Test og hurtigtest for hiv

Du kan sjekke deg gratis for hiv og andre seksuelt overførbare infeksjonar. Her får du informasjon om testen, og kvar du kan ta hurtigtest for hiv og enkelte andre seksuelt overførbare infeksjonar.

Alle kan be om å få teke ein test for hiv eller annan seksuelt overførbar infeksjon hos fastlegen. Både test og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar er gratis i Noreg. 

Dei fleste fastlegar sender prøven til eit laboratorium, og det tek nokre dagar før du får svar. For nokon kan eit av dei etter kvart mange stadene som tilbyr hurtigtest for hiv, vere eit alternativ eller supplement til regelmessige helsesjekkar hos fastlegen. 

Derfor bør du teste deg for hiv

Dersom du er usikker, er det best å få vite kva hiv-status du har. Testar du negativt, slepp du å uroe deg for di eiga helse. Testar du positivt, får du nødvendig oppfølging for å førebyggje alvorleg sjukdom knytta til hivinfeksjonen. Ubehandla hivinfeksjon kan føre til at immunforsvaret ditt blir alvorleg svekt, og til alvorlege helseplager som aldri forsvinn. 

I tillegg har hivpositive som får rett medisinsk behandling, minimal risiko for å smitte andre. Ikkje alle som blir smitta med hiv får sterke symptom, så du kan vere smitta utan å vite om det sjølv. Det er derfor risikabelt å vente for lenge med å bli testa. 

Har du eit aktivt seksualliv med fleire partnarar, er det tilrådd at du testar deg rutinemessig minst éin gong i året. Du bør teste deg oftare dersom du har usikker sex eller har opplevd kondomsprekk. Det gjeld særleg dersom ein har hatt ubeskytta sex i eit land med høg førekomst av hiv eller er mann som har sex med andre menn.  

PEP-kur kan vere aktuelt i risikosituasjonar 

Har du vore i ein situasjon med risiko for smitte for mindre enn 72 timar sidan, kan du oppsøkje legevakta og be om ein medisinkur som kan hindre at hivviruset etablerer seg i kroppen. Denne kuren heiter PEP (posteksponeringsprofylaktisk behandling). Kuren bør startast så raskt som mogleg, og helst innan 4 timar. Dersom legen meiner at du treng kur, er den gratis. 

Overgrepsmottaket gir gratis hjelp, test og behandling til personar som har vært utsett for overgrep eller valdtekt.   

Slik blir hurtigtesten for hiv gjennomført

Hurtigtesten blir gjort ved at du får eit stikk i fingeren. Bloddropen blir blanda med kjemikaliar, og det tek berre nokre sekund før svaret er klart. Testresultatet ved hurtigtest blir rekna som svært påliteleg, men ved positivt svar blir det alltid teke ein vanleg blodprøve som blir sendt til laboratorium for analyse. 

Svaret er konfiden​sielt

Helsepersonell har teieplikt, og du har krav på konfidensiell behandling. I samband med testen kan du få svar på spørsmål om sikrare sex og informasjon om korleis hiv smittar. 

Du har òg høve til å ta opp andre spørsmål om seksuelle utfordringar, seksuell identitet, samliv og relasjonar. 

Dersom du testar negativt

Dei aller fleste testar negativt. Ein negativ test er ein god indikasjon på at du ikkje er smitta med hiv. Ein hiv-test gir omtrent 80 prosent sikkert svar to til tre veker etter eventuelt smittetidspunkt. Først etter tre månader kan testen gi 100 prosent sikkert svar. Har det gått mindre enn tre månader, kan du avtale ein ny time for å få teke ein test som er 100 prosent sikker. 

Ein negativ test vernar deg ikkje mot framtidig smitte, og det er viktig at du held fram med å ta forholdsreglar for å unngå smitte. Då unngår du å øydeleggje gode seksuelle erfaringar med uro og anger. 

​​Dersom du testar positivt

Med rett medisinsk oppfølging kan ein leve eit langt og godt liv som hiv-positiv. Hiv-positive som får riktig medisinsk behandling, har minimal risiko for å smitte andre. Behandlinga er gratis. 

Her kan du teste deg med hurtigtest for hiv

Ein hurtigtest gir deg svaret på staden og kan gjennomførast anonymt. Alle som har hatt sex utan kondom med éin eller fleire dei ikkje kjenner hiv-statusen til, bør vurdere å sjekke seg for hiv. 

På stadene nedanfor kan du ta ein hurtigtest for hiv. Dei fleste stadene kan du òg teste deg for andre seksuelt overførbare infeksjonar. Gå inn på lenkene for å finne informasjon om tilbodet og opningstider. 

Tilbodet Minuttest.no viser hurtigtesttilbod som er særleg retta mot innvandrarar i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Haugesund.

Oslo

Olafiaklinikken – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Sjekkpunkt – anonymt hurtigtesttilbod til menn som har sex med menn (msm) – blir drive av frivillige likepersonar. Dei tilbyr hurtigtest for både hiv og syfilis samt testar òg for gonoré, klamydia og mycoplasma. Tilbodet er gratis og anonymt.

Sex og samfunn – senter for ung seksualitet – tilbyr gratis drop-inn med tilbod om test for alle seksuelt overførbare infeksjonar for alle under 25 år.

Sex og samfunn – helsetilbod til personar som kjøper sex – tilbyr hurtigtest for hiv til personar som kjøper sex, og personar som går på PEP (posteksponeringsprofylaktisk behandling).

Aksept – senter for alle som hiv er aktuelt for – tilbyr hurtigtest for hiv.

Helsesenteret for papirløse migranter – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Nadheim – tilbod for personar som sel eller har selt seksuelle tenester – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Pro Sentret – helsetilbod for personar som sel eller har selt seksuelle tenester - tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar. 

Bergen

Haukeland Universitetssykehus – poliklinikken for seksuelt overførbare infeksjonar – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Kirkens Bymisjon Aksept Bergen– tilbyr hurtigtest for hiv. 

Helsesenteret for papirløse migranter – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar. 

Stavanger

Stavanger Universitetssjukehus – poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjonar – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Nadheim – tilbod til menneske som sel eller har selt seksuelle tenester – tilbyr hurtigtest for hiv.

Trondheim

St. Olavs hospital – poliklinikk for hud- og kjønnssjukdommar – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

 Kirkens Bymisjon Aksept Trondheim– tilbyr hurtigtest for hiv. 

Tromsø

Sosialmedisinsk senter – tilbyr hurtigtest for hiv og testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Kristiansand

Sørlandet sykehus Kristiansand – lågterskeltilbod for testing av seksuelt overførbare sjukdomar

Sentrum legesenter – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

Haugesund

Testivest.no – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar (men ikkje hurtigtest for hiv).

Kirkenes

Kirkenes legesenter – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.

HivNorge

HivNorge er ein partipolitisk og religiøst uavhengig nasjonal interesseorganisasjon for mennesker som lev med hiv, pårørande og andre det har følgjer for eller som er opptatt av hiv.

Aksept

Eit ope hus og ressurssenter for dei som har HIV eller er pårørande. 

Olafiaklinikken

Senter for rådgiving, undersøkelse og behandling av seksuelt overførbare infeksjoner ved Oslo universitetssykehus.

Sjekkpunkt

Rask, anonym og gratis hurtigtest av hiv

Sisdoalu lea almmuhan Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Test og hurtigtest for hiv. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2024 njukčamánnu 14, duorasdat [vižžon 2024 cuoŋománnu 25, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/hiv-og-aids/hurtigtest-for-hiv/

Maŋimusat ođastuvvon 2024 njukčamánnu 14, duorasdat