Halde vekta etter snus- og røykeslutt

Mange utset snus- og røykeslutt fordi dei er redde for å gå opp i vekt. Sjå kva du kan gjere for å hindre at vekta aukar etter at du har slutta.

Kvinne som holder en vekt

Det finst ingen regel som seier at du må gå opp i vekt når du har slutta å røyke eller snuse, men det er ikkje uvanleg å gå opp 4–5 kilo etter at du har slutta. Snusing er det ikkje laga så mange studiar på, men ein har funne vektauke også hos dei som har slutta å snuse.

Dersom du allereie før snus- eller røykeslutt veg meir enn du ønsker, kan det vere lurt å starte endring av mat- og treningsvanar før du sluttar.

Grunnar til at du legg på deg etter snus- og røykeslutt

Nikotin aukar energiomsetninga og påverkar mange ulike hormon i kroppen. Det kan gi kunstig høg kaloriforbrenning og dempe appetitten. Mange opplever auka appetitt når dei sluttar. Det at smakssansen blir betre etter røykeslutt, kan føre til at appetitten aukar.

I dei første månadene etter røyke- og snusslutt går forbrenninga tilbake til normalen og det kan føre til at vekta aukar sjølv om du ikkje et meir. Legemiddel for røykeslutt kan bidra til å dempe vektauken den første tida. Mange opplever vektauke når dei sluttar å ta legemiddel.

Betre smaks- og luktesans etter røykeslutt

Når du sluttar å røyke vaknar også smaksløkane til liv, og du får ei betre oppleving av smak og lukt. Det kan gi større matlyst.

Følg med på det du et og drikk

  • Drikk mykje vatn. Væske reduserer suget etter søtsaker slik at du kjenner deg mett. Væske medverkar også til å regulere blodtrykket, om kjenner at du er svimmel.
  • Kontroller næringsinnhaldet i matvarene som du finn i innhaldsdeklarasjonen og sjå etter Nøkkelholet. Kor mykje feitt og sukker du et, påverkar vekta. Har du god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje energi du brukar gjennom aktivitet, held du vekta stabil.
  • Helsedirektoratet tilrår eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og små mengder tilverka kjøtprodukt, raudt kjøt, salt og sukker
  • Det er lurt å fordele frukost, lunsj, middag og to mellommåltid jamt utover dagen. Regelmessige og små måltid er med på å halde blodsukkeret stabilt, slik at det er enklare å ikkje småete utanom måltida.

Tenk gjennom kvifor og korleis du et

  • Ver merksam på kva type mat du et. Tenk gjennom kva, kor mykje og korleis du et. Mange har ein tendens til å bruke mat på same måte som røyk og snus, for å takle stress, som påskjøning dersom ein keiar seg, eller for å vere sosial. Difor et du sjølv om du ikkje er svolten.
  • Et sakte og nyt maten. Unngå uro ved å legge bort mobilen og skru av TV-en. Då legg du lettare merke til når du er mett.
  • Vanen med å føre handa til munnen kan halde seg sterk også etter røykeslutt. Denne refleksen får deg ofte til å putte noko i munnen, sjølv om du eigentleg ikkje er svolten. Dersom du har trong til å putte noko i munnen, kan du skjere opp frukt og grønsaker som du har tilgjengeleg når du vil ha noko å knaske på.
  • Sukkerfri tyggegummi eller pastillar fungerer også for mange. Dei nøytraliserer spyttet, inneheld ikkje sukker og held munnen frisk.

Ver aktiv

  • Fysisk aktivitet påverkar vekta. Éin god måte å forbrenne feitt på, er å gå i raskt tempo. Ein rask gåtur på 45–60 minutt kvar dag set fart i feittforbrenninga. Du kan for eksempel auke aktiviteten i kvardagen ved å gå trapper, reise deg opp og stå litt, eller gå/sykle i staden for å ta fleire små køyreturar.
  • Dersom du byrjar å trene, aukar du muskelmassen medan feittet minkar. Sidan musklar er tyngre enn feitt, bli vekta kanskje ikkje redusert så mykje som du hadde rekna med. Å måle seg med eit målband rundt magen eller rumpe/lår kan være eit betre alternativ enn å vege seg.

Slutta-app (helsenorge.no)

Få hjelp til å slutte å røyke eller snuse med Slutta-appen.

Hvor avhengig er du av røyk?

Med denne testen kan du få en pekepinn.

Interventions for preventing weight gain after smoking cessation. Cochrane Database of Systematic Reviews, 2012     

Innholdet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert torsdag 4. juli 2019

Fant du det du lette etter?