

Facebook og andre sosiale medium

Redaksjonen i Helsenorge vil frå tid til anna legge ut lenker på eiga Facebook-side, men også andre kan legge ut lenker på denne sida. Kontroller difor at lenkene går til rett side før du følger dei.

Helsenorge er ikkje aktiv på andre sosiale medium enn Facebook. Kontroller difor at lenker frå andre sosiale medium er rette før du følger dei.

Bruk passord

Sørg for at opplysningane dine er passordbeskytta. Dersom du lagrar helseopplysningar frå Helsenorge lokalt på eininga di (til dømes journaldokument frå tenesta Pasientjournal), må du sørge for at desse opplysningane er passordbeskytta. Den enklaste måten er å passordbeskytte sjølve eininga der opplysningane er lagra, anten det er PC-en, nettbrettet eller mobiltelefonen.

Logg av når du er ferdig

Logg alltid av helsenorge.no når du er ferdig. Når du loggar av kan ingen finne spor etter opplysningane dine. Slik kan du hindre at uvedkommande misbrukar personopplysningane dine. Dersom du ikkje loggar av, men berre lukkar nettlesaren, kan det ta litt tid før informasjonskapslane (cookies) i nettlesaren blir sletta. Då er det mogleg at andre som brukar maskina etter deg får tilgang til opplysningane dine. Du kan også forsikre deg om at informasjonskapslane blir sletta når nettlesaren er lukka, ved å endre på innstillingane i nettlesaren din. Vi tilrår at du frå tid til anna kontrollerer at desse innstillingane ikkje er endra.

Tryggleik på nett

  • Slå på automatisk oppdatering av operativsystem, nettlesar og anna programvare. Kontroller om oppdateringane blir gjennomførte, spesielt etter at maskina har vore avslegen over lengre tid.
  • Installer tryggleiksprogramvare som beskyttar mot skadeleg programvare (virus, trojanar) og inneheld brannmur. Kontroller om tryggleiksprogramvara er oppdatert og du har gyldig lisens.
  • Still inn nettlesaren slik at du får ei åtvaring før noko blir lasta ned på PC-en. Gratisprogramvare og fildelingstenester smittar ofte med virus, eller anna skadeleg programvare. Ver kritisk til nedlasting frå ukjende kjelder.
  • Når du vel passord, sørg for at passordet er vanskeleg å gjette og hald det hemmeleg. Bruk gjerne ein frase eller ei setning du veit at du kjem til å hugse.
  • Oppgi aldri PIN-kodar, eingongskodar eller passord etter førespurnad frå nokon, verken på e-post, telefon eller som direkte førespurnad.
  • Ikkje send sensitiv informasjon med e-post, for eksempel fødselsnummer, PIN-kodar, eingongskodar, passord, bank- og kredittkortnummer eller helseopplysningar.
  • Unngå å sende personopplysningar over ukrypterte koplingar på internett. Du kjenner att ei kryptert kopling ved at det står «https://» framfor nettadressa. Står det berre «http://» er koplinga ukryptert, og du skal helst ikkje sende personopplysningar over koplinga. «https://» viser berre at forbindelsen er kryptert, kontroller difor om du er på rett nettstad og ikkje berre ein som liknar.

På nettvett.no finn du informasjon, råd og rettleiing for sikrare bruk av internett

Svindelforsøk på SMS eller e-post

Brukarar av Helsenorge kan av og til få SMS eller e-post frå svindlarar der du blir beden om å klikka på ein link for å gi opp personleg informasjon, som til dømes fødselsnummer, passord eller kodar. Dette er kjent som «phishing».

Meldingane inviterer gjerne til å gå inn på ei falsk nettside via ein link eller eit vedlegg i e-posten eller SMS-en, eller dei kan be om å ringa eit falskt telefonnummer.

Har du mottatt noko slikt, ber vi deg om å ikkje klikka på linken, ikkje opne vedlegget og ikkje ringe telefonnummeret. Ikkje gi frå deg informasjon. Rapporter hendinga og slett førespurnaden utan å svara på den.

Helsenorge ber deg aldri om å klikke på lenker i meldingar vi send ut.

Slik kan avsendar av ein e-post verte forfalska

  1. Ved å bruka falskt kontonamn:
    Kven som helst kan oppretta ein gratis e-postkonto hos ein leverandør som tilbyr det og setja visningsnamnet til Helsenorge.
  2. Forfalska sjølve avsendaradressa, så ho ser ut som ei e-postadresse knytt til Helsenorge.
  3. Oppretta eit luredomene:
    Eit domene som liknar det ekte domenet for verksemda, til dømes post@helsenorge.biz i staden for post@helsenorge.no.

Les meir om falske e-poster på nettvett.no

Helsenorge vil aldri be om følgjande opplysningar via e-post eller SMS:

  • Personopplysningar
  • Brukernamn eller passord
  • Kontodetaljar eller betalingsinformasjon

Dette bør du gjere du om du har fått ein falsk e-post eller SMS

Om du har fått e-post eller SMS, men ikkje trykt på lenka

Slett e-posten eller SMS-en snarast, utan å trykke på lenka. Om du følgjer dette rådet er du trygg.

Om du har fått e-post eller SMS og trykt på lenka

Du kan då risikera å få skadeleg programvare på PC-en eller smarttelefonen din. Då må du rekne med å installere alle program på nytt. Er du usikker på korleis dette blir gjort, bør du kontakta datakyndige, til dømes der du kjøpte PC-en eller smarttelefonen din, eller eit firma som tilbyr teknisk støtte.

Om du har klikka på lenka og fylt ut informasjon

Sperr kort og konti du har oppgitt informasjon om, og vurder å melde frå til ditt lokale politidistrikt.

Teikn på at datamaskina di kan vere infisert av skadevare

  • Nye ikon eller ny verktøylinje.
    Visuelle element eller andre ting du ikkje har lagt til på datamaskina sjølv.
  • Popup-annonsar.
    Annonsar som sprett opp også når du ikkje er tilkopla internett.
  • Filer bli sletta automatisk.
    Filer som forsvinn sjølv når dei ikkje er mellombelse systemfiler.
  • Startsida er endra.
    Du får ei anna startside enn du har bedt om når du startar nettlesaren.
  • Ukjende bokmerke.
    Ukjende bokmerke har plutseleg dukka opp i lista di.
  • Tryggleiksprogramvara blir stoppa.
    Du får ikkje installere, køyre, oppdatere eller halde ved like tryggleiksprogramvara di.
  • Du får ikkje avinstallere eit program.
    Skadeleg programvare vil ofte hindre deg i å avinstallere det aktuelle programmet.
  • Du får opp andre nettsider enn dei du ber om.
    Sjølv om du skriv inn adressa direkte, blir du send vidare til andre adresser.
  • Brannmuren ber deg tillate ukjend trafikk.
    Skadeleg programvare kan prøve å få inn fleire og meir skadelege varer ved å be deg opne opp for dei.
  • Datamaskina di sender ut e-postar av seg sjølv.
    Datamaskiner kan bli kapra og settast til å sende ut tusenvis av søppelpostar til kjende og ukjende.
  • Postar på Facebook utan at du ber om det.
    Facebook-virus kan føre til at kontoen din sender meldingar og postar uten at du har bedt om det, eller veit om det.
  • Kontaktane dine tek imot meldingar frå deg som du ikkje har sendt.
    Nokre skadelege programvarer kan kopiere kontaktlista di og sende meldingar til dei utan at du veit om det.

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er vurderingar eller opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson, for eksempel namn, adresse, telefonnummer, bilnummer, fingeravtrykk, bilete og fødselsnummer.

Opplysningar om åtferdsmønsteret ditt er også personopplysningar, for eksempel kva du handlar, kvar du handlar det, kva du ser på TV og kva du søker etter på nettet.

Sensitive personopplysningar er opplysningar som identifiserer for eksempel politisk ståstad, etnisk bakgrunn, religiøs eller filosofisk overtyding, rulleblad, medlemskap i foreiningar, eller seksuelle forhold. Helsetilstanden og -historikken din blir også rekna som sensitive personopplysningar

Du kan lese meir om personvernprinsippa hos Datatilsynet

Elektronisk ID

Elektronisk ID blir brukt til å bekrefte at du er personen du gir deg ut for å vere, og er nødvendig for at du skal få utført tenester frå stat og kommune på nett. Det finst fleire forskjellige former for elektronisk ID, med forskjellige tryggleiksnivå:

BankID

BankID gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om BankID

For å sperre BankID, må du kontakte banken din.

Buypass

Buypass gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Buypass-ID

Du kan sperre Buypass-ID-en på Buypass.no

Commfides

Commfides gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Commfides

Du kan sperre Commfides-ID-en ved å ringe sperretelefonen på (+47) 21 55 62 80, eller sende ein e-post til sperring@commfides.com. Fyll deretter ut e-posten som skildra på commfides.com og du vil bli kontakta for verifisering av sperringa. Du kan også sperre Commfides-ID-en ved å møte opp i Commfides sine lokale på Lysaker i Oslo.

MinID gir ikkje tilgang til tenestene på Helsenorge

MinID gir tilgang til offentlege tenester på mellomhøgt tryggleiksnivå (nivå 3). Meir informasjon om MinID

Du kan ikkje bruke MinID til å logge på helsenorge.no. Det er fordi MinID er ein elektronisk ID som ikkje har høgt nok tryggleiksnivå. Norske styresmakter har vurdert at ein treng elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå for å få tilgang til tenester som inneheld helseopplysningar.