Helserettar for soldatar i førstegongsteneste

Soldatar i førstegongsteneste har krav på gratis legetenester og anna helsehjelp.

Forsvaret soldater bærer skadet soldat

​Som soldat i førstegongsteneste har du tilgang til gratis lege og tannlege i leiren.

Vernepliktige soldatar i førstegongsteneste har krav på gratis legeteneste døgnet rundt, også når dei har permisjon. Helfo dekkjer berre utgifter til helsetenester i tråd med kapittel 5 i folketrygdlova.

Helfo dekkjer ikkje utgifter til behandlarar som ikkje har direkte oppgjer med Helfo, for eksempel lege-, psykolog og fysioterapihjelp hos heilprivate helsetenester eller legehjelp hos private legevakter/legekontor.

Legehjelp i leiren for soldatar i førstegongsteneste

​Dersom det ikkje er legehjelp i leiren, er det vanleg praksis å bruke kommunal legevaktteneste. Dersom du som er vernepliktig soldat kan dokumentere at du er i teneste, skal du sleppe å betale eigendelar for behandling.

Forsvaret tilbyr også befalsskuleelevar gratis legebehandling på forsvaret sine sjukestover.

NB: Forsvarspersonell i lønt arbeid, som krigsskulekadettar, grenaderar, befal, offiserar og sivilt tilsette har i utgangspunktet ikkje rett til å bruke Forsvarets helseteneste, men skal bruke fastlegen og har dei same helserettane som andre arbeidstakarar i Noreg.

Helsehjelp ved yrkesskade og yrkessjukdom

​Vernepliktige og friviljug tenestegjerande som er inne til førstegongsteneste i Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret, Heimevernet eller Sivilforsvaret har ein såkalla utvida rett til yrkesskadedekning.

Denne utvida retten betyr faktisk at all lekamsskade eller sjukdom som er oppstått under teneste i forsvaret gir rett til yrkesskadedekning, utan at det er krav om årsakssamanheng mellom tenesta og skaden/sjukdommen.
I tillegg har befalsskuleelevar same rettar når det gjeld yrkesskadedekning det første året av utdanninga, dersom dei ikkje allereie har avtent førstegongstenesta.

  • Dersom du er vernepliktig, og utsett for skade, skal føresette i militæret registrere skaden og sende inn skademelding til NAV på dine vegner dersom skaden bør registrerast som yrkesskade.

  • Dersom NAV har godkjent yrkesskaden eller yrkessjukdommen, kan Helfo gi full dekning av utgifter til legehjelp, tannlegehjelp, fysikalsk behandling, legemiddel, næringsmiddel, spesielt medisinsk utstyr, medisinsk forbruksmateriell og hensiktsmessige hjelpemiddel i samband med skaden. Du som er vernepliktig må hugse å sende kopi av vernepliktskortet ditt til Helfo.

  • Når NAV har vedteke at du har ein yrkesskade eller yrkessjukdom, skal du sleppe å betale eigendelar på dei områda som gjeld for yrkesskade/yrkessjukdom.

Dersom sjukdommen er diagnostisert eller har gitt symptom før tenesta, vil som hovudregel berre den mellombelse eller varige forverringa som er oppstått under tenesta bli godkjent som yrkesskade/yrkessjukdom.

Refusjon ved mindre alvorleg skade/sjukdom

Dersom du er soldat og er utsett for ein mindre alvorleg skade eller sjukdom og har hatt medisinske utgifter, krev ikkje Helfo yrkesskadevedtak frå NAV når du søker om refusjon.

Får du medisinske utgifter som du har krav på å få stønad til, må du sende Helfo søknad om å få refundert utgiftene. 

Send søknad til Helfo

Fristen for å sende inn søknad er seks månader frå kvart enkelt utlegg. Du må hugse å sende kopi av vernepliktskortet ditt til Helfo saman med søknadsskjema og spesifiserte originalkvitteringar som vedegg til digitalt skjema. 

 

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her. 

Papirskjema

Om du ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du fylle ut eit kvitteringsskjema på papir og sende det inn saman med kopi av vernepliktskortet og spesifiserte originalkvitteringar. 

Søknaden sender du til Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg innan 6 månader etter at du har hatt utlegget.

 

Behov for psykolog

​Forsvaret har eiga psykologteneste eller psykiatritilbod, dersom soldatar i førstegongsteneste har behov for dette. Militærlegen hjelper til med å finne eit tilbod.

Erstatning ved yrkesskade eller død

​Vernepliktige/soldatar er forsikra gjennom Statens pensjonskasse. Det betyr at du kan ha rett til ei eingongserstatning ved yrkesskade.

Yrkesskadeforsikringa kan også gi etterlatne rett til erstatning dersom ein arbeidstakar døyr på grunn av ein yrkesskade.

Yrkesmilitære har ikkje utvida rett ved yrkesskade

​Yrkesbefal, kontraktsbefal og verva personell har ikkje den utvida retten til helsehjelp ved yrkesskade/yrkessjukdom som vernepliktige har.

Tilhøyrer du ei av desse gruppene, har du dei same helserettane som andre arbeidstakarar ved yrkesskade.

Helse- og omsorgsdepartementet (lovdata.no)

Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Helserettar for soldatar i førstegongsteneste. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 19. august 2022 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/helserettigheter-for-soldater-i-forstegangstjeneste/

Sist oppdatert fredag 19. august 2022