Vanlege seksuelle problem

Dei vanlegaste seksuelle funksjonsproblema er knytte til seksuell lyst, ereksjon og lubrikasjon (våt skjede), utløysing og orgasme, og smerter ved seksuell aktivitet. Sjå kva du sjølv kan gjere dersom du opplever seksuelle problem.

Seksuelle funksjonsproblem kan ramme alle, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet og seksuell orientering.

Sjølv om seksuelle funksjonsproblem er vanleg, blir det snakka lite om dei. Mange problem kan løysast med informasjon, openheit eller hjelp frå helsepersonell.

Nedsatt sexlyst

Det går eit viktig skilje mellom å ha lyst på sex og responsen frå kjønnsorgana (ereksjon/lubrikasjon). Sexlyst og respons frå kjønnsorgana heng ofte saman, men ikkje alltid. Du kan ha lyst på sex utan at kjønnsorganet reagerer. Du kan også få ereksjon eller våt skjede utan å ha lyst på sex.

Seksuell lyst er avhengig av situasjonen

Seksuell lyst er subjektivt og varierer ut frå situasjon og relasjon til partnar. Mange opplever nedsett sexlyst under graviditet, etter fødsel eller i periodar med mykje stress eller konflikt i parforholdet.

Nedsett seksuell lyst inneber å mangle seksuelle tankar eller ønske om å ha sex. Nokre gonger kan ein ønskje at lysta på sex var der, men når desse kjenslene ikkje er der, opplever ein det som problematisk.

Nedsett lyst kan vere generell. Då manglar du lyst på sex uavhengig av situasjon eller partnar. Når nedsett lyst er spesifikk, har du seksuelle tankar og ønske, men har ikkje lyst på sex i den aktuelle situasjonen eller med den aktuelle partnaren.

Det er viktig å hugse på at det å ha seksuell lyst er eit teikn på ein frisk og opplagt kropp, at ein har ein ønskt partnar og ein situasjon som passar.

Sexlyst er ikke et krav

Når ein av partane i eit forhold opplever nedsett seksuell lyst, kan partnar føle seg skuffa og avvist.

Seksuell lyst er ikkje eit krav eller ei forplikting for partnaren. Manglande seksuell lyst er ofte resultat av at ein føler at seksualitet blir eit krav.

Det kan då vere nyttig å vite at nokon kan tenne seksuelt på eit tidels sekund, medan andre treng 15–20 minutt på å hente fram lysta. Ein kan også ha lyst på litt intimitet og nærleik, men ikkje på samleie og orgasme.

Snakk om det

Snakk ope med partnar om seksuell lyst og kva begge ønskjer, og forsøk å finne svar på kvifor nedsett lyst blir eit problem i forholdet dykkar. Dette kan bidra til at de begge blir tryggare på kvarandre og lettare kan finne fram til den gode felles seksualiteten.

Snakk med vener om korleis ulike livsfasar har påverka seksualiteten deira. Snakk også med fastlegen din. Dersom lystproblema skriv seg frå biverknader av medisinar, kan du be behandlande lege vurdere om det finst ein annan type behandling som ikkje påverkar sexlysta like sterkt.

Samanheng med nivået av kjønnshormon

Sexlysta kan også falle dersom det naturlege nivået av kjønnshormon i kroppen fell. Testosteron blir produsert i eggstokkane, testiklane og binyrene. Nivåa kan falle dersom desse blir opererte bort, eller dersom hormonproduksjonen i kroppen ikkje fungerer som han skal.

Med aukande alder fell nivået av kjønnshormona testosteron og østrogen. Dette er ei naturleg kroppsleg endring som kan føre til lågare interesse for sex hos nokon. Kjønnshormon som medisin kan lindre symptom som følgje av fallande hormonnivå.

Snakk med fastlegen din om hormonerstatnings-behandling er ei eigna behandling for deg.

Andre årsaker til nedsett sexlyst:

  • overdrive alkoholforbruk
  • konfliktar i forholdet
  • smerter eller ubehag under samleie
  • at du blir trøytt
  • tidlegare mentale eller fysiske traume
  • biverknader av medisinar
  • helseproblem, til dømes diabetes, kroniske smerter, hudlidingar, depresjon eller utmatting
  • hormonforstyrringar, til dømes høgt eller lågt stoffskifte

Å ta seg tid til kvarandre, snakke saman og vere intim og nær kvarandre utan å ha sex kan fremje sexlyst. Å ha sex når ein ikkje har lyst, kan føre til at problema forsterkar seg.

Du skal ikkje la deg presse til å ha sex utan at du sjølv ønskjer det. Du skal heller ikkje presse eller mase på partnar for å ha sex med deg.

Mange får god hjelp hos ein sexologisk rådgjevar til å finne tilbake til lyst og tenning. Finn ein NACS-autorisert sexologisk rådgjevar på www.finnensexolog.no.

Aseksualitet

Menneske som opplever svak seksuell lyst eller interesse kan velje å leve som aseksuelle. Somme aseksuelle manglar seksuell lyst heilt.

Andre har glede av å onanere, men har ikkje interesse av å ha sex med andre menneske. Aseksualitet er ei seksuell orientering og ikkje eit seksuelt problem.

Har du eit avklart forhold til seksualiteten din, vil aseksualitet ikkje opplevast som problematisk for deg sjølv, men kan gjere det utfordrande å finne ein partnar. Mange aseksuelle er derfor single. Å vere aseksuell vil ikkje seie at du ikkje kan ha romantiske kjensler.

Ereksjonsproblem

Ereksjonsproblem er eit vanleg seksuelt problem. Les om risiko, førebygging og behandling ved ereksjonsproblem.

Orgasmeproblem

Orgasme består av fleire korte muskelsamantrekningar i bekkenbotnen saman med ei intens lystkjensle i samband med seksuell aktivitet. Det blir ofte kalla "å kome".

Ein kan likevel oppleve dei fysiske samantrekningane utan nyting, og ein kan oppleve orgastisk nyting utan muskelsamantrekningar, eller sædavgang. Dei fleste menneske kan ha orgasme, og orgasmen kjem oftast av seg sjølv når kroppen er klar.

Du treng ikkje å oppnå orgasme for å gle deg over sex. Men for mange er manglande evne til å nå orgasme eit problem, både for den som ikkje oppnår orgasme og for partnaren. Dette kan for somme føre til problem i forholdet.

Intensiteten i orgasmen varierer frå gong til gong og med ulike fasar av livet. Orgasme endrar seg også med alderen og kan bli påverka av helseplager og medisinar du tek. Type, mengd og varigheit av stimulering som er nødvendig for å utløyse ein orgasme, varierer også.

Ved vaginalt samleie gjev penetrasjon åleine, for dei fleste kvinner og transpersonar med vagina, ikkje tilstrekkeleg stimulering for å oppnå orgasme. Det er ofte nødvendig i tillegg å stimulere klitoris direkte eller indirekte for å oppnå orgasme.

Ein variant av orgasmeproblem hos menn og transpersonar med penis er forseinka sædavgang. Det vil seie at ein ikkje får utløysing, eller at det tek mykje lengre tid enn ønskt.

Forseinka sædavgang er definert som ei gjenteken og uønskt forseinking av utløysinga på 30 til 60 minutt eller at du ikkje får utløysing minst halvparten av gongene du har sex.

Forseinka sædavgang kan også vere ein biverknad av medikament du tek og som du kan snakke med legen din om.

Ikkje bekymre deg dersom du ikkje får orgasme ein gong iblant. Det kan skje alle. Du bør kontakte fastlege dersom problemet varer over tid.

Anorgasme er den medisinske nemninga på orgasmeproblem. Anorgasme er definert som fråvær av eller sterkt forseinka orgasme sjølv om du har stimulert kjønnsorganet på rett måte lenge nok.

Problem med å oppnå orgasme kan delast inn i tre typar:

  • livslang anorgasme – du har aldri har hatt ein orgasme
  • erverva anorgasme – du har hatt ein orgasme tidlegare, problemet har oppstått i seinare tid
  • situasjonsbestemt anorgasme – du oppnår berre orgasme i bestemte situasjonar eller med nokre partnarar

Årsaker til at problem med orgasme oppstår, kan vere:

  • helseplager, som ryggmergsskade, multippel sklerose, Parkinsons sjukdom og psykiske plager
  • gynekologiske operasjonar, til dømes å fjerne livmora
  • operasjonar i bekkenet, til dømes i blære og prostata
  • biverknader av medisinar, til dømes mot psykiske problem, høgt blodtrykk og allergi
  • ubehag eller smerter under samleie
  • høgt alkoholforbruk
  • røyking
  • bruk av rusmiddel
  • frykt for eller mangel på kunnskap om sex
  • å ikkje kunne "gje slepp" under sex
  • ikkje tilstrekkeleg effektiv stimulering av kjønnsorganet
  • depresjon eller stress
  • dårleg kroppsbilete
  • tidlegare traumatisk seksuell oppleving
  • vanskar med å snakke ope med partnar om seksuelle preferansar og behov
  • utruskap eller tillitsbrot i forholdet

Bruker du medisinar, bør du snakke med behandlande lege om du kan byte til ein annan medisin som har mindre innverknad på seksuell funksjon.

Dersom du får orgasme i nokre situasjonar, som når du onanerer åleine, men har problem med å kome saman med partnaren, kan det vere ei psykologisk forklaring på problemet, som til dømes samspel i parforholdet.

Samtalar med ein sexologisk rådgjevar kan hjelpe. Finn ein NACS-autorisert sexologisk rådgjevar på www.finnensexolog.no.

For tidleg sædavgang

For tidleg sædavgang (prematur ejakulasjon) er definert som problem med å kontrollere sædavgangar/utløysinga lenge nok til at begge partar kan glede seg over det seksuelle samværet.

For tidleg utløysing kan kome av:

  • seksuell prestasjonsangst
  • nervøsitet og stress
  • depresjon
  • problem i forholdet
  • prostataproblem
  • bruk av rusmiddel
  • problem med stoffskiftet
  • overfølsam penis
  • å forbinde sex med noko negativt eller gale
  • å ha vore utsett for seksuelt misbruk

Ein studie som målte varigheita på eit vaginalt samleie før sædavgang blant 500 par, fann at det typisk varte i fem til seks minutt. Dette er ingen standard på kor lenge eit samleie skal vare. Det varierer frå par til par og frå gong til gong.

Ikkje bekymre deg dersom du har for tidleg utløysing ein gong iblant. Dette er vanleg variasjon. Dersom tidleg utløysing er til hinder for å tilfredsstille dine eigne eller partnaren sine behov annankvar gong de har sex, og problemet varer over tid, kan det vere nødvendig å søkje hjelp.

Hugs at det er mogleg å stimulere partnar på andre måtar enn med penis. Dersom de begge ønskjer det, kan du stimulere partnar med hand eller munn dersom partnar ikkje er tilfredsstilt.

Kontakt fastlegen din dersom du har eit vedvarande problem med utløysinga. Då kan du finne ut kva som er årsaka til problemet. Du kan bli tilvist til spesialist dersom det er nødvendig.

Samtalar med ein sexologisk rådgjevar kan hjelpe. Finn ein NACS-autorisert sexologisk rådgjevar på www.finnensexolog.no.

Priapisme – forlenga ereksjon

Priapisme er ein tilstand der ereksjonen varer i fleire timar utan at du er seksuelt opphissa. Ereksjonen går ikkje ned av seg sjølv fordi blodsirkulasjonen som regulerer ereksjonen, ikkje verkar som han skal.

Oksygennivået i blodet fell, og svamplekamen i penis blir skadd. Priapisme kan derfor føre til sterke smerter. Utan behandling risikerer du å miste reisningsevna.

Priapisme kan vere ein biverknad av PDE-5 hemmarar som Viagra, Cialis og Levitra. I slike tilfelle er det viktig å oppsøkje lege raskt.

Årsaker til priapisme kan vere:

  • alkohol
  • bruk av rusmiddel
  • injeksjonar i penis for å behandle ereksjonsproblem
  • biverknader av medisinar, til dømes testosteron, blodfortynnande, medisinar mot angst og depresjon
  • skadar i penis eller bekkenet
  • sjukdom og skade i nervesystemet, til dømes ryggmergsskade og
  • syfilis
  • blodsjukdomar som sigdcellesjukdom, thalassemi, leukemi
  • kreft i penis

Dersom du opplever at ereksjonen ikkje går ned sjølv om du ikkje er opphissa, kan du prøve å tisse, ta eit varmt bad eller ein dusj eller å vere fysisk aktiv, til dømes gjere knebøy, gå trapper, gå eller springe ein tur.

Du må unngå å ha kaldt vatn eller is på penis, det kan gjere problemet verre. Du bør også unngå å ha sex eller onanere, det hjelper ikkje med å få ned ereksjonen. Du bør unngå å røykje og å drikke alkohol.

Dersom dette ikkje hjelper, og ereksjonen varer i over fire timar, må du oppsøkje legevakta eller næraste sjukehus snarast mogleg. Har du lang reiseveg, bør du vurdere å dra tidlegare.

Smerter og ubehag i samband med samleie

Du kan oppleve smerter i samband med samleie (dyspareuni) uavhengig av kjønn, og vulvodyni og vaginisme hos kvinner og transpersonar med vagina.

Slike smerter er eit vanleg problem som kan ha negative konsekvensar for livskvalitet, samliv og seksuelle relasjonar. Sex kan bli til ei ubehageleg oppleving.

Smerter i samband med samleie kan derfor føre til andre seksuelle problem, som nedsett seksuell lyst og ereksjonssvikt.

Smerter i samband med seksuell aktivitet kan vere lokalisert i dei ytre kjønnsorgana (vulva), i skjeden (vagina) eller djupt i bekkenet (muskelspenningar).

Dyspareuni

Dyspareuni er ei nemning på smerter ved samleie, slike smerter kan vere av ulik karakter og ha ulike årsaker. Smerter i samband med samleie kan oppstå rett før, under eller etter at samleie er avslutta.

Dyspareuni kan ofte behandlast som spenningar i muskulaturen i bekkenet.

Smertene kan variere frå milde til uuthaldelege. Dei er ofte skildra som stikkande, sviande, skarpe eller ømme. Kvar det gjer vondt, er avhengig av årsaka til problemet.

Det kan vere ulike grunnar til at samleie gjer vondt:

  • lågt østrogennivå
  • tynne, såre slimhinner i skjeden
  • tørr skjede
  • endometriose, ein tilstand der livmorslimhinna veks utanfor livmora
  • hudsjukdomar som påverkar underlivet
  • biverknader av medisinar
  • allergisk reaksjon på kondom eller sæddrepande middel
  • seksuelt overførbare infeksjonar (kjønnssjukdomar)
  • kjønnslemlesting
  • å ha vore utsett for seksuelle overgrep eller traume

Vulvodyni

Vulvodyni er nemning på ein smertetilstand som er lokalisert ved inngangen til skjeden, og som oppstår ved trykk eller berøring.

Hos nokre kan smertene utløysast ved berøring av undertøy eller vanleg rørsle. For mange er det umogleg å gjennomføre samleie med penetrasjon på grunn av smerter.

Vulvodyni (tidlegare kalla vestibulitt), kan oppstå etter betennelsestilstandar (urinvegsinfeksjon), soppinfeksjonar, eller etter samleie (penetrasjon) utan tilstrekkeleg fuktigheit.

Vulvodyni kan best behandlast gjennom ein kombinasjon av medisinsk behandling (riktig diagnose er viktig), fysioterapi (muskelavspenning), sexologisk rådgjeving, og psykologisk behandling (der prestasjonskrav er ein del av problemet).

Vaginisme

Vaginisme er ein tilstand der dei ytre musklane i skjeden strammar seg slik at skjedeopninga lukkar seg. Det er umogleg eller smertefullt å føre ein finger, dildo eller penis inn i skjeden. Muskelspenningane er ufrivillige.

Vaginisme kan delast inn i to typar:

primær vaginisme – muskelspenningane har alltid vore der, samleie har alltid gjort vondt

sekundær vaginisme – du har hatt samleie utan spenningar, problemet har oppstått i seinare tid

Årsaka til vaginisme er ukjend, men det er grunn til å tru at følgjande kan føre til problemet:

  • smerter i og rundt vagina
  • å ha vore eller vere redd for smerter i samband med samleie
  • å forbinde samleie med noko negativt eller gale
  • å ha vore utsett for seksuelt misbruk
  • komplikasjonar under eller etter fødselen
  • frykt for å bli gravid
  • gjentekne urinvegsinfeksjonar eller soppinfeksjonar
  • problem eller konfliktar i forholdet

Behandlinga vil variere med årsaka til vaginismen.

For nokre er sexologisk rådgjeving til hjelp, til dømes til å bruke vaginale dilatorar. Dette er sylindriske former i ulike storleikar som ein set inn i skjeden med gradvis aukande diameter og lengd for å utvide vagina eller halde den open.

Ein kan også bruke eigne fingrar i staden for dilatorar.

Nokre treng hjelp frå fysioterapeut, der spenningane sit ekstra hardt i. Du kan leser meir om vaginisme og smerter i underlivet på www.vulva.no. Du kan også finne oversikt over autorisert helsepersonell som behandler smerter i vulva.

Smerter i penis, testiklar/pung og prostata

Smerter i penis, testiklar/pung og prostata er eit vanleg seksuelt problem for menn og transpersonar med penis. Smertene kan oppstå

  • ved ereksjon
  • ved seksuell opphissing
  • under samleie eller annan seksuell aktivitet
  • under eller etter sædutløysing

Årsaker til smerter i penis, testiklar/pung og prostata kan vere:

  • arrvev under overflata av penis som får den til å bøye seg eller vri seg ved ereksjon
  • trong forhud
  • seksuelt overførbare infeksjonar (kjønnssjukdomar)
  • betennelse i prostata

Smerter i samband med ereksjon, opphissing og samleie kan føre til andre seksuelle problem, som nedsett seksuell lyst. Snakk med lege dersom du har slike smerter regelmessig.

Søk hjelp ved seksuelle problem

Årsaka til seksuelle problem kan vere samansett. Ofte er det nødvendig å søkje hjelp for å løyse eit seksuelt problem.

Det er fleire grunnar til at det er viktig at du søkjer hjelp. Eitt seksuelt problem kan føre til fleire seksuelle problem. Til dømes kan smerter under samleie føre til redusert seksuell lyst, ereksjonsproblem og orgasmeproblem.

Seksuelle problem kan også vere eit symptom på annan underliggjande sjukdom, som hjarte-karsjukdom eller diabetes.

Snakk med fastlegen din eller anna helsepersonell dersom du har eit seksuelt problem som varer ved.

For å finne ut årsaka til og løysinga på problemet ditt vil du få spørsmål om helsa di, seksuell praksis og forhold til partnar. Dette gjer ein for å kartleggje om årsaka til problemet er kroppsleg, psykologisk eller relasjonelt.

Søkjer du hjelp tidleg, er sjansen for å løyse problema større.

Du kan få hjelp hos

Waldinger M., McIntosh J., Shcweitzer D. A five-nation survey to assess the distribution of the intravaginal ejaculatory latency time among the general male population. J Sex Med [elektronisk artikkel]. 2009 Okt [hentet 2021-04-30];6(10):2888-2895 s. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/19627471/

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Vanlege seksuelle problem. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 30. april 2021 [henta tysdag 23. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sex-og-samliv/vanlige-seksuelle-problemer/

Sist oppdatert fredag 30. april 2021