Kva er ankyloserande spondylitt?

Spondyloartritt (tidlegare kalla Bekhterevs sjukdom) er ein kronisk leddsjukdom som vanlegvis gir betennelse i ledd i ryggsøyla eller bekkenet. Det kan òg vere betennelse i andre ledd, særleg hofteledd og kne. I tillegg til leddbetennelse kan det førekomme betennelsar i senefestar og i regnbogehinna til auget.  

Det vanlegaste symptomet er smerte og stivleik i ryggen som blir betre av å vere i rørsle, og  ofte nattleg smerte. Tilstanden startar oftast i ungdomsåra, men kan kome både tidlegare og seinare.  

For nokre blir sjukdomen mildare over tid, medan han hos andre kan utvikle seg og gi meir plager.  

Hos nokre kan ryggvirvlar vekse saman, i dei tilfella kallar  vi tilstanden for ankyloserende spondylitt. Det kan gi meir stivleik og i dei mest uttalte tilfella endra haldning.  

Spondyloartritt påverkar vanlegvis ikkje levealderen.  

Sjukdomen er i ein viss grad arveleg. Det betyr at du har auka risiko for å utvikle sjukdomen viss ein nær slektning har han. Spondyloartritt er to til tre gongar meir vanleg hos menn enn hos kvinner.

 

Symptom på spondyloartritt

Vanlege symptom på spondyloartritt er 

  • ryggsmerter om natta
  • smerter som vekkjer deg tidleg om morgonen
  • morgonstivleik i ryggen som varer meir enn 30 minutt 

Andre symptom og sjukdomar som er knytte til spondyloartritt:

  • smerter og hevelse  i senefeste, særleg i akillessena
  • raudt og smertefullt auge (regnbogehinnebetennelse/uveitt) 
  • dårleg søvn på grunn av smerte og stivleik i ryggen 
  • psoriasis
  • inflammatorisk tarmsjukdom, som ulcerøs kolitt eller Crohns sjukdom 

Når bør du oppsøkje helsehjelp? 

Viss sjukdomsbiletet er typisk for spondyloartritt (unge personar som har stivleik og nattleg ryggmerte utan annan forklaring, og særleg om det er andre i nær familie med spondyloartritt) bør du oppsøke lege.   

Ryggsmerter er vanleg i befolkninga, og det kan vere vanskeleg å skilje denne sjukdomen frå andre ryggplager. Les meir om ryggsmerte og når du bør oppsøke lege viss sjukdomsbiletet ikkje er typisk for spondyloartritt.

Viss du har fått diagnosen spondyloartritt bør  du oppsøke lege viss du opplever   auka stivleik eller smerter som ikkje blir betre med trening, eller får nye symptom som betennelse i auge eller ledd.    

Undersøking og diagnose

Fastlegen vurderer diagnosen ut frå symptoma dine og ei klinisk undersøking. Det blir sjekka om du er stiv i ryggen og du blir undersøkt for teikn til betennelse i andre ledd. 

Dersom sjukdomsbiletet passar med spondyloartritt vil  legen bestille, MR av bekkenet og i nokre tilfelle ryggrada. Du blir vanlegvis tilvist til revmatolog.  Viss MR-bileta viser betennelse i bekkenledda og/eller ryggrad, eller dersom du har betennelse i ledd utanfor ryggrada. 

Behandling av aspondyloartritt

Spondyloartritt rammar ulikt frå person til person. Behandlinga blir derfor tilpassa behova dine. Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.  

Dette kan du gjere sjølv dersom du har spondyloartritt:  

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å halde på rørsle, styrke og god haldning. Dei fleste med spondyloartritt vil få ei vurdering av fysioterapeut som vil gi deg eit treningsprogram som er tilpassa deg. Programmet kan innehalde tøying og styrkeøvingar. Det viktig å gjere øvingane jamleg for å få best effekt.   

Røyking kan føre til meir plager av sjukdomen. Dersom du røykjer, kan legen hjelpe deg med råd og støtte til å slutte.   

Mange har nytte av å treffe andre med same diagnose for å få støtte, dele erfaringar og lære meir om sjukdomen. Norsk Revmatikerforbund tilbyr informasjon og lokale tilbod over heile landet.  

Medisinar ved spondyloartritt  

Betennelsesdempande smertestillande medisinar blir ofte brukt for å lindre smerter og stivleik. Brukar du betennelsesdempande medisinar over lengre tid, bør du ta regelmessige blodprøver for å kontrollere lever- og nyrefunksjon.  

Dersom du ikkje har god nok effekt av trening og betennelsesdempande medisinar kan legen vurdere å gje deg immundempande legemiddel.  

Kortisoninjeksjonar i betente ledd utanfor ryggrada kan gi god lindring. 

Laster inn

Norsk revmatikerforbund

22 54 76 00

Du kan ringe for å snakke med andre med revmatiske sykdommer, som kan gi deg råd og veiledning.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten

Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten. Spondyloartritt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert 2026 geassemánnu 18, duorasdat [henta 2026 suoidnemánnu 3, bearjadat]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/se/sykdom/muskel-og-skjelett/bechterevs-sykdom-ankyloserende-spondylitt/

Sist oppdatert 18. geassemánnu 2026

Fant du det du lette etter?