Logge inn på Helsenorge

Fleire av tenestene på Helsenorge inneheld personlege helseopplysningar og krev derfor høgaste tryggleiksnivå når du loggar inn.

Logg inn på Helsenorge

Du kan bruke

  • BankID og BankID på mobil
  • Buypass ID
  • Commfides e-ID
  • Helsenorge-appen

for å logge inn til Helsenorge og nytte tenester som Legemiddel, Frikort og eigendelar, Byte fastlege osv.

BankID og BankID på mobil

Du kan logge inn til tenester med høgaste tryggleiksnivå med BankID. Du kan bruke alle typar BankID, også BankID på mobil.

Slik loggar du inn med BankID-appen:

  1. Vel BankID, ikkje BankID på mobil.
  2. Vel BankID-app som metode.
  3. Godkjenn varsel på telefonen. Har du ein Apple-telefon eller -nettbrett, kan du halde fingeren på varselet og kjennne derifrå utan å opne appen.
  4. Skriv inn BankID-passordet.

Slik loggar du inn med BankID-kodebrikke:

  1. Skriv inn fødselsnummeret ditt, 11 siffer.
  2. Vel BankID med kodebrikke som metode.
  3. Skriv inn eingongskode frå kodebrikka.
  4. Skriv inn personleg passord.

Slik loggar du inn med BankID på mobil:

  1. Vel BankID på mobil.
  2. Skriv inn mobilnummer (8 siffer) og fødselsdato (ddmmåå). Klikk på Neste.
  3. Du får no opp ein referansekode på skjermen.
  4. Kontroller at du får opp same referansekode på mobiltelefonen din som på skjermen og klikk på GODTA på mobiltelefonen for å gå vidare.
  5. Tast inn sjølvlaga ID-PIN (4–8 siffer) på mobilen, for å fullføre innlogginga.​

Har du problem med å logge inn med BankID?

Dersom du ikkje får logga inn med BankID kan det vere noko som er feil med innstillingane på datamaskina di. Du kan teste innstillingane dine på denne sida (bankid.no). Dersom du ikkje finn feil, tilrår vi at du tek kontakt med banken din. Dei kan hjelpe.

Buypass ID

Buypass ID på smartkort

For å logge inn med Buypass på smartkort må du ha ein smartkortlesar kopla til datamaskina. Du må også ha installert nødvendig programvare som følger med kortlesaren. Hugs å ha oppdatert versjon av Java.

Smartkort og kortlesar frå Buypass kan du bestille på Buypass sine nettsider. Kortet er gyldig i 3 år.

Spelarkort frå Norsk Tipping er også eit Buypass-kort, og kan nyttast til innlogging. Har du bestilt spelarkortet på internett, er det klart for bruk i sjølvbeteningsløysingar som krev høgaste tryggleiksnivå. Har du kjøpt kortet hos ein kommisjonær, må du oppgradere kortet før du kan bruke det til innlogging.

Buypass ID i mobil

Dersom du allereie brukar Buypass ID på smartkort, er det enkelt å lage Buypass ID i mobil. Du går til tenesta du vil logge inn i og vel Buypass ID i mobil, så får du rettleiing vidare.

Dersom du ikkje har brukt Buypass på smartkort tidlegare, må du registrere deg som kunde før du kan bruke Buypass ID i mobil.

Commfides e-ID

Commfides e-ID er ein personleg elektronisk ID på høgaste tryggleiksnivå.

Commfides e-ID blir levert som ein sikker USB-pinne. Du loggar deg på ved hjelp av USB-pinnen og ein PIN-kode.

For å ta i bruk Commfides e-ID må du ha eit norsk fødselsnummer eller D-nummer.​

Helsenorge-appen

Du kan logge deg på tenestene via Helsenorge-appen.

Du kan logge på appen med

  • ansiktsgjenkjenning
  • fingeravtrykk
  • personleg kode

Du treng ikkje å bruke ID-porten kvar gong du skal bruke tenestene.

Appen gjer deg snarvegar til alle tenestene du har tilgang til på Helsenorge. Tenestene opnast direkte i mobilens nettlesar.

Les meir om Helsenorge-appen.

Tryggleik når du loggar inn

Når du loggar inn på Helsenorge må du kontrollere at du er på ID-porten hos Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi). Starten på adressa er https://login.idporten.no og tilkoplinga skal då vere sikker.

Du ser eit hengelåsikon på adresselinja. Det betyr at nettlesaren din sender data kryptert. Du kan klikke på ikonet i adresselinja for å vise detaljar om tryggleiken og sertifikatet. Kontroller at sertifikatet til sidene er gyldig og utferda til Direktoratet for forvalting og IKT.

Slit du med å logge inn?

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

ID-porten sin brukarstøtte

800 30 300

Innhaldet er levert av Norsk helsenett

Norsk helsenett. Logge inn på Helsenorge. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 16. juni 2023 [henta torsdag 13. juni 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/personvern-og-nettsikkerhet/innlogging-pa-helsenorge-no/

Sist oppdatert fredag 16. juni 2023