Behandling hos ortoptist
Helfo kan dekkje delar av utgiftene dine til undersøking og behandling hos ortoptist.

Illustrasjon: Helfo / Morten Rakke
Diagnosar hos ortoptist
Ortoptisten diagnostiserer, førebyggjer og behandlar
- samsynsproblem
- dobbeltsyn
- nedsett syn
- skjeling
- lesevanskar
Ortoptisten vurderer òg pasientar med lammingar i augemusklane.
Tilvising til ortoptist
For at du skal få dekt delar av utgiftene, må du ha tilvising frå ein lege som er spesialist i augesjukdomar.
Tilvisinga gjeld så lenge behandlingsbehovet er til stades. Du må ha ny tilvising ved ny diagnose eller om det kjem nye viktige opplysningar.
Fra 1. januar 2021 er det innført plikt til direkteoppgjør for behandlere. Det betyr at du må forsikre deg om at behandleren din har direkteoppgjør, for at du eventuelt skal få stønad til behandlingen fra Helfo etter 31. desember 2020. Behandlere som har direkteoppgjør, sender refusjonskrav til Helfo på vegne av pasientene i de tilfellene pasienten har rett til stønad.
Korleis søkjer du om refusjon for utgifter til ortoptist?
Når behandlinga er mottatt, kan du søkje Helfo om refusjon. Søknad må sendast seinast innan 6 månader etter kvar enkelt behandlingsdato.
Fyll ut følgjande skjema:
I skjemaet skal du fylle ut punkt 1 «Pasientopplysningar».
Ortoptisten skal fylle ut punkt 2 «Opplysningar frå ortoptist» og 3 «Underskrift».
Helfo treng eit fullstendig utfylt skjema for å kunne behandle søknaden. Legg også ved følgjande dokumentasjon:
- tilvising til ortoptist
- originale kvitteringar
Send inn skjemaet og vedlegg elektronisk via Altinn
Viss du ikkje har moglegheit til å bruke vårt digitale skjema, kan du i staden sende inn ferdig fylt ut søknad med vedlegg til: Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei til Helfo.
Behandling hos ortoptist er ikkje omfatta av nokon av frikortordningane.
PS: Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.
Kva får du dekt?
Ortoptistane avgjer sjølv prisen på tenestene dei tilbyr. Stønaden vil derfor berre dekkje ein del av det du har betalt.
Støtte til behandling hos ortoptist | Sats per behandling |
---|---|
Voksne og barn over 12 år | 230 kroner |
Barn under 12 år | 390 kroner |
Utgifter til ortoptist tel ikkje med i frikortordningane (eigendelstak 1 eller eigendelstak 2).
Sakshandsamingstid
Sakshandsamingstida hos Helfo er ca. 8 veker.