Søk om å få dekket reisen din
Har du vært til behandling, kan du søke om å få pengestøtte til reisen. Trenger du tilrettelagt transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få en rekvirert reise.
Her finn du råd om korleis du kan førebu deg til du skal på sjukehus. Er noko uklart, så spør! Slik kan det bli lettare for deg å medverke i di eiga helsehjelp.
Illustrasjon: © Fancy/Johnér
Helsepersonell har fagleg ekspertise, men du er ekspert på deg. Ein god dialog vil hjelpe deg å få den informasjonen du treng, og vite kva du sjølv bør informere om.
Før du skal til undersøking eller behandling kan det vere nyttig å tenkje gjennom og skrive ned det som er viktig for deg og det du eventuelt lurer på.
Det er ikkje alltid slik at behandlingsstaden har tilgjenge til all medisinsk informasjon om deg. Medisinsk informasjon kan vera tidlegare sjukdomar, operasjonar, allergiar og om du tek medisinar.
Be fastlegen om ei oppdatert liste over alle medisinane dine. Ha alltid med deg lista viss du skal på sjukehus. Si ifrå om du tek naturmedisinar eller kosttilskot.
Mange lurar på kva dei skal ta med seg når dei skal leggjast inn på sjukehus. Les innkallinga nøye. Det kan stå noko der om kva du skal ta med deg.
Her er eit forslag:
Informer om eiga sjukehistorie, som tidligere sjukdomar, operasjonar, allergiaer og om du tek medisinar.
Hvis helsepersonell brukar ord og uttrykk som du ikkje kjenner, be dei forklare det for deg med andre ord. Spør til du forstår.
Undersøkingar og legesamtaler skjer etter faste rutinar. Legevisitten er møtet mellom deg og legen. Her kan du spørje om det du lurer på.
Har du behov for ein fortruleg samtale med legen eller anna helsepersonell så kan du be om det. Du kan òg invitera med deg pårørande til viktige samtalar med legen. Pårøyrande kan hjelpa til med å stilla spørsmål og gje informasjon slik at dere saman med legen kan avgjere kva for ei behandling som er riktig for deg.
Skriv gjerne ned det viktigaste frå samtalene med helsepersonellet. Be om å bli teken med på avgjerd dersom det må gjerast endringar i behandlinga.
Helsepersonell skal informere om fordelar og ulemper ved ulike typar undersøkingar og hvordan de vil bli gjennomført. Du skal bli informert om resultatet og kva resultatet kan ha å seie for vidare behandling. Er du informert, er det lettare å medverke til avgjerder om undersøkinga og behandlinga.
For å sikre at undersøkingar ikkje blir forveksla, skal du alltid bli spurd om namn og personnummer, også av helsepersonell som kjenner deg. Du kan òg seie frå sjølv.
Det kan være fleire måtar å behandle ein sjukdom på. Du kan be om å få vite kva for alternativ som finst og til å delta i avgjerder om behandlinga.
Dersom du skal opererast, får du ein samtale med lege i forkant. Da kan du stille spørsmål, og de kan til dømes bli einige om kva for type bedøving som er best for deg.
Meld frå dersom du tidlegare har hatt dårlege opplevingar med bedøving eller dersom medisinen ser annleis ut enn han pleier. Gi beskjed dersom du har allergier eller har spørsmål.
Legar og sjukehus har ikkje ei felles oversikt over medisinane dine, difor er det viktig at du til ei kvar tid har med deg ei oversikt over medisinane du brukar. Slik kan du sjølv medverke til å forhindre feil og misforståingar.
Be fastlegen om ei oppdatert liste over alle medisinanene dine. Medisinanene kan endrast i løpet av eit opphald på sjukehs eller ein annan behandlingsstad. Du har krav på ein grundig gjennomgang og ei oppdatert liste over medisinane dine. Det er fastlegen som skal oppdatere lista. Vis ho fram kvar gong du er i kontakt med helsevesenet eller apoteket. Ei oppdatert liste gir tryggleik for deg og dei som behandlar deg.
Kontakt alltid lege dersom du får plagsame biverknader og sei ifrå til legen om du brukar vitamin, kosttilskot, reseptfrie medisinar eller naturmedisinar.
Be fastlegen jamleg å vurdere om du treng alle medisinanene du brukar, og om dosane er rette. Be om hjelp dersom du synest det er vanskelig å halde orden på medisinane.
Lån aldri medisinar av andre og husk å lever tilbake medisinar som har gått ut på dato på apoteket.
Før du blir utskriven skal du ha ei samtale med sjukepleiar og/eller lege om kva du skal vere merksam på når du kjem heim og kva du kan forvente etter behandlinga. Dersom du har behov for oppfølging når du kjem heim, kan du be om ein plan for dette.
Har du vore innlagt på sjukehus, skal du normalt til kontroll etterpå. Spør gjerne om kven som har ansvaret for å følgje deg opp, og om/når du skal til kontroll eller rehabilitering. Du må sjølv kontakte fastlegen for kontroll. Ta gjerne med epikrisen (rapport ved utskriving). I enkelte tilfelle held behandlinga fram på sjukehuset. Ta kontakt med sjukehuset dersom du ikkje har fått innkalling som avtalt.
Sørg for at du veit kven du skal kontakte dersom du har spørsmål, får smerter eller opplever andre komplikasjonar som kan ha samband med behandlinga. (Namn/avdeling og telefonnummer).
Be om kopi av prøvesvar, epikrise og tilvisingar. Be om forklaring hvis du ikke forstår hva prøvesvarene betyr,
Enkelte vil ha behov for medisinar og utstyr eller andre hjelpemiddel. Du har rett til rettleiing og opplæring i korleis du skal bruke desse.
Har du vært til behandling, kan du søke om å få pengestøtte til reisen. Trenger du tilrettelagt transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få en rekvirert reise.
Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.
Kontakt oss ved spørsmål om utfylling av reiseregningsskjema, dekning av reiseutgifter eller bestilling av din pasientreise.
Innhaldet er levert av Helsedirektoratet
Sist oppdatert tysdag 14. mars 2023