Førarkort og helsekrav

Alle som skal søkje om førarkort, må fylle ut ei eigenerklæring om helse. Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan påverke køyreevna di, må du i tillegg få helseattest frå lege.

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Legen vurderer om du oppfyller helsekrava, og gjev ei "sakkunnig vurdering" til vegstyresmaktene. Det er vegstyresmaktene som avgjer om du får førarkort eller ikkje.

Etter at du har vore hos legen, må du levere helseattesten på ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. Du kan levere han ved å møte opp personleg eller sende han i posten til ein av trafikkstasjonane. Enkelte legar har også teknisk høve til å sende helseattesten digitalt. Helseattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når han blir levert. Du vil få nytt førarkort med gyldigheit ut frå helseattesten.

Diabetes – helsekrav til førarkort

Personar med diabetes har ein noko auka risiko for trafikkuhell, særleg ved bruk av medisinar som kan gje lågt blodsukker (hypoglykemi), for eksempel insulin. Diabetespasientar som har hatt alvorleg hypoglykemi og trong hjelp av andre, skal følgjast opp av lege for at slike anfall ikkje skal gjenta seg.

Førarar av tyngre køyretøy (førarkortgruppe 2 og 3) må vise fram logg frå dei siste tre månadene for å få helseattest.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førarkort og diabetes.

Legemiddel – helsekrav til førarkort

Roande, smertestillende og sovemedisin kan føre til trafikkfarleg åtferd. Dersom du bruker nokre typar vanedannande legemiddel, for eksempel roande middel i gruppa «benzodiazepin» i store dosar eller fast bruk fleire gonger dagleg, må du anten slutte, trappe ned til lågare dose eller gå over til eit anna legemiddel dersom du framleis skal kunne køyre bil.

Ta kontakt med legen din dersom du ønskjer å slutte, trappe ned eller byte legemiddel.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førarkort og legemiddel.

Søvn – helsekrav til førerkort

Personar som ofte er søvnige på dagtid eller under køyring, er meir utsette for trafikkuhell enn andre. Dette kan særleg gjelde dersom du har søvnapné eller narkolepsi.

Dei mest alvorlege tilfella må vurderast av spesialist, som bestemmer om dei oppfyller helsekrava. Det er fastlegen din som skal vurdere om tilvising til spesialist er nødvendig. Det skjer når du søkjer om førarkort for første gong, eller når du skal fornye førarkortet.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førarkort og søvn.

​Kols – helsekrav til førerkort

Nokre pasientar med alvorleg kols eller andre typar lungesvikt kan bli mindre oppmerksame og uthaldande under køyring. Fastlege eller spesialist skal måle og vurdere lungefunksjonen din, dersom det gjeld deg.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førarkort og KOLS.

Demens – helsekrav til førarkort

For å køyre trafikksikkert er det viktig med gode kognitive funksjonar slik at ein oppfattar trafikkbiletet raskt og reagerer føremålstenleg. Ulike demenssjukdomar, som for eksempel Alzheimers, eller andre nevrologiske sjukdomar kan påverke dei kognitive funksjonane.

Legane skal undersøkje søkjarane si evne til å tenkje og reagere i trafikken. Kravet til undersøking av slike funksjonar gjeld også andre søkjargrupper enn dei med mogleg byrjande demens.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førarkort og demens.

Psykisk utviklingshemming - helsekrav til førarkort

For å køyre trafikksikkert er det viktig å oppfatte trafikkbiletet raskt og reagere føremålstenleg i situasjonar som oppstår. For personar med ei utviklingshemming kan det vere vanskeleg. Derfor er det krav om at personar med diagnosen psykisk utviklingshemming må undersøkjast av relevant spesialist, som vurderer om personen oppfyller helsekrava til førarkort.

Hovudsakleg er det mest aktuelt for personar som har ei lett psykisk utviklingshemming å gå gjennom denne vurderinga. Vurderinga gjeld berre for førarkortgruppe 1.

Personar med utviklingshemming oppfyller ikkje helsekrava for førarkortgruppe 2 og 3, på grunn av auka krav til trafikktryggleik. Dette er det viktig å vere klar over ved val av utdanning og yrke.

Helsekrava til førarkort gjeld også ved øvingskøyring.

I førarkortrettleiaren (helsedirektoratet.no) kan du lese meir om førerkort og psykisk utviklingshemming.

Andre sjukdommar og tilstandar – helsekrav til førarkort

Ved andre sjukdommar eller tilstandar som for eksempel hjerneslag eller hjerte- og karsjukdommar skal legen din vurdere om dette har konsekvensar for kjøreevna.

Nokre psykiske sjukdommar eller tilstandar, som for eksempel psykosar og schizofreni kan verke inn på kjøreevna og trafikktryggleiken. Personar med ADHD som ikkje samtidig har åtferdsforstyrringar vil vanlegvis oppfylle helsekrava. Legen må vurdere om helsekrav er oppfylt.

Nytt førarkort etter fylte 80 år

Ønskjer du å halde fram å køyre etter du har blitt 80 år, må du levere ein helseattest frå legen din. 

Du kan lese meir på vegesenet sine sider.

Ønskjer du fritak eller å klage på eit vedtak?

Det er mogleg å søkje om fritak (dispensasjon) frå helsekrava. Då må du sende søknad til Statsforvaltaren i fylket ditt. Dersom dei avslår søknaden, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker etter at du har fått vedtaket.

Dersom Statsforvalteren ikkje omgjer vedtaket, sender dei saka til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, for ny vurdering (helseklage.no).

Helse- og omsorgsdepartementet (lovdata.no)

Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Førarkort og helsekrav. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert søndag 29. januar 2023 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/forerkort-og-helsekrav/

Sist oppdatert søndag 29. januar 2023