Ekspertpanelet

Ekspertpanelet kan gje personar med alvorleg livsforkortande sjukdom ei ny vurdering av behandlingsutsikter. Eit viktig føremål er at pasientar og pårørande skal kjenne seg sikre på at all relevant behandling er vurdert.

Kva er Ekspertpanelet?

Når pasientar og pårørande får beskjed om at det ikkje finst meir behandling å gje, kjenner mange på uvisse. Det er naturleg å leite etter andre opningar for behandling.

Norske legespesialistar er generelt godt oppdaterte på behandling og kliniske studiar, men dersom det er usikkert om det finst behandlingar eller studiar som kan passe for deg, kan det vere aktuelt med ei vurdering frå Ekspertpanelet.

Panelet gjev ei ny fagleg vurdering og ein tryggleik for at all aktuell behandling er gjeven eller vurdert. Dei kan også eventuelt gje konkrete råd om ytterlegare behandling eller kliniske studiar. Vidare kan Ekspertpanelet bidra til at pasientar unngår å bruke tid og pengar på behandling som ikkje er nyttig eller som er potensielt skadeleg.

Ekspertpanelet vurderer og gjev råd knytt til den enkelte pasienten. Du kan få råd om behandlingsalternativ og om ny behandling kan vere aktuell å prøve. Dette blir gjort i samråd med den legen som er ansvarleg for behandlinga av deg på sjukehuset.

Ekspertpanelet har berre ei rådgjevande rolle og ikkje avgjerdsmynde.

Det er opp til det enkelte helseføretaket om dei følgjer råda frå Ekspertpanelet.

video: En ny sjangse: Amanda fikk hjelp av Ekspertpanelet

I filmen møter du Amanda som fikk hjelp av Ekspertpanelet.

Kven er ordninga for?

Ordninga med Ekspertpanelet er aktuell i situasjonar der:

  • Personen har ein alvorleg livsforkortande sjukdom.
  • All etablert behandling er påbyrja eller vurdert.

Etablert behandling er behandlingsmetodar som er veldokumenterte, går fram av nasjonale eller internasjonale retningslinjer og representerer dagens praksis. I visse situasjonar kan ei spesifikk behandling ved ein alvorleg livsforkortande sjukdom vurderast før ei eventuelt gjeldande etablert behandling er gjeven.

Kven kan tilvise til vurdering?

Behandlande sjukehuslege kan i samråd med deg vende seg til Ekspertpanelet.

Det er viktig at det er behandlande lege som sender førespurnaden til Ekspertpanelet. Det er denne legen som kjenner sjukehistoria og behandlinga di, og som kan gje alle nødvendige og relevante opplysningar til panelet.

Kven er Ekspertpanelet?

Deltakarane i Ekspertpanelet er legespesialistar med lang erfaring frå klinikk og forsking og med internasjonale nettverk. Ekspertpanelet består av sju faste kreftlegar, ein molekylær patolog og ein nevrolog som vil gje råd i dei fleste sakene. I tillegg konsulterer ein 30 fagpersonar frå ulike medisinske område ved behov.

Kva kan Ekspertpanelet hjelpe med?

Ekspertpanelet vurderer og kan gje råd om følgjande:

  1. Vurdere om all aktuell etablert behandling er gjeven eller vurdert.
  2. Vurdere om det er aktuelle kliniske studiar for deg i Noreg eller i utlandet (fortrinnsvis Norden).
  3. Vurdere utprøvande behandling i Noreg utanfor kliniske studiar (off-label behandling).
  4. Vurdere eit utprøvande behandlingstilbod du sjølv har henta inn.

Når ei ny behandling blir vurdert innført i Noreg, blir dette behandla og avgjort av Beslutningsforum for nye metoder (nyemetoder.no). Dette forumet skal gjere pasientar trygge på at effekt og tryggleik er vurdert i nye behandlingsmetodar. Dersom det er gjort eit vedtak om at behandlinga ikkje skal innførast i Noreg, skal Ekspertpanelet følgje dette. Ekspertpanelet kan ikkje uttale seg om behandling som har vore avslegen av eller er til vurdering hos Beslutningsforum for nye metoder.

Saksbehandlingstid i Ekspertpanelet

Det går normalt to veker frå Ekspertpanelet får ein komplett førespurnad, til det blir sendt svar til sjukehuslegen. Om panelet treng ytterlegare opplysningar i Noreg eller i utlandet, kan det ta noko lengre tid. Om det går meir enn fire veker, får legen ei førebels tilbakemelding.

Oppfølging av råd frå Ekspertpanelet

Når Ekspertpanelet har kome fram til eit råd, sender dei det til din behandlande lege på sjukehuset som tilviste deg. I mange tilfelle vil det ikkje vere ytterleg behandling som er aktuell for deg. Om du har fått råd om ei spesifikk behandling eller ein studie, er det opp til behandlingsansvarleg lege eller helseføretaket i samråd med deg å avgjere om behandlingsrådet skal følgjast.

Den behandlande legen vil vurdere den kliniske tilstanden din og avgjere om du vil kunne tole behandlinga. Du kan på bakgrunn av informasjon om effekt og biverknader vurdere om du ønskjer ei slik behandling.

Eit råd om behandling frå Ekspertpanelet vil ikkje seie at du har rett til å få ei slik behandling eller få slik behandling dekt av det offentlege.

Sisdoalu lea almmuhan Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Ekspertpanelet. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 njukčamánnu 17, bearjadat [vižžon 2024 cuoŋománnu 24, gaskavahkku]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/kliniske-studier/ekspertpanelet/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 njukčamánnu 17, bearjadat