Årsaker til magesmerter hos barn og ungdom
Det er vanleg at barn og unge kan ha vondt i magen. Typiske årsaker til magesmerter er forstopping, luft i magen eller irritabel tarm syndrom (IBS). Barn med IBS har ofte hard eller laus mage i tillegg til magesmertene. Desse magesmertene kan vere svært plagsame, men dei er ikkje farlege.
Funksjonelle magesmerter
Dersom magesmertene ikkje kjem av sjukdom, blir magesmertene kalla for funksjonelle. Det kan vere mange årsaker til desse smertene. Tidlegare infeksjon kan ha ei betydning, men symptoma kan for mange bli verre av stress og bekymring. For å finne eit mønster på magesmertene, kan du sjå på barnet sin trivsel, tidlegare opplevingar, erfaringar i livet og korleis dei har det på fritida og heime.
Sjølv om sjukdom ikkje er årsaka til smertene, er det viktig å forstå at smertene er både reelle og svært plagsame.
Førebygging og råd mot magesmerter
Råd mot magesmerter kan vere å
- ete regelmessig og sunt
- drikke nok vatn for å halde avføringa mjuk
- vere fysisk aktiv
- avgrense skjermtid, slik at overdriven bruk ikkje går ut over viktige behov som søvn, fysisk aktivitet, leik og sosialt samspel
Om barnet har vondt i magen på grunn av bekymringar og stress, kan det vere godt å ha nokon å snakke med. Her kan du lese meir om psykisk helsehjelp for barn og unge.
Når bør du oppsøke helsehjelp?
Det er ufarleg å ha sjeldne, kortvarige magesmerter som løyser seg ved enkle tiltak som å avleie merksemda eller bli ferdig med noko ein gruer seg til. Dersom magesmertene varer over lengre tid, og barnet har nokre av desse symptoma bør de oppsøke fastlegen:
- nedsett allmenntilstand
- smerter som har stor påverking på kvardagsfunksjon
- gulsott
- vedvarande oppkast
- vanskar med å svelge
- feber
- kul i magen
- vekttap
- laus, blodtilblanda og slimete avføring
- laus avføring om natta
- smerter om natta, magesmerter langt frå navlen, stadig aukande smerter
- inflammatorisk tarmsjukdom eller cøliaki i familien
Undersøking og behandling av magesmerter hos barn og ungdom
Fastlegen undersøker smertene og eventuelt andre symptom. Legen kan òg spørje om korleis barnet trivst på skulen, i barnehage eller heime, og om arvelege sjukdomar i familien. Av og til kan det vere aktuelt å ta ei avføringsprøve, urinprøve eller blodprøve, men dette avheng av sjukehistoria og funn ved undersøkinga.
Behandling avheng av symptom og eventuell diagnose. I nokre tilfelle kan fastlegen vise vidare til barnelege. For dei aller fleste skuldast ikkje magesmertene sjukdom, også blant dei som blir tilvist vidare.