Innanfor muskel- og skjelett-lidingar kan kiropraktorar
- utføre undersøking og behandling, utan tilvising frå lege
- vise pasientar vidare til legespesialist
- vise pasientar til bildediagnostikk (for eksempel røntgenundersøkingar)
- sjukmelde pasientar i opptil tolv veker
Betaling hos kiropraktor og stønad til pasientreise
Helfo utbetaler stønad etter fastsette takstar, mens kiropraktoren har fri prissetting. Stønaden frå Helfo utgjer berre ein liten del av dei totale kostnadane for deg som er pasient.
Helfo gir ein stønad på 4 kroner for førstegongs undersøking, deretter 4 kroner for kvar av dei andre behandlingane du har krav på refusjon for. Desse skal automatisk trekkast frå rekninga du får frå kiropraktoren. Helfo gir stønad til behandling av muskel- eller skjelettplager hos kiropraktor.
Du kan få stønad til pasientreise til kiropraktor innanfor heimkommunen din når du reiser til eller frå behandling som blir dekka av Helfo:
- Kiropraktorar som har avtale med Helfo kan rekvirere pasientreise for deg som er pasient.
- Som regel får du stønad til pasientreisa di med eit fast beløp per kilometer, uansett kva slags transportmiddel du bruker. Du må betale ein eigenandel for reisa, dersom du ikkje har frikort. Du kan søke om stønad til pasientreisa etter at reisa er gjennomført.
Utgiftene til behandling hos kiropraktor tel ikkje med i oppteninga av eigendelar til frikort for helsetenester.
Dersom du får kiropraktorbehandling i eit anna EU/EØS-land, kan du søke Helfo om å få dekka 4 kroner per behandling. Les meir om refusjon frå Helfo.
Utgreiing hos kiropraktor
Kiropraktoren skal undersøke helseplagene du har, både gjennom ei fysisk undersøking og spørsmål om plagene du har.
Kiropraktoren vil sjekke kor godt du kan bevege ledd og musklar og leite etter smertekjelder i kroppen din.
Kiropraktoren kan også spørje deg om eventuelle
- sjukdommar og skader du har hatt før
- medisinar du tek
- belastingar i heimen og på arbeidsplassen din
Kiropraktoren kan ved behov vise deg (henvise) til fastlegen eller til spesialisthelsetenesta for utgreiing.
Behandling hos kiropraktor
Du vil får individuelt tilpassa behandling basert på
- sjukehistoria di
- undersøkinga hos kiropraktoren
- eventuelle funn frå bilet-diagnostikk
- Behandlinga kan mellom anna bestå av informasjon og rådgjeving for plagene dine
- ulike behandlingsteknikkar, som for eksempel leddmanipulasjonsbehandling («knekking»)
- øvingar
I behandlingsforløpet kan kiropraktoren samarbeide med fastlege, fysioterapeut, legespesialistar i spesialisthelsetenesta eller andre.
Tilvising (henvising) til kiropraktor
Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få behandling hos kiropraktor.
Du må sjølv finne informasjon om kiropraktorar der du bur.
Krav til kiropraktorar
I Noreg må ein vere autorisert av Helsedirektoratet for å kunne kalle seg kiropraktor.
Kiropraktorar er som anna helsepersonell i Noreg bundne av kravet om at arbeidet deira er fagleg forsvarleg, slik det er omtala i Helsepersonelloven (lovdata.no).
Dersom det skjer feil eller skade som følgje av kiropraktisk behandling hjå ein kiropraktor i Noreg, har pasienten rettar ifølgje Pasient- og brukarrettsloven (lovdata.no).
Som autorisert helsepersonell er kiropraktorane også underlagde fagleg tilsyn og klagebehandling hjå Helsetilsynet.