Astma hos vaksne
Astma er ein vanleg lungesjukdom som gjer det tungt å puste. Dei fleste blir betre av medisinar og med enkle tiltak i kvardagen.
Kva er astma?
Astma er ein vanleg lungesjukdom som gir kronisk betennelse og irritasjon i den delen av luftvegane som heiter bronkiane. Dei blir betente og tette slik at det blir vanskelegare å puste.
Anfalla kan kome brått, eller bronkiane kan bli tette over tid.
Symptom på astma hos vaksne
Vanlege symptom er:
- tung pust
- hoste
- pipelydar i pusten
Andre symptom kan vere slim i luftvegane eller at du er trøytt og sliten.
Du kan ha eitt eller fleire symptom, og symptoma kan endre seg over tid.
Når bør du kontakte lege?
Du bør oppsøke lege dersom du har symptom på astma. Dei fleste med astma har behov for astmamedisin.
Alvorlege astmaanfall er sjeldne, men kan vere livstruande. Opplever du kraftige pustevanskar, bør du ringe legevakt eller 113 for akutt hjelp.
Årsaker til astma hos vaksne
Astma kan vere arveleg. Dei fleste har hatt astma sidan dei var barn, men enkelte får diagnosen seinare i livet.
Vanlege årsaker når du får diagnosen som vaksen:
- røyking
- overvekt, særleg hos kvinner
- kontakt med allergiframkallande stoff og kjemikaliar på arbeidsplassen
- hard fysisk trening i kald luft
Dette kan utløyse eit astmaanfall:
- allergi mot dyr, pollen eller mat
- infeksjonar i luftvegane
- forureina luft
- kulde
- dårleg inneklima
- trening
Undersøking og diagnose
Legen vurderer symptoma dine og om det er nære familiemedlemmar som har astma, allergi eller atopisk eksem. Det finst ikkje éin test som kan slå fast om du har astma, men ein enkel test av lungefunksjonen (spirometri) er viktig for å stille diagnosen.
Behandling av astma hos vaksne
Dei fleste har god effekt av astmamedisin og kan leve eit aktivt liv. Medisinane kan dempe symptom når dei oppstår og førebygge nye anfall.
Det finst to grupper av astmamedisin:
- medisinar som førebygger anfall
- medisinar som lindrar symptoma når du har eit anfall
Det er vanleg å puste inn medisinane med ein inhalator. Det er eit hjelpemiddel som gjer det mogleg å puste inn medisinen direkte i luftvegane og lungene.
Astmamedisinane er reseptbelagde. Legen vil snakke med deg om fordelar og moglege biverknadar med behandlinga. Det er viktig å bruke medisinane riktig dersom dei skal ha effekt.
Blir symptoma dine verre, bør du kontakte legen.
Det er vanleg å gå til faste kontrollar hos legen når du har astma.
Bruker du inhalatoren riktig?
Riktig bruk av inhalatoren er viktig for deg som har astma eller kols. Er du usikker på hvordan du bruker inhalatoren, kan du få hjelp på apoteket.
Korleis leve godt med astma?
Råd som kan hjelpe:
- Ta astmamedisinen din, og bruk han på rett måte.
- Unngå det du er allergisk mot og andre ting du veit kan forverre astmaen din, til dømes pollen, kjæledyr, støvmidd, forureina luft eller parfyme.
- Slutt å røyke. Astmamedisin har dårlegare effekt dersom du røyker. Du risikerer også å utvikle lungesjukdommen kols.
- Fysisk aktivitet forbetrar lungefunksjonen din og gjer det enklare å kontrollere astmaen.
Du kan få god rettleiing av fastlegen din. Enkelte går på kurs om astma i regi av lokalsjukehuset. Du finn òg informasjon hos Astma- og allergiforbundet (naaf.no).
Pust Deg Bedre
«Pust Deg Bedre» er ein app som hjelper lungesjuke. Appen brukes i samarbeid med fysioterapeut.
Astma- og allergiforbundet
23 35 35 35Hverdager kl. 09:00 - 14:30
Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsamheitssjukdommar.
LHL Astma og allergi
22 79 90 00Hverdager kl. 08:30 - 12:00
Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.