Helsehjelp ved yrkesskade
Helfo kan gi full dekning av utgifter ved yrkesskade. Forutsetningen er at NAV har godkjent yrkesskaden din.
Soldatar i førstegongsteneste har krav på gratis legetenester og anna helsehjelp.
Illustrasjon: Forsvaret/Kasper Veimo Hansen/illustrasjon
Som soldat i førstegongsteneste har du tilgang til gratis lege og tannlege i leiren.
Vernepliktige soldatar i førstegongsteneste har krav på gratis legeteneste døgnet rundt, også når dei har permisjon. Helfo dekkjer berre utgifter til helsetenester i tråd med kapittel 5 i folketrygdlova.
Helfo dekkjer ikkje utgifter til behandlarar som ikkje har direkte oppgjer med Helfo, for eksempel lege-, psykolog og fysioterapihjelp hos heilprivate helsetenester eller legehjelp hos private legevakter/legekontor.
Dersom det ikkje er legehjelp i leiren, er det vanleg praksis å bruke kommunal legevaktteneste. Dersom du som er vernepliktig soldat kan dokumentere at du er i teneste, skal du sleppe å betale eigendelar for behandling.
Forsvaret tilbyr også befalsskuleelevar gratis legebehandling på forsvaret sine sjukestover.
NB: Forsvarspersonell i lønt arbeid, som krigsskulekadettar, grenaderar, befal, offiserar og sivilt tilsette har i utgangspunktet ikkje rett til å bruke Forsvarets helseteneste, men skal bruke fastlegen og har dei same helserettane som andre arbeidstakarar i Noreg.
Vernepliktige og friviljug tenestegjerande som er inne til førstegongsteneste i Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret, Heimevernet eller Sivilforsvaret har ein såkalla utvida rett til yrkesskadedekning.
Denne utvida retten betyr faktisk at all lekamsskade eller sjukdom som er oppstått under teneste i forsvaret gir rett til yrkesskadedekning, utan at det er krav om årsakssamanheng mellom tenesta og skaden/sjukdommen.
I tillegg har befalsskuleelevar same rettar når det gjeld yrkesskadedekning det første året av utdanninga, dersom dei ikkje allereie har avtent førstegongstenesta.
Dersom sjukdommen er diagnostisert eller har gitt symptom før tenesta, vil som hovudregel berre den mellombelse eller varige forverringa som er oppstått under tenesta bli godkjent som yrkesskade/yrkessjukdom.
Dersom du er soldat og er utsett for ein mindre alvorleg skade eller sjukdom og har hatt medisinske utgifter, krev ikkje Helfo yrkesskadevedtak frå NAV når du søker om refusjon.
Får du medisinske utgifter som du har krav på å få stønad til, må du sende Helfo søknad om å få refundert utgiftene.
Fristen for å sende inn søknad er seks månader frå kvart enkelt utlegg. Du må hugse å sende kopi av vernepliktskortet ditt til Helfo saman med søknadsskjema og spesifiserte originalkvitteringar som vedegg til digitalt skjema.
Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her.
Om du ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du fylle ut eit kvitteringsskjema på papir og sende det inn saman med kopi av vernepliktskortet og spesifiserte originalkvitteringar.
Søknaden sender du til Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg innan 6 månader etter at du har hatt utlegget.
Forsvaret har eiga psykologteneste eller psykiatritilbod, dersom soldatar i førstegongsteneste har behov for dette. Militærlegen hjelper til med å finne eit tilbod.
Vernepliktige/soldatar er forsikra gjennom Statens pensjonskasse. Det betyr at du kan ha rett til ei eingongserstatning ved yrkesskade.
Yrkesskadeforsikringa kan også gi etterlatne rett til erstatning dersom ein arbeidstakar døyr på grunn av ein yrkesskade.
Yrkesbefal, kontraktsbefal og verva personell har ikkje den utvida retten til helsehjelp ved yrkesskade/yrkessjukdom som vernepliktige har.
Tilhøyrer du ei av desse gruppene, har du dei same helserettane som andre arbeidstakarar ved yrkesskade.
Helfo kan gi full dekning av utgifter ved yrkesskade. Forutsetningen er at NAV har godkjent yrkesskaden din.
Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.
Innhaldet er levert av Helfo
Sist oppdatert fredag 19. august 2022