Samtykke for Pasientreisers tilgang til opplysningar

For å kunne søke digitalt om å få støtte til reiseutgifter må du samtykke til at Pasientreiser kan slå opp nokre av opplysningane dine, i registera for primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Samtykke til Pasientreiser

Om du reiser til eller frå offentleg godkjend behandling, kan du ha rett til å få støtte til reiseutgiftene dine. 

For å søke digitalt må du samtykke til at Pasientreiser innhentar opplysningar om behandlinga di. Dette samtykket finn du lengst bak i kvar søknad, og gjeld for kvar enkelt søknad. Søkar du igjen, må du gi dette samtykket på nytt. 

Når du sender inn ein digital søknad samtykker du til at Pasientreiser 

  • hentar inn opplysningar frå  Databasen for Kontroll og Utbetaling av Helserefusjon (KUHR) og  Norsk Pasientregister 
  • kan innhente opplysningar og dokumentasjon som er nødvendige for å behandle søknaden din 
  • lagrar opplysningar som kan brukast dersom det er utbetalt feil beløp og du må betale tilbake 
  • kan behandle søknaden din automatisk 

Kvifor samtykke?

Pasientreiser gjer oppslag i registera for å bekrefte at du har vore til behandling den dagen du søker om å få dekt reiseutgifter for. Dermed slepp du å legge ved ei berefkting frå behandlaren din. 

Pasientreiser innhentar ikkje informasjon om andre datoar enn dei datoane du oppgir å ha vore til behandling. 

Kan eg trekke tilbake samtykket?

Samtykket til Pasientreiser gjeld for kvar enkelt søknad du sender, og kan ikkje trekkast tilbake digitalt. Samtykket gjeld ikkje for framtidige søknadar. 

Kan eg søke om støtte sjølv om eg ikkje samtykker?

Om du ikkje samtykker, kan du ikkje søke digitalt om å få støtte til reiseutgifter. Du må då sende søknad på papirskjema

Opplysningar som kan innhentast utan samtykke 

Pasientreiser behandlar søknaden din heilt eller delvis automatisk, og nokre opplysningar som er nødvendige for å behandle søknaden din kan hentast inn utan at du treng å samtykke til det. Døme på dette er namn, reisemåte, tidspunkt for reisa og om du har spesielle transportbehov. 

Ei fullstendig liste over kva opplysningar det gjeld finnar du i sjuketransportregisterforskrifta (lovdata.no). Opplysningar som kan innhentast utan samtykke blir oppgitte av verksemder, behandlarar og tenesteytarar du har fått behandling hos.

Kontakt Pasientreiser

05515

Kontakt oss ved spørsmål om utfylling av reiserekningsskjema, dekning av reiseutgifter eller bestilling av pasientreisa di.

pasientreiser.no

Er du helsepersonell eller transportør? Gå til pasientreiser.no

Loga pasieantamátkkiid birra sámegillii

Innhaldet er levert av Pasientreiser HF

Pasientreiser HF. Samtykke for Pasientreisers tilgang til opplysningar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 28. oktober 2024 [henta tirsdag 1. juli 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/pasientreiser/om/pasientreiser-samtykke/

Sist oppdatert mandag 28. oktober 2024